-
Innholdsteller
3 942 -
Ble medlem
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Galleri
Innlegg skrevet av Chironomus
-
-
Takk, Havengel. Eg tenkte òg å ha søkket nederst, og bom. Føler det blir mindre snurr slik.
-
Hei.
i jula kjøpte eg meg ein Milo-dupp som det står 100 gram på. Eg reknar med dette er bæreevna. Eg har tenkt å bruke denne over nokre vrak (båtar, bilar, vaskemaskiner og mopedar) som har ein tendens til å stjele botntackler. Agnstorleik tenkte eg frå 1/6 sild opp til 1/2 sild. Djupet eg har tenkt å fiske på, er 25-35 m, og omtrent samme antal meter ut frå land. Så er spørsmåla:
1. Korleis lage ein fin stoppknute på 0,25 mm Fireline? Vanleg duppstoppar glir vel på snøret, og eg må då ta av og på igjen sjokkfortommen. Er Powergum dugande?
*Tenke litt*
No har eg tenkt litt, og eg tvilar på at knuten til sjokkfortommen smett gjennom glideduppen. Må eg fiske utan den vanlege sjokkfortommen?
2. Korleis skal ein rigge krokfortommen utan at det blir surr? Stoppknute-> (perle)-> dupp -> 0,60 mono -> sigarsøkke frå 60-80 gram -> 0,60 mono -> krok og sild ?
Shimano Beastmaster Specimen 2,75 er mjuk og fin, og verkar ideell til slikt bruk, eller kva?
På forhånd takk for innspel .
-
Den var fet, ja .
-
Triturus og eg kjem nok oppover, men me treng ikkje (har ikkje råd) hotell. Er det to-tre kvadrat ledig til eit telt der oppe i nord-trøndelag eller?
EDIT: Har eige telt, ja.
-
Jaaaa! Endeleg kan eg òg legge inn post her .
1. Brosme, 5200 gram
2. Brosme, 6250 gram
3. Brosme, 9400 gram
Det går oppover, i alle fall.
-
Sjå den, ja!
-
Takk alle! Nystanga er Shimano Twin Tip. Lasse skuldar Vilhelm 50 kroner.
EDIT: Stanga heiter visst Power Aero i tillegg til Twin Tip.
-
Forklaringa til overskrifta er at Triturus hadde bevilga seg ei veke med fyll i Åre, og har masse skulearbeid å ta igjen. Difor skulle eg berre ta ein rask tur ut for å lufte nystanga.
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7426/18444.jpg
Eg vil anbefale Holdall frå Freia.
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7426/18446.jpg
Turen gjekk til plassen som tidlegare har levert både havmus og paddetorsk, og eg ville prøve mikromeite etter sistnemnde. Stor lyr vimsar ofte rundt odden her òg. Storsei blir stadig rapportert av dykkarar. Apropos dykkarar, heile tre dykkelag var innom på den tida eg var her.
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7426/18447.jpg
Nystanga er eg svært nøgd med. Aldri har eg kasta så langt. Fyrste fisken var ein liten kviting, og den fekk raskt selskap av ei sypike. No manglar eg berre hysa så har eg Trøndelag grand slam, tenkte eg for meg sjølv. Hysa kom aldri, men ein fiskersiden-kollega svippa innom. Bullfrog er hans pseudonym, og fisking er hans lidenskap. Som resten av oss.
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7426/18445.jpg
Bullfrog manglar hågjel på lista si, og eg vippa nonchalant opp ein hågjel på seks hekto då han monterte stengene sine. Hehe. Sjøen var nesten på topp, og flo+ mørke = svarthå. Mengder av svarthå. Dei fyrste var beskjedne, men vekta tok seg opp etterkvart. Bestenoteringa for Bullfrog blei 320 gram, trur eg.
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7426/18448.jpg
Då det hadde vore stille på stengene ei god stund, sveiva eg opp for å sjekke. Det som kom opp var eit grusomt syn. Ei stakkars sypike hadde hekta seg på kroken utan at eg merka det, og dei onde slimålane hadde forsynt seg grovt. Ein får litt dårlig samvit for slikt.
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7444/18514.jpg
Den tredje dykkegjengen for kvelden plaska uti, og då blei det stille på stengene. Altfor stille. Me mistenkte at det ikkje var agn på, men det var så kaldt at me venta litt til. Når me så sveiva opp, kunne me konstatere at det ikkje var agn på nokon av stengene. På med ny sild og uti med det. Etter n svarthå blei det stille att. Ein halvtime etter smånappa det litt på stanga mi. Litt irritert på denne svarthåen sveiva eg inn slakken. Men det verka tyngre enn svarthå. Kanskje er det ein fin hågjel? Dei fightar ganske tappert. Etter å ha fått inn nokre meter byrjar det å dunke hardt der nede. No mistenker eg at det er ein fin torsk. Men i all verden, no er det eit lys der nede, seier eg. Varmen tar seg godt opp inne i kjeledressen no. Me kan då ikkje ha kroka ein dykkar? Utan å tenke så mykje på helsa til ein eventuelt kroka dykkar, pumpar eg vidare. Tunge støt nedanfrå utelukkar etterkvart dykkar-teorien. Så, endeleg, bryt noko overflata der ute. Den er svær! Men kva er det? Lange? Nei, det er brosme! Sjukt svær brosme! Oioioi! Men kor skal me ta han opp? Fisken har allereie vikla seg inn i snøret på den andre stanga. For dei som er lokalkjent, så er det store betong-utstikkarar på staden. Eg måtte lirke brosma rundt denne, og Bullfrog hadde tatt plass med (den altfor korte, altfor smale og altfor grunne) håven sin. På andre forsøk får me vippa brosma oppi, og til slutt opp på land. Steike, ny art!
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7427/18450.jpg
Kroken sat perfekt i munnvika.
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7427/18451.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7427/18452.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7430/18458.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7444/18513.jpg
Brosmetakkel med flytekuler og 4/0 Mustad Demon fine wire.
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/7427/18453.jpg
Levert av: http://fiskevatn.no/foto/
Og vekta på brosma? 5200 deilige gram!
EDIT: La til litt fleire bilete.
-
Men, bade i Zalo eller vaske opp med Head´n Shoulders?
-
Kjekt med rapport frå Hardangerfjorden. Stort potensiale her, og eg gledar meg til å prøve når eg kjem heim til gamle trakter igjen .
-
Den velkjende kleppen utan krok!
-
Kul rapport, fæl lusuer og feit lange!
Edit: Faktafeil med fuglen. Bjørkefink skulle det vera.
-
Feil begge to. Det var 201 før Tryta melde seg inn . Det er verd å merke seg at det er gratis å vera støttemedlem. Ja til natur!
-
Mine favorittar er:
Eau de Vie og Napoleon
Fine, halvliters plastflasker som passar godt i sidelomma på sekken.
-
Bra at kjem litt rapportar utover kvelden! Du har rett i at kvar tur utan fisk aukar sjansen for neste tur, kumulativ sannsynlighet . Kva hadde vel fiskinga vore utan blanking?
-
Fin rapp med fine bilete !
-
Tusen takk!
-
Her er eit pinleg spørsmål :
Eg har kjøpt snella som er nemnt over, men eg ser ikkje heilt korleis eg skal skifte spole? Skal eg skru på bremsen til eg blir blå?
Det var ikkje med splitteikning.
På forhånd takk for svar .
-
Dahls i flasker og boksar!
-
Det største problemet ditt er lokalitet... Triturus og eg har eit par plasser me skal prøve nær Trondheim, berre heng deg med! Uansett skal me ta juksemetoden i midten av mars; ved vinsjan på kaia i Namsos .
-
Indiana Jones-trilogien er jo å anbefale .
-
Godt jeg har klister hjerne Husker at vi har diskutert dette før,finner ikke tråden,men sjekk ut denne linken:breakaway slideaway
Søren, eg som hadde tenkt å ta patent... Jaja. Tilbake til tenkebua .
Det med heil sild var i alle fall nytt (enn så lenge).
-
Ein må ha bratt fiskeplass ja, Havengel. Det er ein forutsetning . Grunnen til å prøve ein slik metode er for å unngå masse dill på fortommen når ein kastar ut, i tillegg til å lage eit breitt duftspor. Prefryst feeder er jo vel og bra, men fleire praktiske problem ved. Stor motstand på veg opp vil det vera (litt avhengig av storleik og form på fluposen), men stor motstand er det i stor fisk og. Håpar nokon vil prøve metoden, i alle fall . Gratis altså.
-
Mange gode tips her, Sølvreven. Mellom fossane fekk me lake tidlegare i haust. Oppe ved Svean vil eg ikkje kalle "god" plass, men det er sikkert lake der (mange timar blanking her òg) . Får ta ein tur ovanfor Øvre Leirfoss ein kveld.
Refleksjoner
i Testforum
Skrevet
Som biologspire var dette herlig lesing!