Gå til innhold
Fiskersiden

Døsen

Medlemmer
  • Innholdsteller

    604
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Døsen

  1. Gloppen kommune har omlag 130 vatn med aure samt fleire lakseførande elvar. Ta kontakt med G-sport på Sandane for informasjon om kvar du får tak i fiskekort. Laks og sjøaure i fjorden. 

    Her  finn du ein database som gjev noko informasjon om ulike vatn.

  2. Vi er for gamle til å bruke masse tid på håplause dommaravgjerder, uflaks og mange skader. Inn med Berardi, ein midtbanespelar og ein høgreback, so er vi klar for gruppespel i september. Nye krefter i det medisinske støtteapparatet er heller ikkje å forakte all den tid vi har sett ny rekord i muskelskader denne sesongen.

    Uansett, både scudetto og coppa å spele for. Masse å gle seg til!

  3. Med atterhald om feil: i Gloppen er sesongen 15.mai til 15.september. Unntaket er Breimssona. Der kan du fiske heile året med unntak av strekket mellom brua på Reed og kommunegrensa i Votedalen,sjekk med G-sport på Sandane eller Gloppen fiskeadministrasjon kva datoar som gjeld for 2015.

  4. Lenge sidan eg fiska noko større i Gloppen, men fritt etter minne: Bra med sjøaure i Gloppefjorden. Gode mogelegheiter på båe sider av fjorden om du fiskar frå land. Ver merksam på utvida fredingssone inst i fjorden utanom elvesesongen; grensa er Gimmestadkyrkja - kaia nedanfor Sandane Trelast og Byggevarer. Av anna fiske frå land er det mogeleg å kome i kontakt med mykje spennande. Til dømes er området kring ferjekaia på Anda ein plass der du kan kome i kontakt med diverse bruskfisk, lange og brosme. Torsk, hyse, sei, diverse flatfisk mm. får du frå land i store delar av fjorden. Har du båt er reinene gode fiskeplassar frå gamalt av.

    Vidare er det høve til ferskvassfiske i ope vatn både i Breim og Jølster heile året samt at isfiske absolutt er verdt eit forsøk på Storfjorden i Hyen.

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.