Chironomus

Medlemmer
  • Innholdsteller

    3 942
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Mottatte likerpoeng

2 Neutral

Om Chironomus

  • Rang
    Elfenbentårnvitenskapsmann
  • Bursdag 29. mars 1983

Contact Methods

  • Website URL
    http://www.fiskipedia.no

Profile Information

  • Kjønn
    Mann
  • Bosted
    Tromsø
  • Interesser
    Elfebenstårnsvitenskapsmann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Chironomus

    Hvordan få tak i hel usløyet fisk?

    Vår lokale fiskedealer i Tromsø fiksar sild og div bruskfisk til undervisninga vår på Universitetet i Tromsø. Usløyd er ingen problem. Til dømes sild er jo sjeldan sløyd, også på Meny. Dessutan går det fint med frosen heil fisk. PS! Som biologilærar veit du sikkert også at den frosne sjøauren du fann på butikken er ein regnbueaure .
  2. Chironomus

    norges fisker (bok)

    Joda, men Nationalnyckeln manglar litt for mange arktiske fisk for at den skal nå heilt opp .
  3. Chironomus

    norges fisker (bok)

    Sjå på side 26. Ein annan, grov feil er at den avbilda piggskata er ei kloskate. Men illustrasjonane er fine! Konklusjonen står fast, det er Pethon som er best for norske fisk, enn så lenge.
  4. Chironomus

    norges fisker (bok)

    Både Norges Fisker (Ekeli) og Fisker (Jonsson) held etter mi meining av svært låg kvalitet. Målgruppa for fyrstnemnte er vanskelig å bestemme (for barn eller voksne?), og bøker som klassifiserar horngjel som eksotisk blir automatisk diskvalifisert av meg. Kvithai er også med, og sjølv om dei presiserer at arten ikkje er funnen i Noreg er det jo forvirrande å ha den med i "Norges fisker". Boka til Jonsson ber preg av å ha blitt skriven av folk som ikkje veit kva dei skriv om, og mange av artsbileta er av feil art. Om du kan mykje om fisk, og tar ting med ei klype salt, er det jo alltid fint å ha dei i hylla. Men eg ville ikkje under nokon omstendighet brukt desse bøkene som fasit.
  5. Chironomus

    Storskate på utstilling i butikk, Bergen

    Vest av Bømlo, 120 m djup. Nøyaktig posisjon er nok ein ein breiflabbhemmelighet som i alle fall eg skal respektere . Lykke til, John Olav!
  6. Chironomus

    Storskate på utstilling i butikk, Bergen

    Tusen takk for hjelpa, det var den butikken! Rett nok blei skata partert og solgt på laurdag, men fiskehandlaren skulle i alle fall ordne med eit bilete .
  7. Hei, I går fekk eg rapport om ei storskate på 82 kg og 2 m som blei fanga ein stad på vestlandet. Angivelig skulle den til ein butikk i Bergen, der den skulle ligge på utstilling. Min fråga er som følger: 1. Har nokon sett den? 2. Dersom ja på 1., har de mulighet til å ta eit bilete av den, samt spør om å få ein ørliten bit av ryggfinna eller brystfinna til genetiske prøver? Prøven kan leggast i frysen eller i vodka (eller sterkare, reine saker). Dersom ja på eitt eller begge av spørsmåla vil eg bli kjempeglad! Arve
  8. Chironomus

    Røyking av årets fangst

    Det såg bra ut! Blir det kaldt nok med det systemet, eller er det varmrøyk?
  9. Chironomus

    Storkveitedagen

    Grattis med kjempefisk, og takk for fin rapport!
  10. Chironomus

    Morten sprer seg i Trondheim

    At fugl kan spre egg ser eg på som ganske plausibelt, for meir klissete egg enn morten sine trur eg ein må leite ei stund etter. Men sidan fiskane var opp til 7 hg, har dei sikkert vore der ei stund. Det er veldig synd dersom folk sprer mort rundtomkring, men skrullingar fins vel overalt. Det skal bli interessant å høyre utviklinga her.
  11. Chironomus

    Småkveite tilslutt

    Enig med alle, det var ein flott rapport!
  12. Chironomus

    Ny monsterkjerring

    Her er litt interessante betraktinar om delfinhjerne-kapasitet (eller mangel på dette): http://www.spiegel.de/international/world/scientists-dolphin-intelligence-may-be-overrated-a-924614.html Elles summerar Cato opp veldig mange ting som taler for at sportsfiskarar bidreg til forsking, bortsett frå den viktigaste som eg har lagt til i raudt:
  13. Chironomus

    NKPL-StYLe Frøya - Kap.1

    Heftig rapport! Ser fram til neste del .
  14. Chironomus

    Paddeulke?

    Dette er paddeulke Cottunculus microps, ja. Arten er variabel, både i farge og størrelse på "piggane" på hovudet. Tidlegare rekna ein med tre artar i våre farvatn: C. microps, C. sadko og C. konstantinovi, men i nær framtid vil desse bli slått saman til ein art.
  15. Chironomus

    Død håkjerring flyter ved mortavika

    Spørsmålet som trenger seg fram er jo kor ein skal sette grensa for kva artar som er greit å fiske på og kva artar som ikkje er greit å fiske på. Kva skal kriteriene vera? Ål og pigghå er greit, dei er det ikkje lovleg å fiske etter juridisk sett. –Raudlistestatus? Håkjerring er Nær Truet (NT). Blålange og vanlig uer er Truet (EN), altså i ein meir kritisk kategori enn håkjerring. Rapportar med slike artar på Fiskersiden burde ha blitt hetsa i staden for applaudert! –Storleik? Då vil det vera uetisk å fiske direkte etter stor kveite. –Alder? Enkelte uer-artar (også vår eigen uer) kan bli svært gamle. Eitt eksemplar av stillehavsarten Sebastes aleutianus blei bestemt til å vera 205 år (Munk, K. M. (2001). Maximum ages of groundfishes in waters off Alaska and British Columbia and considerations of age determination. Alaska Fish. Res. Bull 8(1): 12-21.) –Gjenutsettbarhet? Dersom arten lever på store djup vil bruskfisk vera langt å foretrekke på grunn av mangelen på svømmeblære. Det blir påstått over her at me har fleire tilfelle av død etter gjenutsetting. Antakelig har det skjedd, men eg veit ikkje om tilfeller der fisken har dødd like etter gjenutsetting. Kom gjerne med referansar! Etter merking av håkjerring i Trondheimsfjorden har me gjenfangst/gjenfunn av to individer: *Merka 28.08.2008 og fanga igjen 22.09.2012 av NKML *Merka 09.07.2008 og funne død i fjæra 22.09.2009. Denne døydde altså over eitt år etter merking og eg tvilar på at merkinga var dødsårsak (sjølv om det ikkje kan utelukkast heilt). Det er fint at alle er enig i at sportsfiske etter håkjerring er ein marginal aktivitet. Det kan sjølvsagt vera annleis om 30-40 år, men då får me ta debatten når det skulle vera aktuelt. At fisken til Asgeir ikkje klarte seg var ikkje heilt bra, men uhell skjer. Spekulasjonane er mange, men eg trur også at den høge temperaturen kan vera ein årsak. Tida vil kanskje vise. Ein annan ting er begrepet "trofèfisk". Eg vil anta at dei aller fleste (kanskje bortsett frå dei som kun fiskar etter mat) prøver å få, eller i alle fall tykkjer det er fint å få eit eksemplar som er stor for arten. Uavhengig av om den blir sett ut eller kakka er det vel meir gjevt å få ein tjuekilos laks enn ein tokilos? Når me er ute etter ein fisk som fyller ulike kriteriar (t.d. storleik) kan den det godt kallast trofèjakt etter mi meining.