Search the Community

Showing results for tags 'jigging'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • FANGSTRAPPORTER OG DISKUSJONER
    • Artikler & eksterne nyheter
    • Oslo-området
    • Østlandet
    • Sørlandet
    • Vestlandet
    • Midt-Norge
    • Nord-Norge
    • Utlandet
    • Miljø, forvaltning og forskning
  • Konkurranser
    • Rapportkonkurranse 2016
    • Gjennomførte konkurranser
  • FISKETEKNIKKER
    • Ørretfiske
    • Sjøørretfiske / Havabborfiske
    • Laksefiske
    • Fluefiske
    • Kasteslukfiske
    • Havfiske
    • Predatorfiske - Gjedde abbor gjørs
    • Meitefiske
    • Trolling
    • Isfiske
    • Kystmeite
    • Microfiske
  • ANNET UTSTYR
    • Fiskeutstyr
    • Bekledning
    • Tilleggsutstyr
  • ANNONSØRFORUM
    • Annonsørforum
  • Velkommen
    • Informasjon fra Fiskersiden.no
  • DIVERSE
    • Forbrukerforum
    • Bok/Tv/Video/Blader/Foredrag/Kurs
    • Forskjellig
    • Gode tips
    • "Verkstedet"
    • Artsidentifisering / Artsdiskusjon
    • Open forum for non Norwegian speakers
  • INTERNE SAKER
    • Om fiskersiden.no og forumet
    • Fiskersidentreff og lokale treff
    • Testforum

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Joined

  • Start

    End


Group


AIM


MSN


Website URL


ICQ


Yahoo


Jabber


Skype


Bosted


Interesser

Found 4 results

  1. Onsdag 2. januar og torsdag Turen starta frå Flesland kl 12. Etter ein kort flytur landa eg i Helsinki. Her var det kald vind og snøfokk så eg var glad at jakka og lua var med. Eg traff to norske damer som skulle stå på ski i Japan, det hørtes artig ut. Tilfeldigvis vart eg også sittende ved sida av ein sushikokk frå Portugal som har budd mange år i Norge. Han var ein veldig hyggelig fyr som eg prata masse med. Vel framme i Tokyo var det å vente på neste fly som gjekk videre til Ny Caledonia. Etter 20 timer flytid fordelt på tre fly og nokon timer venting på flyplasser kom eg endelig fram til Noumea kl 22.45 lokal tid. Eg vart henta på flyplassen og ankom Hilton hotell i Noumea rundt midnatt. Nå var det herlig å endelig kunne sove i ei seng igjen. Fredag Olivier er ein herlig fyr som driver Powercat Charter som me skulle fiske med. Han henta meg i halv ni tida om morgonen og me tok ein tur til båten hans, Quo Vadis, med bagasjen min. Her fekk eg og treffe Remi, medhjelperen hans ombord. Super fyr han også. Oss tre reiste til eit lokalt supermarked og fyllte et par handlevogner med mat til turen. Nå forsto eg at me ikkje kom til å lide noko nød når det gjaldt mat. Deretter reiste eg og Olivier til ein vietnamesisk restaurant der broren hans var kokk for å ete lunch. Maten var fantastisk! Med magen fylt opp bar det tilbake til flyplassen for å hente dei andre som landa kl 15.00. På denne turen skulle eg fiske med Seth, Dan og Clay. Seth og Dan hadde eg fiska med før, men Clay hadde eg ikkje møtt. Clay er ein artig fyr og me hadde det masse moro på denne turen. Etter nokon timer avslapning på hotellet var heile gjengen veldig klare for ein bedre biffmiddag om kvelden. Her fekk me utdelt varme steinheller som me kunne steike den rå biffen på etter eget ønske. Tilsvarende har eg og hatt når eg var i Tyskland og kjørte på Nürburgring. Lørdag Neste dag henta Olivier oss i halv ti tida. Etter ein kjapp handling dorga me i sakte fart til der me skulle overnatte. Me var framme i fem tida om ettermiddagen, men det blei dessverre ingen ingen fisk på oss. Søndag Første fiskedag starta å fiske i halv sju tida om morgonen. Planen for denne turen var egentlig å fiske i nord, men pga masse vind starta me å fiske på vestsida og jobba oss gradvis nordover. Denne dagen og dei fleste andre dager me fiska var det relativt kraftig vind og bølgehøgden auka på utover dagen. Eg tok to små GT’er denne dagen på 6 og 10kg, begge på Amegari Dzanga popper. Clay slo til med to GT’er på to kast, 10 og 25kg. Ein stor spannish mackerel kutta fortommen til Dan, men han var så heldig at stickbaiten løsna og me såg den flyte i overflaten. I tillegg til desse artene tok me barracuda og coral trout denne dagen. I fem tida var me tilbake igjen i ei ny vik der me slapp ankeret. Mandag Denne dagen tok eg ein red bass og ein steelmouth/yellowtail snapper. Eg mista og ein fin GT i tilslaget pga ein dårlig knute. Dan slo til med ein 20 kilos GT og ein stor coral trout. Ellers blei det tatt barracuda og blue trevally. I likhet med dagen før blei det gradvis verre vind, og etter kl 12 blåste det veldig masse. Me ga oss derfor litt før. Tirsdag Om morgenen tok me ein jiggingøkt på eit par timer. Jiggingen på turen vår foregikk på 30-70m djup og me brukte 150-250g jigger. Eg tok tre coronation trout på rappen. Dette er ein av dei fineste fiskene eg veit om med skarp raud- og gulfarge. Jiggingen resulterte og i jobfish, amberjack, coral trout og ein snapper for oss. Resten av dagen var satt av til popping. Eg tok ein GT og ein jobfish, begge på ein lilla 180g Orion Bigfoot. Denne stickbaiten har levert fleire GT’er før og fungerer meget bra. Det er første gang eg har tatt jobfish på overflaten, men i Ny Caledonia er visst ikkje det uvanlig. Den hoppa i tillegg klar av vatnet idet den var kroka, eit spektakulært syn. Eg mista og ein fin gt sekunder etter at den tok. Men sånn er fiske. Ellers vart det denne dagen tatt tatt GT’er opp til 15kg, coral trout, barracuda og ein bluefin trevally. Onsdag På første kastet mitt var det fast fisk, men den gjekk av etter kort tid. Eg tok ein 13 kilos GT (Amegari Dzanga), to red bass og ein 10kg barracuda (alle tre på Amegari Urpekari). Rett før den eine red bassen tok vikla snøret seg inn i ein fugl. Snøret løsna og fisken tok stickbaiten som låg i ro. Ein ganske uvanlig måte å fange fisk på… Etter lunch var det tid for dobbeltfight, Dan tok ein fantastisk 125cm lang GT som blei estimert til 43kg, mens Seth tok ein på 15kg. Dette var startskuddet for et par timer med masse aktivitet, men og kraftig vind. Det blei tatt bluefin trevally, barracuda, GT og coral trout. Pga den heftige vinden ga me oss i tre tida. Torsdag Me fortsatte litt lenger nord om morgenen før me snudde og fiska oss sørover. Om morgonen tok eg to fisk på rappen; ein liten gt og ein barracuda. Nokon timer seinare falt ein svart gt for fristelsen og beit på det den trudde var eit enkelt bytte. Denne tok langt ute og ga ein frisk fight. Då den kom rett bak båten fulgte ein diger hai etter den, men me klarte heldigvis å berge den. Alle desse blei tatt på Amegari Urpekari. Eg tok og ein barracuda på ein Jackfin 165S synkende stickbait etter lunch. Ellers var det ein gong trippelhugg, men kun to GT’er kom heilt inn. Ein gigantisk GT fulgte etter dei kroka fiskene, den såg større ut enn Dan sin frå gårsdagen. Iløpet av dagen kjørte me sørover i fleire etapper. På ein av transportetappene sveiva eg inn ein 15kg wahoo tatt på 50 punds dorgeutstyr. Dette er kraftig utstyr, men fisken hadde et par utras, bl.a dro den avgårde når Remi holdt fortommen og skulle lande den. Dette ga litt ekstra action for både meg og han, men me fekk den inn og den endte som middag dei neste dagene. Ellers tatt fleire Gt’er, coral trout og red bass. Fredag Dagen starta med to timer jigging. Dan fekk kjapt ein coronation trout og ein stor coral trout. Seth fekk på ein stor fisk, men snøret røyk dessverre etter 10 min. Eg tok ein 15kg grouper på jigg. Dan fekk på ein stor fisk som både han og Clay kjempa med i over 30 min. Me hadde mange teorier om kva det kunne være og alt frå GT til dogtooth tuna, yellowfin tuna og hai kom opp som forslag. Remi tok på dykkermaska og det viste seg dessverre at det var det sistnevnte. Ein whitetip shark på minst 80kg hadde tatt jiggen… Me bestemte oss derfor for å kutte snøret. Popping stod på programmet resten av dagen. Eg hadde et par napp før ein fisk satt skikkelig og ein fin 17kg GT måtte gi tapt. Sjølv om det ikkje er ein diger fisk var det ein ny pers for meg, den gamle var på 15kg frå Andaman. Denne blei tatt på Amegari Urpekari. Deretter fulgte ein periode med lite aktivitet. Eg ville prøve noko nytt og satte på ein Fisherman Paro Paro. Denne hopper og danser på overflaten og det skulle vise seg at dette trigga fisken denne dagen. Ein stor grouper tok rett ved båten, og kjempa hardt i starten. Den vart estimert til 28kg nok ein ny pers. Den gamle var på 20kg frå Madagaskar ifjor. Deretter fulgte nokon nye kast med samme popperen. Clay fiska meg med i front på dette tidspunktet. Han hadde ein fisk som fulgte popperen hans så eg kasta 15m bak den. 5-6 små GT’er starta å kjempe om popperen min. Men dei skygga banen når ein større GT kom og brutalt tok popperen. Eg satte tilslag og den dro meg nesten ut av båten. Deretter satte fisken fart rett bakover så eg måtte halvspringe bak langs båtsida mens eg etter beste evne prøvde å balansere og fighte villstyringen av ein fisk samtidig. Heldigvis gjekk det bra og det var ein bra fight. Dette vart tredje persen i dag, 20kg GT. Tre kilo opp frå den eg tok tidlegare på dagen. Resten av dagen hadde eg nokon napp og etterfølgere, men det vart ingen fleire fisk på meg. Likevel må eg seie meg kjempefornøyd med dagsresultatet for det einaste som vart tatt ellers var ein liten GT, ein coral trout og ein red bass. På slutten av dagen dorga me oss sørover og Clay tok ein barracuda på standup-utstyr. Lørdag Dette var siste fiskedag og me poppa frå sju til halv tolv. I åtte tida fekk Seth på ein diger fisk. Sammen med Dan og Remi kjempa Seth med den i over ein halv time før ein 127cm lang GT estimert til 49kg havna på dekk. Denne vart tatt på ein Heru Cubera 180g popper. Ellers var det lite som skjedde denne dagen, Dan tok ein barracuda og Clay ein spanish mackerel. Etter ein heimtur prega av røfft vær med masse vind og bølger var det godt å være tilbake i havna i Noumea i halv fem tida om ettermiddagen. Me vaska utstyret og pakka alt sammen. Heile gjengen samt eine broren til Olivier åt middag på den vietnamesiske restauranten om kvelden. Søndag Dei tre amerikanerane fløy frå Noumea kl åtte om morgonen. Eg skulle ikkje fly før rett over midnatt så eg hadde dagen til å slappe av. Eg gjekk gjennom bilder, filmer og skreiv turrapporten før eg og Olivier tok ein middag på restaurant. Han kjørte meg så til flyplassen. Mandag Etter tre fly og mellomlandinger i Tokyo og Helsinki landa eg i Bergen mandag ettermiddag. Ein kort kjøretur seinare var eg heime igjen og turen var over. Generellt om turen Totalt på turen vart det tatt 35 GT’er, og 15-16 ulike arter. Pga vind kunne me ikkje fiske i nord som er det beste området, men likevel var det bra fiske på vestsida. Olivier er ein meget dyktig skipper og Remi var super som medhjelper og veldig proff til å håndtere fisk. I tillegg er begge eminente til å lage mat så måltidene om bord var virkelig et høydepunkt. Alt var gjennomført bra og eg kan virkelig anbefale å fiske med Powercat Charter. Når det gjaldt fisket fekk me fisk på ulike ting, men stickbaits fungerte meget bra og vart brukt mest.
  2. Eg fløy frå Bergen i halv tolv tida lørdag 20 januar og etter ein mellomlanding i Amsterdam var eg framme i Paris om ettermiddagen. På forhånd hadde eg booka rom på eit hotell inne på flyplassområdet og det var herlig å få ei god hatts søvn. Neste dag møtte eg gjengen som skal være med på turen; Seth og Dan frå USA, Paul og Greg frå øya Guernsey i Storbritannia samt Igor frå Ukraina. For to år siden fiska eg med Seth, Igor og Paul ved Andaman øyene. Det var hyggelig at dei ville bli med meg på ny fisketur og at dei ville ta med Dan og Greg. Heile gjengen på seks gjekk om bord i flyet og me hadde ein 11 timers flytur til Madagaskars hovedstad Antananarivo. Med eit par filmer, litt mat og søvn gjekk flyturen fint. Vel framme i tolv tida om kvelden fekk me ordna visum før seks timers venting på siste fly fulgte. Praten gjekk løst og på tross av at me var trøtte og sultne gjekk natta fint. Når eg satte meg på innenriksflyet til Antsiranana merka eg imidlertid at trøttheten seig bra på. På turer til utlandet er det alltid et spenningsmoment om alle får bagasjen sin, spesielt på ein fisketur der man veldig gjerne vil fiske med utstyret man liker aller best. Heldigvis kom alle stangtuber og kofferter fram og me kunne trekke et lettelsens sukk. Madagaskar har vært ein fransk koloni og det ser man blant annet på bilparken. Tre taxier av god gammel Citroen-årgang venta på oss på flyplassen og det føltes som ein reise tilbake i tid å sitte på med desse klassikerene. I tillegg til mange Citroen og Peugeot var det mengder av tuk-tuk taxier, japanske SUV’er og ei og anna høne som blanda seg i trafikkbildet. Vel framme på hotell Victoria var me glade for å sjå at dette var eit hotell med god standard og ikkje minst at kvart rom hadde velfungerende aircondition. Me traff og Phillippe Marrone som driver Emeraude Fishing som me skal fiske med. Han er ein veldig hyggelig og kunnskapsrik person. Me begynte virkelig å kjenne at det var lenge siden me hadde ete og med heile gjengen i halvsvime fekk me først veksla til oss litt lokal valuta (nokon blei nesten «millionærer» etter vekslingen) før me kom oss til ein lokal restaurant for å få ein bedre treretters middag. Resten av dagen etter dette gikk til å få seg litt søvn, rigge fiskeutstyr og slappe av. Eg slo og av ein prat med gjestene som hadde vært uka før oss. Dei hadde ikkje vært heilt heldige med forholdene, men hadde likevel tatt to heftige toppfisker; 52kg GT på stickbait og 55kg GT på jigg. Madagaskar har virkelig potensiale til stor GT. Etter ei etterlengta natt med mange timers søvn møtte ein gira gjeng opp på Phillippes kontor og fekk ein orientering pluss me fekk sendt med alt som skulle med katamaranen. Her traff me og dei to hyggelige kapteinene Nicolas og Bertrand. Byen Diego Suarez ligger heilt nord på Madagaskar og planen for turen var å fiske seg sørover på østsida av øya for så å fiske oss tilbake igjen. Ellers gjekk dagen til lunch og middag ute og generell avslapning. For å være mest mulig opplagt til neste dags fiske la me oss tidlig. Første fiskedagen vart me henta ved hotellet og kjørt ned til havna i seks tida om morgonen. Til nå på denne reisa har veistandarden vært heilt ok, men det endra seg etterkvart som me kom nærmere havna. Då skjønte er kvifor det var pickuper som henta oss og ikkje dei vanlige franske veteranbiltaxiene. Her var det ein blanding av gjørme, store steiner og vanndammer med størrelse av eit anstendig svømmebasseng. På vegen fekk me og sjå mange kyr som sto langs veien, beitende på sine siste grasstrå og uvitende om skjebnen som venta dei nokon meter lenger borte. Der var det full slakting og for å seie det sånn så trur eg ikkje det er vits at Nortura reiser til Madagaskar for å se etter forbedringspotensiale for norske slakteri… Me fordelte oss i to båter med tre fiskere i hver. Eg, Seth og Dan i båten til Nicolas og Paul, Greg og Igor i båten til Bertrand. I tillegg til skipperen hadde kvar båt to medhjelpere. Etter ein halv times kjøring ut frå havna kunne endelig fisket starte. Først ut var popping siden det var mest strøm i vannet om morgonen. Deretter hadde me ein god økt med jigging før me avslutta med popping igjen. Dagens største fisk blei Seth med ein 25 kilos GT på jigg. Det blei tatt jobfish, red bass og mange andre spennende arter. Eg var ikkje i form denne dagen og kasta opp, hadde hodepine og sannsynligvis et snev av feber. Men det stopper ikkje meg, er man på Madagaskar så skal det fiskes! Ein fin GT beit på min popper, men glapp av like etterpå. GT er steinharde i kjeften og for å få kroken til å sitte må mange harde tilslag settes. I starten er det alltid ein omstillingsperiode før hjernen har forstått at man må gå bananas med tilslag så det er ikkje uvanlig å rote det til på ein fisk eller to. Som eit plaster på såret fekk eg ein grouper størrelse ekstra ekstra liten. Men stor i kjeften og grådig var den i alle fall. Den andre båten hadde og tatt bra med fisk, men ingen virkelig store. Me ankom katamaranen kl 18 og etter ein dusj fekk me halvannen time seinere servert ein treretters middag før me tok tidlig kveld i nitida. Dagene starta alltid med at dei starta motoren kl 05 og at me fekk i oss litt frukost. Deretter fulgte 12 timer fiske frå kl. 06 til 18. Andre fiskedagen tok Seth nokon fine GT’er og ein grouper på popper. Dan fekk fleire ulike arter, den eine fisken meir fargerik enn den andre. Dan mista også ein stor barracuda som beit av assistlina på jiggen. Eg fulgte i samme spor som dagen før og tok ein bitteliten grouper pluss ein ok på 5-6kg, begge på jigg. Eg hadde også ein stor GT 30kg++ som dessverre bomma på Amegari stickbaiten min få meter frå båten. Andre båten tok mange spennende arter som barracuda, grouper og jobfish. På tilbaketuren fekk me og ei skikkelig regnbyge, men med godt over 25 grader går det heilt fint med ein liten avkjøling. Tredje fiskedag starta med ein halv time popping om morgonen. Deretter speedjigging og ein time popping på slutten. Mot slutten av dagen fekk me kraftig regn og godt med bølger. Totalt tok me 22 fisk i vår båt. Eg fekk to bluefin trevally, ein mini barracuda, red bass og coral trout denne dagen. Seth og Dan tok og mange fisker av ulike arter og farger. På andre båten hadde Greg ein god dag med ein dogtooth tuna og ein 15 kg napoleonsfisk. Paul hadde på noko som sannsynligvis var ein virkelig stor dogtooth tuna. Desverre trakk fisken det lengste strået og vant. Som så mange andre dager starta me fjerde fiskedag med ei popperøkt. Seth og Dan kjørte på eit tidspunkt to GT’er samtidig, men Dan sin kom seg laus. Eg tok ein 12 kilos GT på ein Orion Cono Cono popper. Sjølv om den var liten kjempa den så heftig at det på et tidspunkt var så vidt eg holdt meg på beina. Det er sjuke krefter i desse fiskene! På andre båten tok Igor ein 25kg GT på popper og Paul mista ein virkerlig stor fisk på stickbait. Han fekk imidlertid ein revansj med ein 30kg GT. Dei tok og ein mindre hai og mange eksotiske arter. Etter poppingøkta brukte me resten av dagen på jigging. Dagen blei imidlertid kortere enn vanlig; me ga oss klokka 14 pga masse vind og bølger. Eg tok blant annet to små GT’er og ein African pompano på jigg, mens Seth og Dan tok mange coral trout og andre arter. Neste dag starta med popping ved land ein halv times tid. Eg hadde på ein fin GT på ein Amegari Dzanga popper som gjekk av rett etter tilslaget. Ellers merka me ingenting. Me jigga resten av dagen og med totalt 44 fisk i vår båt var dettte den dagen med flest fisk. Eg tok ein grouper på rundt 20kg på jigg samt to på ca 5kg. Den største grouperen ga ein god fight og spesielt det første halvminuttet var den frisk. Like før me skulle gje oss for dagen tok eg ein 17 kilos spanish mackrel på jigg. Denne var totalt uforutsigbar; i det eine øyeblikket flerrer den snøre av snella før den rett etterpå setter bånn gass mot overflaten. Visstnok er desse kjent for å hoppe høgt over vannet, men denne holdt seg (heldigvis) i sitt rette element. Spanish mackerel er og berykta for å kappe snøre pga dei mange og sylskarpe tennene. Ofte merker man bare at snøret blir lett idet den glefser av snøret. Til alt hell gjekk det fint med min fisk og me kunne kleppe den for at den skulle ende opp som kveldens hovedrett. Sjølv om me hadde ein bra dag var det ingenting mot kva den andre båten hadde. Igor var dessverre ikkje heilt i form så han blei kjørt tilbake til katamaranen. Både Paul og Greg fiska med ein teknikk kalt slow pitch jigging. Enkelt forklart bruker man jigger som har tyngdepuntet på midten sammen med mjuke stenger. Stangaksjonen i kombinsjon med sveiving av snella og jiggens form gjer at jiggen danser sakte gradvis oppover. Greg dro først til med ein dogtooth tuna på 9kg som oppvarming før han krona verket med ein fantastisk GT på 43 kg. Paul ville ikkje være dårligere og tok ein utrulig napoleonsfisk anslått til 45kg. Å ta ein napoleonsfisk er uansett ein prestasjon og noko som langt frå alle får oppleve. Men å ta ein 45 kilos på det utstyret er virkelig enestående! Ikkje minst er napoleonsfisken utrulig vakker, med sin blågrønne farge. Om kvelden fekk me sjå kampen på PC og etter det har ordet stangbøy fått ein ny betydning. Hadde stanga bøygd seg meir er eg sikker på at den hadde slått knute på seg sjølv. Desse to store fiskene viser at det faktisk er mulig å ta stor fisk på lett slow jigging utstyr. Paul hadde og på ein diger hai på livebait som blei anslått til 2,5-3 meter før den kappa snøret. Før det hadde den kjempa heftig i lang tid og dei hadde vært innom mange fisker før haien avslørte sin identitet ved å vise ryggfinna over vannet. Morgonen den sjette dagen starta med ei frisk regnbyge. Dan hadde litt stang ut denne morgenen og mista to store fisk på to drift på akkurat samme plass. Eg tok ein 10 kg spanish mackerel på jigg og Seth tok ein av samme sorten på et par kilo. I ei jiggingøkt tok me plenty av arter. Dei fleste var av beskjeden størrelse så me bestemte oss for å prøve på litt djupere vatn. Med rundt 100 meter under kjølen slapp eg jiggen ned i dypet. Etter ei god stund stoppa snella å gje ut snøre og eg antok at den hadde nådd bunnen. Men når eg sveiva kjente eg ingenting, men ikkje som det gjer når ein spanish mackerel kapper snøret. Noko var veldig galt og eg starta å sveive alt det eg klarte. Nokon sekunder seinere ser eg at snøret har ein merkelig vinkel oppover og i neste sekund ser me ein svart marlin anslått av skipperen til 100kg (200lbs) hoppe ut av vatnet med jiggen min i kjeften. I det som virker som slow motion rister den på hodet og hale og kutter snøret med spydet. For så å avslutte med et durabelig mageplask. Sjølv om det var surt at det blei ein så kortvarig glede var det artig å få oppleve det. Med fisk på denne størrelsen har man faktisk ein reell mulighet til å klare kampen sjølv på lettere jiggutstyr. Problemet er at dei som regel hopper så masse og at når den er i lufta er fort for at marlinen klarer å kutte snøret. Det er visstnok masse black marlin i dette området, men ingen fisker etter dei. Vanlegvis skjer det at marlin tar jigg 3-4 gonger i sesongen, og for ein kort stund tilbake kjempa ei dame ein og ein halv time før marlinen vann kampen. Etter marlin-actionen hadde strømmen i sjøen tatt seg opp. Derfor var det på tide å ta fram poppingstengene igjen. Dan slengte avgårde ein Hammerhead popper og på første kastet smalt det på ein GT. Som om ikkje det var nok fulgte han opp med ein fin gulfinna tunfisk og nok ein GT. Vel fortjent etter uflaksen han hadde om morgenen! Seth tok ein liten GT og eg fekk ein jobfish pluss garfish (ser ut som ein forvokst horngjel) på popper. Bettet roa seg etter kvart og me jigga ei økt igjen før me avslutta med å poppe oss inn i solnedgangen. Me tok over 30 fisk i vår båt denne dagen. Den andre båten tok færre fisk enn oss, men kom over ein stim av gulfinnet tunfisk. Tre vakre tunfisk på 4-5kg falt for popperfristelsene Paul, Greg og Igor serverte. I tillegg tok Igor ein fin grouper på livebait og Paul og Greg dro fleire fine fisker på slow jigging. Eg liker alltid å teste nye fisketeknikker og den nest siste fiskedagen bytta eg båt med Igor for å prøve slow jigging teknikken. Men som så ofte før starta me med popping i starten. Paul tok ein fin bluefin trevally, men ellers var det laber interesse frå fiskene. Eg fekk låne slow jigging utsyr av Greg og etter først ein spanish mackerel eller hai kappa snøret og ein fin fisk dro avgårde og kappa snøret på korallene kunne eg kort tid etter lande min første fisk på slow pitch utstyret. Den var ikkje veldig stor, men det var artig fordet. Fleire fisker fulgte på slowjigging og ein av dekksguttene tok ein gulfinnet tunfisk på stickbait. Eg hadde ein etterfølger på popper etter lunch, men prøvde etterkvart livebait. Ein fisk kappa snøre og ein tok fisken før eg fekk satt kroken. Me ga oss i tre tida pga lite bett. I andre båten tok Seth ein fin 25 kilos GT på popper. Igor dro til med blandt annet ein liten GT og ein coral trout. I tillegg var det på eine kastet både ein barrakuda og ein GT som bomma på Igors stickbait. Etter nokon timer i ro tok me ein kort kveldstur frå halv seks til sju. Eg fekk to mindre GT’er, mista ein red bass ved båten og hadde fleire napp. Alt på ein Orion Bigfoot stickbait. Seth tok og ein mindre GT på Hammerhead G-cup og hadde ein diger GT som missa på popperen hans. Dan var dessverre ikkje i form og måtte kutte ut dei to siste fiskedagene. Greg var også småsjuk så dei to kutta ut fiskingen og blei med katamaranen tilbake til Diego Suarez siste dagen. Denne dagen var det mest popping som gjaldt. Båtene lå ikkje så langt frå kvarandre og me kunne sjå ein diger GT bli tatt om bord i den andre båten. Over VHF’en fekk me meddelt at det var ein fantastisk fisk estimert til 45kg som Igor hadde tatt. Nokon kjappe bilder blei tatt før den kunne svømme videre for å bli endå større. Paul tok og ein barracuda og ein red bass denne dagen. Eg tok to spanish mackerel på jigg samt Nicolas og eine dekksgutten kvar sin jobfish på jigg. Ellers poppa me resten av dagen. Eg hadde ein fisk etter på stickbait og ein GT bomma på popperen. I to tida var me tilbake på hotellet. Der traff eg på ei gruppe som hadde fiska samtidig som oss og toppfisken deres var ein 60kg+ GT på jigg. Det er digert! Resten av dagen brukte me på å pakke sammen og ta ein siste middag sammen ute på restaurant. Etter fleire flyvninger skilte me lag i Paris før me flydde heim til kvart til vårt heimland. Takk til Igor, Paul, Greg, Seth, Dan og alle i Emeraude Fishing for ein fin tur!
  3. Minimalt brukt kvalitetsutstyr for sterke arter selges; Shimano Stella SW 18000HG og Westin Popping G.C. 7,8' 40-140g. Mer info: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=99324795
  4. Hei Folkens. Tenkte det kanskje var noen her med litt erfaring med Speed jigging / Lettere Jiggfiske med Haspel. Sikter mest etter Stor-Sei, Torsk og Små Kveite. Gikk til innkjøp av en Prey Light Jigger 7,8 Fot 90/150g i fjor (etter noen tips fra noen fiskevenner). Videre har jeg kjøpt en Shimano Saragosa 5000SW. Ser nå i ettertid at folket ser ut til å velge 6,5 fot utgaven av Prey Light Jigger. Så første spm er har jeg gjort en feil med å kjøpe 7,8 Fot utgaven? Videre så hører jeg mye forskjellige meninger ang valg av sene tykkelse. Jeg tenker å gå for shimano powerpro depth hunter. I utgangspunktet vurderte jeg 0.23mm, men nå har jeg også blitt rådet til å gå for 0.28mm. Fisker for det meste på dyp mellom 30-100m. Noen ganger opp mot 150m. Men det er mest når Stor-Seien jager i vannlagene. Bruker 0.32mm pp på min Okuma Andros 5-2 snelle. Merker da at noen ganger har jeg 130-140m sene uti på 100m dyp. Haspel / Speed jigging er virkelig helt nytt for meg. Så tar gjerne imot alle typer råd =) Takker på forhånd for alle svar =)