Gå til innhold
Fiskersiden

Myklebust

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1 023
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Myklebust

  1. Tok ein tur etter sjøaura. 5-6 grader og passeleg med vind. Var mykje fisk som hoppa, og etterkvart var det fast fisk. Merka at den var av grei storleik. Tett før land hadde den eit utras på 20m. Det viste seg å vere ein lyr på 1,4kg... Fisken tok på Herring Jig nr 4 18g. Jaja, då var iallfall årets første teken.[8D]

    Hadde eit par smånapp, men ikkje noko meir enn det. Flotte sjøaurer hoppa 10m i frå meg, men dei ville ikkje bite. PIB fekk ikkje noko, men hadde nokre napp. Det var forresten artig å køyre fisk igjen. Tek sjøaurene ein anna dag. Der var tre andre karar og fiska med agn, trur eg. Såg ikkje ut som dei fekk noko.

    EDIT: La til lyr i overskriften, overskriften skal helst være litt mer dekkende enn 1.4 kg [ :) ]

  2. sitat:Opprinnelig postet av RexHunt

    sitat:Opprinnelig postet av Myklebust

    Skal ikkje ha Guideline-line.

    Hvorfor ikke?

    Er de dårlige?

    Har hatt Guideline Tricast. Coatingen verka som sandpapir etter eit halvt år og minnet var drepande.

  3. Kva line bør eg velje til Slate Light Weight #4? Skal sjølvsagt brukast til aure i ferskvatn.

    Kva line bør eg velje til Guideline LPXe #5? Skal også brukast til aure i ferskvatn, men til litt lengre kast og litt meir vind.

    Skal ikkje ha Guideline-line.

  4. Fekk blod på tann og måtte ha meg ein fisketur. Eg fekk lyst til å prøve ein stad eg ikkje hadde fiska før. Etter å ha gløtta litt på eit kart bestemte eg meg for å prøve berga på Lid i Voldafjorden.

    Då eg kom fram var det vindstille, men etter å ha pakka ut flugestanga kom det svak vind. Eg fiska i ca 1,5 t utan verken sjå eller kjenne fisk.

    Fekk i det minste tatt nokre fine bilete.

    1433_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/699/1433.jpg

    1434_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/699/1434.jpg

    Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.