Search the Community

Showing results for tags 'sailfish'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • FANGSTRAPPORTER OG DISKUSJONER
    • Artikler & eksterne nyheter
    • Oslo-området
    • Østlandet
    • Sørlandet
    • Vestlandet
    • Midt-Norge
    • Nord-Norge
    • Utlandet
    • Miljø, forvaltning og forskning
  • Konkurranser
    • Rapportkonkurranse 2016
    • Gjennomførte konkurranser
  • FISKETEKNIKKER
    • Ørretfiske
    • Sjøørretfiske / Havabborfiske
    • Laksefiske
    • Fluefiske
    • Kasteslukfiske
    • Havfiske
    • Predatorfiske - Gjedde abbor gjørs
    • Meitefiske
    • Trolling
    • Isfiske
    • Kystmeite
    • Microfiske
  • ANNET UTSTYR
    • Fiskeutstyr
    • Bekledning
    • Tilleggsutstyr
  • ANNONSØRFORUM
    • Annonsørforum
  • Velkommen
    • Informasjon fra Fiskersiden.no
  • DIVERSE
    • Forbrukerforum
    • Bok/Tv/Video/Blader/Foredrag/Kurs
    • Forskjellig
    • Gode tips
    • "Verkstedet"
    • Artsidentifisering / Artsdiskusjon
    • Open forum for non Norwegian speakers
  • INTERNE SAKER
    • Om fiskersiden.no og forumet
    • Fiskersidentreff og lokale treff
    • Testforum

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Joined

  • Start

    End


Group


AIM


MSN


Website URL


ICQ


Yahoo


Jabber


Skype


Bosted


Interesser

Found 1 result

  1. Her er ein turrapport frå ein fisketur eg hadde til Colombia. Turen til Colombia starta med eit tidlig fly frå Bergen kl 06.00 onsdag 21 mars. Etter to mellomlandinger i Amsterdam og Panama city ankom eg Medellin i åtte tida om kvelden lokal tid. Her traff eg Seth og Dan som landa ein halv time seinare enn meg. Dei hadde eg fiska med før, seinest i Madagaskar i januar. Den fjerde fiskeren, Tony, hadde allerede vært to dager i Medellin hos Beto Meija. Beto driver firmaet Fish Colombia og tar med fiskere både på sjøen og i ferskvann i Amazonas jungelen. Medellin er ein storby med 2,5 millioner innbyggere, dvs halvparten av Norges befolkning. Hotellet me sjekka inn på heitte Art Hotel hadde fin standard og sentralt plassering. Etter ei lang reise med flymat av varierende kvalitet var det herlig å endeleg ete ein bedre middag på restaurant. Neste dag var det tidlig opp og avreise frå hotellet kl 06.45. Me tok eit bittelite lokalfly til Bahia Solano lokalisert rett sør for grensa til Panama. Flyet hadde sitteplass til åtte passasjerer pluss to piloter. Eg som satt fremst satt rygg i rygg med piloten. Artig opplevelse med så lite fly! Det er for øvrig første gong eg har måtte veie meg for å finne ut kor mykje bagasje me kan ha med. Det var ein intern kniving mellom Seth og Dan på vekta, med Seth som tok ein knepen seier med 1,5kg mindre enn Dan. Dette blei Dan minna på resten av turen… Etter 45 minutters flytur over jungel landa me på ein frodig, men bitteliten flyplass. Frå mine fisketurer til nord-Norge er eg vant til små flyplasser, men flyplassen me landa på var noko heilt anna. Ein knøttliten flyplass med heller lav standard, men det har sin sjarm og er ein del av heile opplevelsen. Sist eg sjekka var det og dårlig med palmer ved rullebanen på Alta flyplass… Frå flyplassen fulgte ein kort kjøretur på veier som skifta frå betong til grus og gjørme til djupe sølepytter. Legg til diverse mopeder, tuk-tuk’er, fotgjengere og to hester på løpetur midt i veien så har du eit visst bilde av det. Båten me skulle fiske med henta oss og tok oss den siste biten til hotellet me skulle bu. Dette låg fint skjerma i ei vik og var omkransa av jungel. I landsbyen bur det om lag 400 personer og dei har eit sterkt sjølvstyre her. Landsbyen driv hotellet og dersom det er endringer ein vil gjere eller ting ein må bygge må det først godkjennes av landsbyen. Sett frå sjøen såg hotellet litt shabby ut, men når me fram såg me at det holdt god standard. Eg og Tony delte rom og etter nokon dagar oppdaga me årsaken til at det heile tida kom inn diverse insekter. Han som hadde montert dørkarmen hadde enten ein dårlig dag på jobben eller bør seriøst vurdere briller; øverst og nederst var det ein stor glipe pga dørkarmen minna meir om ein U enn ein I. Som eg nevnte tidligere var det begrensa med bagasje me kunne ta med på flyet. Med kvar sin stangtube og dei fleste koffertene våre som passerte 30kg med god margin måtte dei sendes med eit anna fly og me mottok dei derfor nokon timer seinare. Men det viktigste var at alt kom fram. Etter kjapp rigging av fiskeutstyr kjørte me forventningsfulle ut på havet. Mars måned er i dette området kjent som den beste måneden for stor gulfinnet tunfisk. Det er ikkje uvanlig med fisk opp mot 40-50kg. Me fekk nokon timers fiske denne dagen. Eg hadde to napp på ein Heru Skipjack popper og dei andre hadde også nokon napp. Men det blei ingen fisk på oss denne dagen. Middagen var eit høgdepunkt under heile oppholdet med forrett, hovedrett og dessert. Kvar dag var det ei ny suppe som forrett og kvar suppe var akkurat like fantastiske. Det einaste negative med det er at det blir ein heftig nedtur å komme tilbake til Toro supper igjen… Ein kunne og få det ein ville av drikke, men min favoritt blei ein frisk, heimelaga limonade. Me la oss tidlig for å være klar til neste dags fiske. Fast rutine blei å starte med frukost kl. seks og reise ut med båten i sju tida. Me kjørte rundt og leita etter stimer med tunfisk. I tillegg til oss fire fiskere var det skipper, to medhjelpere/guider samt Beto. Båten var på 36 fot og spesialdesigna for popperfiske. Med to 200hk Suzuki motorer flytta den seg og bra, noko som er ein nødvendighet til fiske etter tunfisk. Dette var heilt anna enn fiske eg har vært med på før. Me såg heile tida etter aktivitet på overflaten med stimer av liten fisk som tunfisken beiter på, tunfisk som hopper klar av vatnet, stimer med delfiner eller fugler som stuper ned i havet for å fange fisk. Ser man noko av dette er det bare å gje bånn gass med båten for å komme i posisjon. Når man er på kastehold bør man kaste i utkanten av der stimen er. Dersom man kaster midt i stimen og får på ein fisk kan man i verste fall få kutta av snøret av andre tunfisk som svømmer frenetisk i overflaten kun opptatt av å ete så masse som mulig på kortest mulig tid. Både tunfisk og agnfisk flytter seg raskt så som regel fekk me bare eit eller maks to kast før me måtte kjøre etter den igjen. Fisket er veldig intenst og når båten sakker faren må man være klar til å kaste på sekundet. Tunfisken jakter sammen med delfiner og dersom man ikkje ser tunfisk eller agnfisk hoppe er det ein god ide å kjøre etter delfinene og prøve å kaste rett foran dei eller i utkanten av stimen. Kvar dag var det fleire lokale fiskebåter som var ute og fiska. Dei fiska kun med håndsnøre enten med krok og agnfisk eller med popper som dei rykkte inn for hånd. Synet av sjøen som koker av agnfisk, hoppende tunfisk og hundrevis av delfiner som jakter i flokk kjem eg til å hugse resten av livet. Beto fekk nokon stilige klipp med dronen min med mengder av delfiner son jakta, dette kjem med i filmen eg skal redigere etterkvart. Dan åpna ballet med ein liten tunfisk i starten. Seth fulgte opp med ein liten pluss ein på 10-12kg. Eg tok ein liten tunfisk og seinare på dagen ein på ca 10kg. Begge mine blei tatt på ein Amegari Urpekari 190mm popper. Denne popperen fungerte fint då den først plaska i overflaten før den dykka rett under med ein heftig svømmebevegelse samtidig som den etterlot seg eit spor av luftbobler. Det ein skal vite er at tunfisken i Colombia er gulfinnet tunfisk, mens fisken me har utenfor norskekysten er blåfinnet tunfisk. Det er to ulike arter. Blåfinnet tunfisk har lenge slitt, men nå øker heldigvis bestanden. Det som er spennende er at det i høst skal være et begrensa prøvefiske med stang for å merke stor blåfinnet tunfisk langs vestlandskysten (tilsvarende det dei hadde i Sverige og Danmark i fjor). Gulfinnet tunfisk derimot er svært tallrik og har ein sunn bestand. Det er derfor ikkje skadelig for bestanden å ta ut nokon fisk med sportsfiske. All fisk me tok vart enten gitt til lokale folk i landsbyen eller servert i restauranten om kvelden. Fersk sashimi (sushi) kan virkelig anbefales! Store deler av dagen gjekk med å kjøre og leite etter tunfisken. Det ga oss plenty av tid til å slappe av enten i sakkosekker eller på dekk i båten. Mens andre fokuserte på å bli mest mulig brune kjøre eg på med faktor 50+ for ikkje å ødelgge den perfekte kvitfargen på leggene mine. Det var nok like før folk blei snøblinde når dei såg leggene uten solbriller… Denne dagen som dei fleste andre dager var me inne igjen i seks tida om kvelden. Neste dag traff me på ein stim med små tunfisk i starten. Desse såg ut til å være rundt 5kg, men sjølv om me prøvde alt mulig ville dei ikkje bite. Etter dette fortsatte me å leite etter tunfisk nokon timer før me jigga ein times tid. Siste del av dagen brukte me på å leite etter tunfisk igjen. Dessverre blei det ingen fisk på oss denne dagen. Søndag kjørte me rundt på søk etter tunfisk fram til kl 14.00. Me såg ein flokk med delfiner som var vesentlig større enn dei me hadde sett før. Ifølge lokalbefolkningen skal visstnok desse ete tunfisk kunne Beto fortelle. Ein økt med jiggstanga ved dei resulterte i ingenting. Like etterpå traff me på ein flokk med vanlige delfiner, men så hverken tunfisk eller agnfisk. Me kjørte til eit område med fleire øyer som me hadde jigga dagen før. Her kombinerte me jigging og popping noen timer. Seth tok ein liten tunfisk og to jack crevalle og Dan fekk ein needlefish. Denne ser ut som ein forvokst horngjel med langt «nebb» fullt av tenner. Eg hadde ein diger cubera snapper som bomma på popperen og ein stor roosterfish som var oppe og såg på popperen 10m frå båten og rett ved båten. Rosterfish er ein god fighter som setter avgårde i stor fart etter at den er kroka. Ikkje minst er den utrulig vakker med sin karakteristiske ryggfinne. Eg mista og ein needlefish som kasta popperen ut av kjeften i eit akrobatisk hopp. Alle desse var med Amegari Dzanga popper som var min heldige utvalgte den dagen. Mandag morgen starta på best tenkelig måte; me fekk melon til frukost! Eg elsker nemlig vannmelon. Tony såg at det nærmest lyste av øynene mine og med sine spanskkunnskaper skaffa han oss vannmelon resten av dagene også. Fiskemessig la me om taktikken; siden fisket etter tunfisk hadde vært labert bestemte me oss for ikkje å leite etter den. På vei til fiskeplassen fant me likevel ein stim med små tunfisk. Eg, Dan og Tony tok hver vår samtidig og det var til tider lettere kaotisk når me måtte vente på tur med tre spinnville tunfisk langs båtsida. Neste post på programmet var å prøve etter cubera snapper. Dette er ein brutal rødoransj fisk man finner nærmere land. Spesielt dei første sekundene av fighten går den for å være noe av det sterkeste man kan få. Siden den prøver å svømme ned til bunnen og kutte snøret må man ha steinhard brems og kraftig utstyr. Eg tok ein liten cubera snapper på ein Orion Bigfoot 180g synkende stickbait. Det blei tatt needlefish, ulike snappere, jack crevalle samt nok ein liten cubera. Eg hadde ein stor cubera som tok min Orion Cono Cono 190g popper, men i det eg sette tilsaget kjente eg fisken kun eit par sekund før den gjekk av. Litt kjedelig siden skipperen sa det var ein meget stor fisk. Cubera snapper er viden kjent for å være vanskelig å kroke. Dei er harde i kjeften og det er vanskelig for kroken å få feste. Den brutale kraften i kjevene både bøyer og knekker sjølv dei beste krokene. Som eg nevte tidligere er langt fra jobben gjort dersom man har fått satt krokene, cuberaen setter full fart ned mot bunnen og stor sjanse for å kutte snøret. Det er bare å sette hardt mot hardt med steinhard brems og håpe man klarer å stoppe den før den når bunnen. Brutal fisk! Det var ikkje uten grunn at eg brukte Orion Cono Cono popperen, cubera elsker nemlig store poppere som plasker masse. Eventuelt kan ein prøve store stickbaits. Etter å ha poppa nokon timer var det på tide med lunch. Kvar dag åt me lunch i tolv tida om bord i båten og me hadde plenty av drikke og chips tilgjengelig som me kunne ta når me ville. Akkurat då me var ferdig med lunchen såg me fleire sailfish patruljere overflaten rundt båten. Me prøvde med poppere og stickbaits. Tony og Dan hadde kvart sitt napp, men fisken ville ikkje sitte. Serge, ein av guidene, sette på ein på ein ørliten plastjigg på ei lett stang og snelle. Første kastet smalt det på ein sailfish som gjekk rett til værs og rista jiggen ut av kjeften. Etter ei stund bestemte me oss for å prøve livebait. Dette er små agnfisk som blir festa på kroken og som man kaster mest mulig rett foran sailfishen. Sailfishen er veldig uregelmessig i kor den svømmer så det er ikkje alltid like lett å vite kor man bør kaste. Eg og Dan hadde aldri tatt sailfish før så me fekk være først ut. To sailfish viste seg rett foran båten og me fekk beskjed om å kaste ut agnfisken. Det gjorde me og det tok ikkje mange sekundene før mitt snøre bevegte deg raskt ut på fri spole. Eg holdt hodet kaldt og ga fisken nokon sekunder før eg slo over bøylen og sveiva fisken på kroken. Me brukte nemleg sikrkelkrok og då skal man ikkje gje vanleg tilslag. Det einaste man oppnår med det er å dra kroken ut av kjeften og skremme fisken. Det som er utrulig er at både eg og Dan hadde kroka sailfishene perfekt og var i gang med kampen. Sailfish elsker å hoppe og dette kombinert med to sailfish rett ved båten gjorde at det første minuttet var ganske kaotisk med snører som kryssa seg fleire gonger og me som måtte følge etter og gå forbi kvarandre for å hindre at snørene røyk. Men til alt hell gjekk det fint. Dan sin sailfish var roligere av seg og etter nokon minutter kunne den løftes om bord i båten for et kjapt bilde for så å svømme videre. Min sailfish hadde imidlertid ingen planer om å være samarbeidsvillig og satte i eit heidundrande utras som må ha vært opp mot 150m. Bremsen måtte strammes betydelig så den ikkje skulle tømme spolen heilt. Her var det jammen krefter! Etter dette roa den seg litt og la breisida til og krydra med nokon luftsprang iblandt. Spesielt med seilet oppet har sailfishen ei stor overflate som gjer det tungt å få den inn. Eit anna moment er at i hoppene er det stor sjanse for at fortommen ryker av på sverdet. Gjennom heile kampen var eg derfor fullt fokusert på å ha stram line så den ikkje skulle få kutte seg fri. Fisken nærma seg båten og det var tydelig at både eg og den merkte at det tærte på kreftene. Som eit siste mottrekk satte den fart bakover langs båten. Redd for at den skulle svømme under båten og ryke snøret hadde eg ikkje anna valg enn å springe etter. Samtidig som eg sveiva hoppa eg ned frå øverste dekket og sprang forbi både folk og fiskestenger. Til alt hell gjekk det fint og etter nokon siste krampetrekninger frå fisken kunne eg stolt posere med min livs første sailfish. Det hadde vært ein fantastisk fight og fisken var utrulig vakker. Det var og herlig at den kunne svømme videre igjen, klar for å ete seg endå større og sterkere. Både min og Dan sin fisk var ca 40kg (90lb). Etter den svømte videre hadde eg ein blanding av adrenalin, lettelse at den ikkje gikk av og utrulig lykke over å få ein så fantastisk fisk. Heilt siden turen til Panama i 2014 har eg hatt ein drøm om å fange sailfish. På den turen blei det tatt tre sailfish på min båt og eg hadde også ein marlin og sailfish som fulgte etter agnet uten å bite. Seth og Tony prøvde livebait etterpå. Seth fekk på ein sailfish, men snøret røyk dessverre heilt i starten av kampen. Tirsdag prøvde me først etter tunfisk. Sjølv om me traff på to stimer begrensa fangsten seg til ein liten som Dan tok. Sailfish på livebait var hovedfokus resten av dagen. Denne dagen var det mengder av sailfish å se, på det meste 5-6 samtidig. Seth mista ein som kutta snøret før han fekk revansj og tok ein annan etterpå. Denne var og samme størrelse som dei andre me tok, kanskje noko mindre. Eg prøvde ein halv time med livebait. Det var færre sailfish då og eg hadde kun ein fisk ved båten, men denne viste null interesse for agnfisken. Tida me fiska i Colombia var det små agnfisk 3-4cm som sailfishen beita på, sannsynligvis var det derfor dei stort sett ikkje var interessert i vår agnfisk på 10-15cm. På slutten av dagen sto Tony heilt foran i båten og hadde akkurat kasta ut sin agnfisk då ein sailfish kom hoppende ein meter foran båten og fortsatte med 6-7 hopp vekk frå båten. Tony så totalt forskrekka ut siden han først trudde den hadde tatt hans agnfisk, men ingenting skjedde med snøret. Alle fekk iallefall ein god latter. Siste fiskedag starta me med jigging etter amberjack ved klippeøyene me hadde prøvd ved tidligere. Eg prøvde metalljigger, Westin Crazy Daisy, Westin Platypus wobbler og diverse lettere gummijigger. Men ingenting skjedde. For kort tid siden hadde dei tatt 20 amberjack i løpet av kort tid i dette området. Men sånn er fisking. Ein stim av mullet snapper pluss ein sailfish var og aktive i overflaten her, men var tydeligvis ikkje interessert uansett kva me kasta etter dei. Skippern flytta båten nokon nautiske mil og me såg mengder av fisk på ekkoloddet. Likevel var det dårlig bett, Dan tok ein jack crevalle og det var det. Siden agnfisken sailfishen beita på var så liten prøvde Seth og Dan med bittesmå Jack Fin stickbaits. Dei fekk ingenting, men me fortsette søket etter sailfish. Tony hadde ikkje hadde fått sailfish denne turen og fekk derfor fiske heile denne dagen. Me andre bytta på å fiske iløpet av dagen. Seth mista ein sailfish som kutta snøret før han klarte å lande den. Den hoppa masse i starten rett ved båten. Tony fikk til slutt sin sailfish og alle var glade på hans vegne. Når den var kroka sa han nesten overraska at han hadde ein sailfish på. Eg og Dan prøvde litt med livebait mot slutten av siste dagen. Dan mista ein sailfish pga snøret røyk. Me ga oss ein time tidligere denne dagen siden alle hadde fått sin sailfish og var tilbake på hotellet i fem tida. Kvelden gjekk med til å ete middag og pakke sammen utsyret. Samme perioden som me fiska var det og ei gruppe på fire franskmenn som fiska frå ein annen båt. Dei tok nokon fine tunfisk opp til 40kg, amberjack på jig, roosterfish, cubera og fleire store sailfish på livebait. Iløpet av oppholdet vårt var det store mengder sailfish i området og dette er bare starten på sailfishsesongen. Det blir fleire og fleire og lettere å fange når agnfisken er større. Me kasta rett foran fisk fleire gonger uten interesse, eg kasta ein halv meter foran munnen og den svømte bare arrogant forbi. Sailfishen er ein fantastisk fisk å se i sitt rette element. Den patruljerer overflaten og reiser seilet rett før angrep, ofte med nyanser av lilla farge på seilet. Dei hopper masse og er ein av verdens raskeste fisker. På denne turen hadde me uflaks med tunfisken. Seinest nokon dager før me kom var det blitt tatt fleire fisk opp mot 50kg. Dei som fiska då var mest interessert i å fange cubera snapper så etter å ha tatt åtte store tunfisk på rappen ville dei ikkje fiske meir etter den. Det er gode muligheter for å fange mange arter her om man er villig til å bruke ulike fisketeknikker. Etter oss kjem ei gruppe som skal prøve å fange sailfish på flue. Det høres veldig spennende ut! Naturen er utrulig vakker med kvite strender, tett jungel og mange nyanser av grønn på treene og blått i havet. Langs kysten fins klipper og grotter og langt til havs fins enslige øyer med nokon få trær som klamrer seg fast. Albatross, andre fugler, hundrevis av delfiner og manta-rokke er bare noko av det me såg. Siden det ikkje var fiske torsdagen kunne me sove litt lenger og frukosten var kl. åtte. Ein time seinare vart me kjørt til Bahia Solano med båten. Av uvisse årsaken var flyplassen i Medellin stengt ei kort stund så då blei det ein time ekstra med venting. Flyturen tilbake i miniflyet gjekk fint og snart var me tilbake på Art Hotel i Medellin. Siden det var lenge siden frukosten gjekk me ut og åt på ein restaurant. Eg åt ein fantastisk taco som går fredagstacoen heime i Norge ein høg gang. Etter nokon timers avslappning på hotellet traff me Beto i seks tida før me gjekk ut og åt igjen. Medellin er ein fin by med yrende liv og fantastisk mat. Det er bare få år siden det kom turister, og folk er glade for at folk vil komme til byen. Folk er blide og hyggelige og lette å komme i kontakt med. Eg skulle gjerne hatt meir tid til å sett meg rundt i byen, men det for eg ha til gode til ein annen gong. Seth, Dan og Tony fløy ut frå Medellin kl 07 fredagen, mens eg tok eit fly kl 15. Eg mellomlanda i Panama city, Paris og Amsterdam før eg endelig ankom Bergen seint lørdag kveld. Takk til Seth, Dan, Tony samt alle i Fish Colombia for ein fin tur!