Gå til innhold
Fiskersiden

Kjell Andreas Oddekalv

Medlemmer
  • Innholdsteller

    9
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Kjell Andreas Oddekalv

  1. Var på Svartkulp på fredag (som er veldig lett tilgjengeleg med T-bane for oss utan bil), og der kunne ein nok kjørt ut eit par lastebiler utan at isen ville gått. Måtte borre til godt under "leddet" på boret for å kome igjennom. Beit godt med abbor. 

  2. Plenty med is, og mange som fiska. Mykje fisk også, men vanvittige mengder mikro-hvitting. Var min første tur utpå der, og eg var imponert over artsrikdomen. Utan å flytte seg får ein fort eit tosifra antall artar om ein fiskar ei stund (og det var utan å få nokon av dei fancy "signaturartane"). Gjekk m.a. veldig fin taggmakrell og skikkeleg diger makrell, i tillegg til veldig fin storleik på sandflyndrene (400g+).

  3. Hei!

    Eg har nettopp teke med meg sommarhobbyen min til kvardagen i Oslo. Eg har alltid fiska mykje på vestlandet, men har aldri heilt teke steget til å fiske her i Oslofjorden. Til no har eg forsøkt meg ved Fiskevollbukta og på Rolfstangen/Snarøya, og har hatt som mål å klare å få fiska meg noko flat fisk. Den gang ei - det har vorte med makrell, knurr og østers(!).

    Eg har fiska med agn (både glidetackle og paternoster agna med reke, makrell eller blåskjell) og litt med sluk (når eg har sett makrellen koke), og eg skjønar ikkje heilt kvifor eg ikkje har funne flatfisken. Går dei ikkje grunt når det er såpass seint på sommaren og det er sprøtt varmt?

    I alle høve, hovudpoenget er at eg ikkje har bil, og ei heller sykkel, men har alltid månadskort på buss/trikk/bane/båt (Sone 1), og eg lurer på om de har nokre stadar å tilrå som eg ikkje har funne enno (har søkt rundt plenty, og har http://www.njff.no/portal/pls/portal/docs/1/219011.PDF liggjande også).

    Nokon tips om kva eg kan ha gjort feil i flyndreleitinga mi tek eg også gjerne i mot, men det høyrer kanskje meir heime i Kystmeite-underforumet?

    Skitt fiske!

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.