Gå til innhold
Fiskersiden

Døsen

Medlemmer
  • Innholdsteller

    604
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Døsen

  1. Foreslår at du tek kontakt med Campelen på Bryggen. Dei bind rimelege tackel samstundes som dei har det du treng for å lage sjølv. Dette er ein av få butikkar her i landet som fører sjølvlysande duppedittar frå Lopez. Om du ikkje har allverda erfaring med å knyte sjølv, ville eg spurt pent om dei kan lage ein bunke til deg. Dette er ei løysing som både er rimeleg og tidssparande samt at du vil lære mykje av å ha produkta deira som modellar.

  2. Fiskarlaget er uroa over konsekvensane av taretråling, fritidsfiske samt konsekvensane omsetning av bifangst har for kvotane deira. Kystfiskarlaget har vedteke einstemmig at kysttorsken har det etter forholda bra, at medlemmane må få større kvotar samt at skarvebestanden mfl bør haldast på eit ansvarleg nivå.

    Tru om bestefar min ikkje hadde eit poeng då han hevda at det ikkje vart landligge før det var tomt eller nokon sette foten ned.

  3. Hææææ vant jeg ikke i år. SKUFFA! :)

    Verken du eller eg skal nokonsinne leve av anna tipping enn lukketalet i Joker om vi skal legge resultatet i denne konkurransen til grunn. Å samle på utstyr med von om framtidig fiske ligg derimot for oss :D

  4. Forsøkte å legge ut noen wobblere (knøttesaker og noen laksewobblere) for salg under "Rubrikkannonser". Var litt tungvint, kunne f. eks. ikke forhåndvise annonsen eller editere feil i etterkant. Heller ikke se om rett bilde var til rett tekstbolk. Det står f. eks. "Gratis" under pris, men siden prisen varierer trodde jeg det ble stående blankt i annonsen. Det gjorde det ikke, men gikk heller ikke an å editere. Vet heller ikke hvordan dette fungerer når folk vil ha wobblerne, er et slags spørsmål-svar system, men jeg finner ikke helt ut av hvordan disse tingene fønker. Kanskje noen må skrive noe som svar i annonsen før jeg kan sende bekreftende svar?

    Vi får se om og hvordan dette fugerer, skal ikke avskrive det hele som unødvendig tungvint før det er testet ut..!

    Løysinga er vel å by via "spørsmål til selger".

  5. Då var det vesentlege gjort med tanke på topp og botn. I skrivande stund skil det 3 poeng mellom 4. og 10.plass, noko som kjem til å gje store utslag for denne tevlinga. Om eg vert lei av å rette norskstilar, skal eg rekne over poenga i løpet av veka.

  6. Eg brukar duppstoppar mellom stonga og duppen i staden for svivel, prinsippet vert nett det same. Let det vere ein halvmeter mellom stopparen og svivelen som fortommen er festa i. Vidare er hovudsena 0.12 fireline medan fortommen er fluorkarbon mellom 0.17 og 0.30 avhengig av kvar eg fiskar. Lengda på fortommen varierer mellom to og seks meter avhengig av stonglengde, forhold og fluge.

    Duraflex har eg aldri nytta.

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.