Gå til innhold
Fiskersiden

Tur på sjøen 15.01


Helge S
 Share

Recommended Posts

I går kveld ringte Sigbjørn og spurte om eg ville vera med ein tur på sjøen idag. Det var ikkje vanskelig å svara ja til det og i dag morges vart eg henta i Sagvåg og me tok turen til Spissøysundet.

150120090501f126e45c2c994dc08b.jpg?76

Spissøysundet like før sola står opp.

150120090506fe0419b9a40549529b.jpg?78

Det var kveite me var på jakt etter og me starta å fiske på 40-50 meters djup med shads og makrell som agn. Det var godt med straum i sundet og på ekkoloddet såg me at det stod eindel småfisk ca 10 meter over botn. Etter å ha drifta over området et par gonger hadde Sigbjørn et bra napp når han sveivde opp for å sjekke agnet. Me holdt på i et par timar utan at noko meir skjedde.

Me forlot Spissøysundet og dro til Valebrotet for å sjå om det var meir liv der.

150120090512e408be29325a41e5b6.jpg?51

På vei ut av Spissøysundet.

Der dregga me opp og starta å fiske på toppen som ligg på 70 meters djup. Etter ei stund løsna dreggen og me blei etter kvart liggande på 100 meters djup. Det nappa på stanga mi og eg fekk den i selen og stamma opp. PANG, sa det og eg stod igjen med kun snella og botndelen av stanga. Resten av stanga tok turen ned til fisken som hadde slukt agnet mitt. Etter litt kav fekk eg opp både stanga og fisken som viste seg å vere ei lange på ca 4 kg.

1501200905247eded3eb057843d1b9.jpg?14

15012009052919f6c20b68994848a7.jpg?87

:)

Eg hadde ikkje reservestang med så me fiska vidare med ei stang. Litt seinare fekk Sigbjørn på ein bra fisk.

15012009054295d8374ac97f43cc91.jpg?92

Sigbjørn med fisk på.

150120090549784e9f7e6e42452bb4.jpg?80

Opp kom det ein flott kubbe av ein lyr på ca 5 kg.

15012009055648b2afab07b549e5b5.jpg?43

1501200905340ab2666706bc45998a.jpg?71

Etterkvart tok vinden seg skikkelig opp og da det var meldt storm til kvelden fann me ut at det var på tide å gje seg. Me traff ikkje på kveita denne gongen heller men nokre gode middager vart no med heim.

Tusen takk for turen, Sigbjørn. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for turen Helge, da va ein frisk tur med eit like friskt mannskap.:lol:

Lyren paserte 5 kg, så da er pers på lyr med havstang og agn på meg.

Da e litt av nåken goe reklamebilede for beastmasteren du tok ja, da der plastikkgreiene burde shimano bytta ut i metall slik lawson og fleire har.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.