Gå til innhold
Fiskersiden

Chironomus

Medlemmer
  • Innholdsteller

    3 942
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Chironomus

  1. VELDIG HOT TIPS:

    Den asiatiske matbutikken i hjørnet nederst i munkegata selger frossen makrell i 3-pakninger året rundt til ca 55 kroner pakken. De agnene overlevde jeg på i hele år mens jeg bodde i Trondheim. De har også store pakker med frossen akkar og andre fiskeslag.

    Gjørs

    Case closed. Takk!

  2. Jeg er ikke helt fornøyd med nappvarsleren, hadde ikke lagt meg til å sove med slike på karpetur for å si det sånn. Har flere ganger opplevd at det dras snøre av snella uten at den piper, muligens fordi det er multisnøre...?

    Eg opplever det same med min nappvarslar, men den fungerar greit med 0,35 mono. Den er heller ikkje glad i heftig regn, men etter tre-fire dagar med tørking fungerar den fint att :angry:

  3. Takk for svar, men eg blei vel ikkje veldig mykje klokare... Eg prøvde å søke opp fiskemottak i nærleiken av Trondheim, men det var lite å finne. Eg meinte at den store breiflabben som blei teken tidlegare i vinter her i fjordenblei vegd på ein mottak i Malvik, men er ikkje sikker. Veit nokon kor ein finn desse mottaka (ja, eg har prøvd gule sider)?

  4. God jul

    Her i Trøndelag er sildefisket over, og me var ikkje lure nok til å hamstre sild til frysaren. Kva gjer me? Reker er jo ein moglegheit, saman med invertebratar frå fjøra. Men sild er favorittagnet. Eg ser at Gjørs har blitt glad i spekesild, korleis heng denne på kroken? Verkar det like bra som fersk sild? Er det den frosne typen i blokk?

    Fins det andre smarte og gode agn? Det må jo vera lettvint, billig, effektivt og henga godt på kroken.

    Håpar på mange, lure svar :angry:

  5. Vel, Sepiola atlantica kan bli opp til 20 mm, så eg trur me kan utelukke denne...

    Den tilhøyrer sannsynlegvis akkarfamilien, Ommastrephidae. Den som liknar mest i mine (ufullstendige) papirer, er Toderodes sagittatus, ,men den skulle berre bli ca 60 cm. Det er ikkje mykje å finne på nettet, heller.

    Uansett flott fangst!

  6. Ganske så innbringende fisketurer. :P Mangler vel bare havmusa nå!

    Hva slags tackler og agn fikk dere hvittingen på?

    Me brukar pulley-tackler, for det er pill rotten bottom der. Nøter, snurrevad, kablar og bilar antakeleg :D . Sirkelkrokar rundt 1/0 til 3/0, med litt perler og sjølvlysande slange. Eg hadde forresten cracklight frå kvelden før. Lidl-cracklight lyser i evigheiter.

    Men eg må korrigere deg litt, Irvin. Den største min var 2,25. Femti gram her og femti gram der, blir kilo av slikt :D

  7. Om du må reise åleine eller ikkje- det spelar ingen rolle. Young Neils er fantastiske, vel og merke for blodfans av originalen. Då dei spelte på Samfundet i Trondheim i fjor, starta dei med Cinnamon girl. Alle håra på kroppen (og det er mange) reiste seg, og tårene trilla då dei røffe riffa ralla i salen. Eg kunne godt tenke meg å vera med, men eg er for fattig. Jaja.

  8. Litt inspirasjon til tacklebinding no når stormen ular ute. Eg prøvde meg i dag, men pakka saman då eg måtte halde stengene på plass med makt i podden.

    Her er eit tackel til heil sild. Kroken vert klipsa oppover, og hovudet på silda peikar framover i kastet. Agnklipset er frå Fox, og er forsterka med perle og crimp. Krokfortommen er festa på vanleg måte, crimp-perle-svivel-perle og crimp.

    Det blei visst skikkeleg dårleg dette biletet...

    15336_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6100/15336.jpg

    Detaljbilete:

    15337_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6100/15337.jpg

    Så nokre paternosters:

    Langtkastande paternoster med berre ein krok og ImpactShield.

    15338_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6100/15338.jpg

    Klassisk tokroks paternoster med agnklips for lange kast.

    15340_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6100/15340.jpg

    Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

    Skitt fiske til meg sjølv og alle andre som skal ut i morgon.

    God natt.

  9. Hvis man synes synd på røya etter at den har ligget "ihjelspekt" på isen noen timer er det enda håp.

    Ta dem med hjem og legg dem i oppvaskkummen i kaldt vann for sakte opptining av røyene.

    Og kanskje kvikner de til igjen.

    Utrolig, men sant, røya går nærmest bare i dvale. Det har jeg opplevd flere ggr. mange timer etter fisketuren.

    Og når dattera i huset fikk se dette, var det ikke snakk om å avlive røyene.

    Så jeg måtte pent kjøre den lange veien tilbake til fiskevannet og slippe dem ut igjen !

    Så fryser røyene raskt inn på isen, kan man som sagt vurdere oppliving senere rolleyes.gif rolleyes.gif

    Catch, wait & release.

    Dei var vel neppe gjennomfrosne. Dersom dei var det, trur eg at eit par professorar på NTNU er interessert i å vite kor det vatnet var :D . Utan å verke for grinete og sur, så tykkjer eg det er drøyt å ikkje avlive røyene så fort dei er komne opp på isen.

  10. Beklager avsporinga, men:

    QUOTE(Chironomus @ 12.12.2006, 09:56 ) *

    Eg las i Pethon i dag at rødspetta var freda i periodar. I Trøndelag, t.d, frå mars til juni eller noko sånt. Gjeld det enno, tru?

    Det gjelder vel kun yrkesfiskere vil jeg tro.

    Det stod verkeleg "mange sportsfiskere er ikke klar over dette".

  11. Kjempebra innlegg, Gjørs.

    No er det jo ein kjempegjeng i Lidl kystmeitelag som allereie har mista tackler og søkker i kilovis - dette må jo kjøpast inn att. Det er litt lenge å vente til neste Lidl-salg med å fylle på i utstyrskassa, og ein må passere 6 bomstasjonar for å handle på Sakshaug i Stjørdal (dei har faktisk ganske bra utval i kystmeiteutstyr no). Ein butikk i fjordgata lovar at dei får inn MASSE utstyr snart, men det har dei sagt i månadsvis no. Eg trur det kunne vera lønnsamt for ein av butikkane i Trondheim å ta inn litt dims. Er det berre manglande kunnskap som gjer dette, eller er det for (økonomisk) risikabelt? Kanskje ein butikkansatt er innom FS og ser dette...?

    Eg var i butikkane i dag, og kan bidra med ei oppdatert liste over kva som er mogleg å få tak i av kystmeiteutstyr i Trondheim pr. i dag:

    Skips-og fiskeutstyrsbutikken:

    -Owner supermutu i str 7/O til 12/O, men det er litt i største laget for oss.

    -gummislange (raud)

    -div VMC-krokar

    -masse store Mustad-krokar

    -div hekler til kr. 10,- (kan ta av sjølvlysande blekksprutar og bruke desse i eigne tackler)

    Hugsar ikkje namnet, men butikken er 20 meter mot Ravnkloa, frå ovannevnte butikk:

    -sjølvlysande slange

    -tripod (klumpete, tung og ustabil, men likevel ein tripod)

    -div søkker under 60 gram (eg har kjøpt alle over 70 gram)

    -div krokar frå Kinetik

    -billige harper med blekksprut o.l. Ta av desse og bruk 0,90-sena til sjokkfortom.

    -Sufix XL strong sjokkfortom 0,60 mm, 240 m, ca kr 140,-

    Panduro:

    -sjølvklebande refleks (til tuppen av stanga)

    -div flytekuler

    -div attraktorperler (ofte dyre og tunge, mulig perlehuset har litt betre utval)

    - sequins

    -sjølvlysande plast-"tønner" (stor pose kr. 27,-. Du går ikkje tom på lenge, ca 6 mrd stk i posen)

    Garnbutikk like ved Panduro (mot ravnkloa):

    -elastisk surretråd til agn, 25 kroner for 200 meter

    Pass på at du tar den tynne typen, omtrent som ein sytråd. Gold-Zack er produsenten ("Knitting-in elastic").

    Adgars sportsfiske:

    -surpomp (han er plassert like bak disken, i ein stor skinnstol)

    -fiskelim til knutar o.l, (Fishin´ glue, kr 59)

    XXL:

    -billigaste Fireline i byen, 399 for 270m 0,25

    -tacklemappe (Sølvkroken, kr 79)

    Agn:

    -Ravnkloa får inn sild 1-2 gonger per dag. 39 kroner kiloet

    -Fiskhallen får òg inn sild stort sett kvar dag

    -rema 1000 har dødsbillige frosne reker

  12. Kul tur, ja. Gledar meg til eksamen på måndag, for det betyr jo ny fiskeøkt.

    Me drilla ikkje fisk på betongmur, men kasta frå gamle vegrester mellom >>>-skilt. Det er kult å ha ein stad som dette i nærheten, sjølv om det til tider er folksomt her (derav namnet). Det fine er at så snart det mørknar (i tre-tida), så reiser alle heim. Då får me alle stadene for oss sjølv. Hehe. På dagar med klissregn og kuling får me òg alle stadene for oss sjølv. Dobbel-haha.

    No er det vel sengetid. Blir fett med korrelasjonskoeffisientar og dobbeltforventing i morgon. Trippel-haha.

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.