Gå til innhold
Fiskersiden

Myklebust

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1 023
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Myklebust

  1. Endeleg var kvikksølvet på rett side av termometeret att. Sola var i ekstase og skein som ei sol frå himmelen. Eg bestemte meg for å ta meg ein fjelltur. Det sto i hovudsak mellom to vatn, ******vatnet og ****vatnet. Etter litt om og men, så bestemte eg meg for å velje ****vatnet.

    Bilturen varte i knappe 40 minutt. 25 minutt på asfalt og 15 minutt på ein slags elendig sti. Far orka ikkje å køyre heimatt, så han bestemte seg for å verte med på turen. Han utstyrte seg sjølv med ein pakke røyk, ei avis, to av sjokoladane mine og ein termos med pisslunka kaffi. Me tok til arbeide oss mot destinasjonen.

    Etter å ha klatra opp to stupbratte nedoverbakkar, delvis symd over ei elv, og runda ein saueflokk, var eg endeleg framme ved vatnet. Det kjenntest å endeleg vere ved vatnet igjen, etter ein lang og hard vinter. Vassdraget låg heilt blikkstille, ikkje eit einaste vassmolekyl var i rørsle. Sola kika fram bak tindane og dei ville fjella gjorde opplevelsen perfekt. Med andre ord så låg alt til rette for at dette skulle bli ein perfekt fisketur. Men det var diverre ein liten bagatell som gnog meg litt. Nesten heile forbanna vatnet var isdekt! Eg saumfarte heile vatnet for å leite etter ein stad det var mogleg å fiske. På femte forsøk fann eg noko som kunne likne på ei lita, opa råk. Eg bestemte meg for å freiste lukka der. Hadde trossalt ikkje valfarta hit til desse trakter for å snu.

    Ei stong og ei snelle vart para til eit slags sett. Ein oransje Panther Martin vart hengd i fortommen. Bruket vart kasta ut, men det gjekk ikkje langt. Det kom ein stygg lyd og eg kunne konstantere at eg hadde fått ein gedigen floke. Spinnaren nådde aldri vatnet, men blei liggande i ein senehaug på land.

    Ei ny stong og ei ny snelle vart samansett. Eg endevendte slukskrinet og fann til slutt ut at eg skulle prøve ein Jensen sild Pervo 18g. Òg populært kalla «torskesluk» på ulike fiskefora. Eg innstallerte meg trygt ved vatnet att og kasta ut. Deretter sveiva eg inn. Denne prosedyra vart repetert i rundt 45 minutt, då hendte det noko som hindra innsveivinga. Ein fisk hadde bite på. Den tok hardt og kraftig, Den ruste ut, eg skjøna at dette var fisk av skikkelg storleik. Idyllen vart broten då eit par bannskapsord vart slingra mellom dei sunnmørske tindane, fisken hadde sleppt taket.

    Eg heldt fram med blyprylinga, vel vetande om at eg nyleg hadde mista noko som kunne blitt årsbeste. Ein svak vind byrja å byggje seg opp. Det gjekk ikkje lenge før det endeleg var ei god «græle» på vassoverflata. Nok ein gong var det resistans i den andre enden. Fisken tok svakt og forsiktig. Eg formoda at dette var ei pittelita aure. Etterkvart byrja den å kjempe litt, men motstanden var ikkje noko å skryte av. Skapningen vart snøgt vinsja på land. Med sine 37cm og 390g var den mykje større enn eg først trudde. Den var skrekkeleg tynn, men det er ikkje så rart med tanke på at store delar av vatnet framleis var isdekt.

    Ei snøfonn vart leita opp og fisken vart gravd ned. Eg fiska i omlag ein time til, utan resultat. Me navigerte oss attende til ei koreansk innretning, som visstnok skal vere ein bil. Det var alt i alt ein flott tur. Fiska i rett over to timar. Reknar med at dette vatnet vil kunne levere flott fisk så snart den «ofjelge» isen svinnar hen og vasstemperaturen stig. Dette er den første turen med grei fisk sidan sjette mai.

    bileta var diverre ikkje heilt på topp

    IMG_5420.jpg

    IMG_5407.jpg

    IMG_5451.jpg

    IMG_5457.jpg

    IMG_5360.jpg

    IMG_5358.jpg

    IMG_5377.jpg

    IMG_5442.jpg

  2. Du kan belage deg på lang leveringstid frå Whitebox. Måtte vente i heile to månadar då eg bestilte CL66. Servicen var heller ikkje på topp. Lang besvaringstid på mailane eg sendte. Venta faktisk i heile to veker på å svar på ein mail eg sendte. Eg er likevel nøgd med kjøpet. Fekk med grommare skjerm og større harddisk for eit lite mellomlegg.

    Gode prisar, men dårleg leveringstid.

  3. 20.04

    Etter fleire mindre lukka turar etter sjøaure bestemte eg meg for å gi meg på det. Andre år har årets første ferskvassaure teke anten 20. eller 21. april, så eg bestemte meg for å freiste lukka.

    Etter å ha slite meg gjennom 400 meter med ein halv meter med roten snøv, arriverte eg endeleg åstaden. Ei merkeleg og god kjensle reiste gjennom kroppen, endeleg. Det var nesten uverkeleg at ein ny sesong i ferskvatn hadde byrja. Eg tenkte attende på lange netter utan søvn grunna fiskeabstinensar. No var det endeleg råd å få medisin igjen.

    Medan eg stod og pakka ut stonga såg eg eit vaka, dette lova bra. Eg las forholda og kom fram til at ein spinnar med sterke fargar ville vefre tingen i dag, ikkje noko skeisluk eller noko anna ball. Ein oransje Vibrax på 8g vart hekta på svivelen. Bruket braut vassoverflata, årets første kast i ferskvatn var teke, og fleire skulle det bli. Etter ein time tok eg til å skjenne, det var ***** meg ikkje noko å kjenne. Etter litt tenking og speiding promenerte eg vidare til ein stad som leverte godt i fjor.

    Med eitt merka eg resistans i andre enden. Hjartet hoppa over sju slag før eg kunne konstatere at «snøret var i bånn». Mykje vegetasjon blei taua på land og etterkvart byrja eg å verte litt småirritert. Irritasjonen blei derimot gløymd då det var liv i andre enden. Fisken verka liten og slapp, men kva gjorde vel det så lenge det var årets første napp? Eg tok til å sveive inn. Det gjekk ikkje lenge før det verkeleg blei liv og rørsle ute i vatnet. Fisken rykte til og ruste, den verka stor. Den kjempa og ruste, men etterkvart makta eg å vippe fisken opp i snøen på land. JAAA!!! Årets første fisk var på land og den var stor. Eg prøvde å ringe P, men han kunne sjølvsagt ikkje svare på anropet.

    Spinnaren var fire meter frå land då det hogg til att. Sjølvsagt stod eg i andre tankar, så eg var ikkje førebudd på noko fisk så nær land. Aura kom seg av igjen.

    Eg flytta på meg igjen. Det gjekk ikkje mange kasta før det tok å regne så smått. Eg knipsa 194 bilete, tok ein telefonsamtale og etterkvart slentra eg attende åt staden eg byrja. Slukskrinet blei gjennomsøkt grundig tre gongar før eg bestemte meg for kva eg skulle prøve. Ein Vibrax Rainbowtrout vart festa i enden av fortommen. Det gjekk langt og lenge, og lenger enn langt utan å verken sjå vak eller kjenne fisk, så eg byrja å leike med tanken på å kaste inn handkledet for kvelden. Men eg måtte sjølvsagt ha eit par kast til. Eg lot spinnaren nå botnen før eg tok til å taue den inn i stor snøggleik. Om lag 20 meter frå land ville den ikkje meir, det vart mykje tyngre å sveive inn. Det var fast fisk og denne måtte vere stor. Den slo seg vrang og tok til å gå fram og tilbake. Den var i særs framifrå form i forhold til årstida.

    Stresshormonpumpa gjekk for full kapasitet i nokre minutt før fisken låg trygt på land. Fisken vart kakka, hjartet og epinefrintilførselen kom i vater , og eg gjekk vidare.

    Eg luska rundt i skogen ei lita stund til, men det blei ikkje noko på meg. Sakene blei pakka, eg kava meg gjennom snøen og kom meg attende åt gamle grender for å finne ut storleiken på fisken. Den første var 42cm/630g, den største var 47cm/930g. Ny sesong, nye moglegheiter, ny pers! No byrjar rushet og det er ingen veg tilbake.

    Var vanskelege forhold for fotografering.

    Bilde%20153_medium.jpg

    Bilde%20047_medium.jpg

    Bilde%20148_medium.jpg

    Bilde%20033_medium.jpg

    21.04

    P huga etter å få sjå dagslys igjen. Han var temmeleg grøn i trynet då han såg fisken eg fekk i går, så då skulle han få større fisk i dag, det var ikkje tvil i det. Me pakka kofferten og tok beina fatt.

    Etter ei strevsam ferd i roten snøv var me endeleg trygt plassert ved vatnet. Sola skein frå himmelen og skyene glimra med sitt fråvær. Eg nytta stunda til å studere himmelen og sola nokre millisekund. Det er ikkje kvart år me har sol i Ørsta, skjønar dykk.

    Utstyret vart pusla ihop, startskotet gjekk og eg byrja å fiske. Gårsdagens suksess, ein Vibrax Rainbow Trout 8g, blei kasta i elden i dag òg.

    Eg observerte ei bra ei som hoppa eit lite stykke utanfor kastelengd. Etter ei lita stund hadde endeleg fått balla saman utstyret og kom subbande. Han måtte sjølvsagt okkupere standplassen min, men eg tok ikkje sjansen på å protestere. Det ville blikket i auga hans sa at eg helst burde gå ein annan stad. Han var avhengig av fred og ro for å fisk. Jaja, tenkte eg, han kan vel berre få stå her han, medan eg går til ein enno betre fiskeplass. Eg la beina på nakken og kjempa meg gjennom snøen.

    Etter å ha fekta litt med ei busk var eg endeleg framme ved godplassen. Det var diverre ikkje noko å sjå, men trua var dog i godt behald. Eg stod og renska botnen i 60 minutt før eg bestemte meg for å forsøke å trekke tilbake åt P. Då eg stod om lag 50 meter, ropte han at han hadde stått og kasta på eit beist som ikkje ville ta. Eg krøka meg saman og tok til å kaste mot staden P hadde sett fin fisk.

    Det gjekk ikkje mange kasta før det vr fast fisk. Denne verka større enn dei som blei fanga førre tur. Fisken var mildt sagt krakilsk. Det var ikkje måte på kor den skulle stange og slåst. Denne vil ikkje gi seg utan kamp. Denne måtte vere over kiloet, det var ikkje tvil i det. Den ruste ut, herja og spann rundt som ein proppel i vassoverflata. Etterkvart fekk eg endeleg galningen under kontroll, trudde eg. Den måtte sjølvsagt ha seg eit siste forsøk på å få friheita attende, men neida, den kunne ikkje måle krefter med meg. Aura blei taua på land.

    P blei ståande med skjegget i postkassa då han skjøna at fisken var trygt på land, iallfall når han såg storleiken på den. Angeren var ikkje vanskeleg å skimte i andletet hans. Eg stod der med tre storaurer på to turar, medan han stod der utan eit einaste napp på ein tur. Han tok til å intensivere jakta på, men han nekta å rikke seg av flekken. Han skifta sluk ofte. Det var nesten så gale at sluken ikkje eingong rakk å bli våt før den blei bytta, til inga nytte. Eg derimot, eg tøfla fram og tilbake i vasskanten på måfå i eit par timar til. Me såg berre nokre få vak på eit par timar, så me bestemte oss for å legge turen mot sivilisasjonen igjen.

    Fisken viste seg å vere «berre» 840g og 44cm. 3-0 til meg hittil i år. P var heilt stille på veg heim, så eg reknar med at han la ein slagplan for neste tur. Alt i alt ein framifrå tur og ein skikkeleg god sesongstart. Bomtur for P sin del. Måtte det berre halde fram slik.

    Det var umåteleg vanskeleg å få til bra bilete i det sterke sollyset. Mykje vandare enn i går. Eg for min del synast at dette var ein mykje penare fisk enn dei eg drog opp i går.

    4584_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/1924/4584.jpg

    4585_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/1924/4585.jpg

    4586_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/1924/4586.jpg

    4587_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/1924/4587.jpg

    4588_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/1925/4588.jpg

    4589_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/1926/4589.jpg

    Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

    22.04

    Tok meg ein tur i dag òg. Satsa hardt og tok med meg berre ei flugeboks og eit par stenger. Det var sterk vind då eg kom fram til vatnet. Byrja å fiske med fluge, men då eg fann att slukboksene mine frå i går konverterte eg til sluk. Fekk ei på 820g/45cm på Aura kopar 12g. Fiska i

    ca ein time. Var særs sterk vind.

    Møtte forresten på ein særs nyfiken rev. Den svinna diverre hen då eg leita opp kameraet.

    4614_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/1948/4614.jpg

    Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

  4. Vel, å spørje meg om sø blir det same som å prøve å låne pengar med ein sunnmøring...

    Har ikkje vore ute i området på lenge no, så eg er ikkje heilt oppdatert på kva som hender i sjøen for tida. Dei siste turane eg har vore har eg iallfall ikkje sett noko slag. Dette har vore Ose i Ørsta.

    Høyrde forresten rykte om ein som hadde tatt laks på 11kg på nevnte stad no for nokre dagar sidan. Blei visstnok tatt på femmarstong og rekeimitasjon.

    Forresten, aej, det er stor skilnad på Ålesund og Ørsta.

    Kom med rapport om du får noko, Audun.

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.