Gå til innhold
Fiskersiden

Årets første lakser.


Helge S
 Share

Recommended Posts

Etter at rapporter fortalte om svært mykje laks i Etneelva og laksebørsen viste at det også kom eindel fisk på land måtte eg inn igjen etter et heller labert døgn for ei veke sidan. God vannføring var heller ikkje å forakte så eg ringte litt rundt og enda opp med sone 6 på søndag.

Eg reiste inn på søndag formiddag og traff Rune og Kjersti i sone 9. Det var mykje fisk som gjekk på elva og eg og Rune såg ca 20 laks fra ca 5 kg til 10+ som passerte brua i 12-tida. Ut på ettermiddagen for eg ned til sone 6 og rigga opp utstyret. Det var mykje fisk å sjå her også så pulsen var høg når eg endelig kunne starta fisket.

Eg begynte med ein stor gul og blank spinner og etter et par kast satt årets første laks. Den satt godt og etter 10 minutt var den på land. Den var speilblank og hadde et par lus med eggstrengar på seg så den hadde ikkje vore lenge i elva. Vekta viste 3,6 kg. Kanonstart på fiskedøgnet.

Litt etter kom Christine (Trollet) og blei med vidare. Som så ofte før etter ein knallstart blei fisket tregt men det var svært mykje fisk å sjå så humøret var på topp. Naboane i sone 5 fekk ein nydelig laks på 7 kg og i sone 7 dro dei på den eine laksen etter den andre.

Tidlig neste morgen satte eg på ein monstermakk (over 20 cm lang og like tjukk som tommelen min) og lempa uti hølen. Det tok ikkje lang tid før noko løfta loddet og sakte dro med seg snøret mot strømmen. Laks, tenkte eg og dro til. Svaret kom kontant og laksen stakk avgårde mot nokon store steinar som hadde rast ut under flommen. Eg måtte kjøra den knallhardt for at den ikkje skulle stikke ned mellom steinane. Det gjekk bra og litt etter kunne eg lande ein flott laks på 5,1 kg.

Utover dagen blei det mindre og mindre fisk å sjå og i 12-tida ga vi oss. I sonene rundt oss var fisket også tregt og elva synker godt. Det er mykje fisk på elva så det ser ut til å bli ein god sesong i Etne.

Takk for laget, Christine! :P Neste gang tar du den store :D

Bilder ??? eehhh, det låg to kamera i bilen men der blei de. :angry:

Her er et dårlig av den første:

26062006195516R5v4h5b4VKN3.jpg?28

Trollet har kanskje noen bilder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.