Jump to content
Fiskersiden

Chironomus

Members
  • Posts

    3942
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Chironomus

  1. Vår lokale fiskedealer i Tromsø fiksar sild og div bruskfisk til undervisninga vår på Universitetet i Tromsø. Usløyd er ingen problem. Til dømes sild er jo sjeldan sløyd, også på Meny.

    Dessutan går det fint med frosen heil fisk.

    PS! Som biologilærar veit du sikkert også at den frosne sjøauren du fann på butikken er ein regnbueaure :) .

  2. Jeg har begge disse bøkene nå og kan ikke se at noen av de beskriver horngjel som eksotisk. Det står "Vanlig langs kysten og i fjordene nordover til Trøndelag" (Boken av Bror Jonsson). Og i boken tråden handler om står det "Ikke uvanlig langs kysten vår, fra forsommeren til utpå høsten. Den dukker ofte opp sammen med makrellen".

    Sjå på side 26. Ein annan, grov feil er at den avbilda piggskata er ei kloskate.

    Men illustrasjonane er fine!

    Konklusjonen står fast, det er Pethon som er best for norske fisk, enn så lenge.

  3. Både Norges Fisker (Ekeli) og Fisker (Jonsson) held etter mi meining av svært låg kvalitet. Målgruppa for fyrstnemnte er vanskelig å bestemme (for barn eller voksne?), og bøker som klassifiserar horngjel som eksotisk blir automatisk diskvalifisert av meg. Kvithai er også med, og sjølv om dei presiserer at arten ikkje er funnen i Noreg er det jo forvirrande å ha den med i "Norges fisker". Boka til Jonsson ber preg av å ha blitt skriven av folk som ikkje veit kva dei skriv om, og mange av artsbileta er av feil art.

    Om du kan mykje om fisk, og tar ting med ei klype salt, er det jo alltid fint å ha dei i hylla. Men eg ville ikkje under nokon omstendighet brukt desse bøkene som fasit.

  4. Hei,

    I går fekk eg rapport om ei storskate på 82 kg og 2 m som blei fanga ein stad på vestlandet. Angivelig skulle den til ein butikk i Bergen, der den skulle ligge på utstilling.

    Min fråga er som følger:

    1. Har nokon sett den?

    2. Dersom ja på 1., har de mulighet til å ta eit bilete av den, samt spør om å få ein ørliten bit av ryggfinna eller brystfinna til genetiske prøver? Prøven kan leggast i frysen eller i vodka (eller sterkare, reine saker).

    Dersom ja på eitt eller begge av spørsmåla vil eg bli kjempeglad!

    Arve

  5. At fugl kan spre egg ser eg på som ganske plausibelt, for meir klissete egg enn morten sine trur eg ein må leite ei stund etter. Men sidan fiskane var opp til 7 hg, har dei sikkert vore der ei stund. Det er veldig synd dersom folk sprer mort rundtomkring, men skrullingar fins vel overalt. Det skal bli interessant å høyre utviklinga her.

  6. Her er litt interessante betraktinar om delfinhjerne-kapasitet (eller mangel på dette): http://www.spiegel.de/international/world/scientists-dolphin-intelligence-may-be-overrated-a-924614.html

    Elles summerar Cato opp veldig mange ting som taler for at sportsfiskarar bidreg til forsking, bortsett frå den viktigaste som eg har lagt til i raudt:

    Som flere nevner er og blir dette et svært spesialisert fiske som neppe får noen bred appell. I en annen tråd ble det nevnt som et argument mot fisket (som her drives som et forprosjekt i vitenskapens tjeneste) at "la nå forskerne drive med forskningen", men grunnen til at forskerne henvender seg til sportsfiskere er for det første at sportsfiske slik det drives her er det desidert mest skånsomme for fisken, samt at den gjengse forsker neppe verken har penger, tid, anledning, utstyr, ferdigheter eller kunnskap om dette høyst spesialiserte fisket.

  7. Dette er paddeulke Cottunculus microps, ja. Arten er variabel, både i farge og størrelse på "piggane" på hovudet. Tidlegare rekna ein med tre artar i våre farvatn: C. microps, C. sadko og C. konstantinovi, men i nær framtid vil desse bli slått saman til ein art.

    E nok ganske sikker på at denne er tatt på annen fangstredskap enn stang slik eg fikk forklart det. Siden den trives litt dypere og på mudderbunn, e min gjetning krepseteine på mudder 100m-ish. Knall cool fangst e d uanz! :D

  8. Spørsmålet som trenger seg fram er jo kor ein skal sette grensa for kva artar som er greit å fiske på og kva artar som ikkje er greit å fiske på. Kva skal kriteriene vera? Ål og pigghå er greit, dei er det ikkje lovleg å fiske etter juridisk sett.

    –Raudlistestatus?

    Håkjerring er Nær Truet (NT). Blålange og vanlig uer er Truet (EN), altså i ein meir kritisk kategori enn håkjerring. Rapportar med slike artar på Fiskersiden burde ha blitt hetsa i staden for applaudert!

    –Storleik?

    Då vil det vera uetisk å fiske direkte etter stor kveite.

    –Alder?

    Enkelte uer-artar (også vår eigen uer) kan bli svært gamle. Eitt eksemplar av stillehavsarten Sebastes aleutianus blei bestemt til å vera 205 år (Munk, K. M. (2001). Maximum ages of groundfishes in waters off Alaska and British Columbia and considerations of age determination. Alaska Fish. Res. Bull 8(1): 12-21.)

    –Gjenutsettbarhet?

    Dersom arten lever på store djup vil bruskfisk vera langt å foretrekke på grunn av mangelen på svømmeblære. Det blir påstått over her at me har fleire tilfelle av død etter gjenutsetting. Antakelig har det skjedd, men eg veit ikkje om tilfeller der fisken har dødd like etter gjenutsetting. Kom gjerne med referansar!

    Etter merking av håkjerring i Trondheimsfjorden har me gjenfangst/gjenfunn av to individer:

    *Merka 28.08.2008 og fanga igjen 22.09.2012 av NKML
    *Merka 09.07.2008 og funne død i fjæra 22.09.2009. Denne døydde altså over eitt år etter merking og eg tvilar på at merkinga var dødsårsak (sjølv om det ikkje kan utelukkast heilt).

    Det er fint at alle er enig i at sportsfiske etter håkjerring er ein marginal aktivitet. Det kan sjølvsagt vera annleis om 30-40 år, men då får me ta debatten når det skulle vera aktuelt.

    At fisken til Asgeir ikkje klarte seg var ikkje heilt bra, men uhell skjer. Spekulasjonane er mange, men eg trur også at den høge temperaturen kan vera ein årsak. Tida vil kanskje vise.

    Ein annan ting er begrepet "trofèfisk". Eg vil anta at dei aller fleste (kanskje bortsett frå dei som kun fiskar etter mat) prøver å få, eller i alle fall tykkjer det er fint å få eit eksemplar som er stor for arten. Uavhengig av om den blir sett ut eller kakka er det vel meir gjevt å få ein tjuekilos laks enn ein tokilos? Når me er ute etter ein fisk som fyller ulike kriteriar (t.d. storleik) kan den det godt kallast trofèjakt etter mi meining.

  9. Ringorm er ein sopp (http://www.nettdoktor.no/sykdommer/fakta/ringorm.php) . Du meinte kanskje rundorm?

    Cystene på biletet inneheld ein bendelorm, antakelig måkemark eller fiskeandmark, hhv. Diphyllobothrium dendriticum og D. ditremum. Vanligvis held dei seg i innvollane, men eg har også funne cyster som er festa på bukveggen. Du bør skylle fisken godt og varmebehandle eller fryse den. Det er også greit å mure ned innvollane slik at fuglar ikkje får tak i det, for fuglar er neste vert i desse parasittane sitt livsløp.

  10. Trur kanskje dei står i fare for å bli slått i hjel av isbjørn om dei søv på land? Eg er ikkje biolog, så dette blir litt tipping.

    Men syns å huske å muligens ha haurt/lest/sett at dei kunne bevise at den tok levande sel (og ikkje daud), sidan det vart funne sel i magen på kjerringa som ikkje hadde blitt angripen av andre åtseletande småkryp fyrst. Desse er som kjent kjapt på plass om eit kadaver landar på botnen.

    Jeg hopper litt tilbake til Håkjerringa sitt levevis.

    Har lett uten å finne den andre videoen der den tar en sovende sel. Og når jeg googler og leser om temaet så finner jeg at biologene ikke er sikre på at det er dette som skjer. Det står fra artikler i 2012 at de ikke har beviser og at det foreløbig bare er en teori at Håkjerringer skaffer mat på dette viset.

    Det virker som en plausibel teori, men en må skaffe beviser før vi kan fastslå dette.

    Antar at selene også sover i de mørke timene og da er det nok veldig vanskelig å filme denne utrolige adferden.

    Hvor er David Attenburogh når man trenger ham...!!??

    Riktig, dette er nok så langt ein teori. Eg har heller ikkje høyrt om live-opptak der håkjerring tar levande sel.

  11. Endelig skal vi ikke glemme at den norske stat i sin tid utbetalte "skuddpremie" dvs penger for hver håkjerringhale man kunne vise frem som bevis på drept håkjerring. Dette er ikke så mange tiårene siden. Kjerringa ble sett på som et skadedyr og ble behandlet deretter.

    Endel mer info her: http://www.fiskeri.no/Reklame/Hakjerringfiske%20side%201.htm

    Kan jo nevne at haier aldri får kreft, og at viten om haiene dermed kan være med på å løse denne gåten.

    Inntil nylig var det også "skuddpremie" i Uummannaq kommune på Grønland. Det blei slutt fordi kommunekassen blei for slunken!

    ftp://artekftp.byg.dtu.dk/Rapporter/2007/07-15/Rapport.pdf (s. 24)

    Ellers er det ein myte at hai ikkje får kreft. Denne myten er ingen fordel for hai generelt, snarare tvert i mot: http://blogs.scientificamerican.com/science-sushi/2011/09/01/mythbusting-101-sharks-will-cure-cancer/

    Til Emil Engø:

    Du spør om vekst. Generelt er det slik at veksten er stor i starten av livet hos fisk, og avtar normalt etter kjønnsmodning. I tilfellet der ein fann ut at veksten var 0,5 cm per år kjem frå Hansen, P. M. (1963). Tagging experiments with the Greenland shark (Somniosus microcephalus (Bloch and Schneider) in Subarea 1. International Commission Northwest Atlantic Fisheries Special Publication 4, 172–175). Men det er verd å merke seg at dette berre var èin fisk som hadde vore på frifot i 16 år og vokst frå 262 til 270 cm. Å generalisere ut frå èin observasjon er ikkje heldig, men det er no det me har.

    Å diskutere sårbarheten til håkjerring i samband med sportsfiske er meiningslaust, det må framleis kallast ein marginal aktivitet. Diskusjon må det gjerne vera, men den må haldast på det etiske planet. Eg meiner det er betre å fiske begrensa på den for å auke kunnskapen vår, det er mykje betre enn at den vert gløymt nede i djupet.

  12. Dette er eit veldig bra tiltak, godt jobba! Me hadde samme idè i Fiskipediaredaksjonen, for å få til ein "fangbarhetsindeks". Du kom oss i forkjøpet, men eg håpar me kanskje kan låne dine publiserte data etterkvart?

    Det festlige med denne lista, er at den i fangbarhetssammenheng er mest korrekt no. Den vil bli mindre korrekt framover rett og slett fordi det er akkumulerte data. I teorien vil jo alle havne over 100 artar til slutt :) . Men den noverande lista di kan jo godt brukast til å lage poengskala i t.d. konkurransar.

    Veldig bra!

×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use.