Gå til innhold
Fiskersiden

Bontelabo - igjen


lakselorden
 Share

Recommended Posts

Nå syns eg det er passe tynt med rapportar her så eg legg inn det eg kan :)

I ettermiddag tok eg med son min og ein kompis til Bergen sentrum. Det var meldt kaldt ver utpå ettermiddagen, og det skulle vise seg at det fraus godt på etter kvart. Likevel var det utrolig fint å være ute i kveld. Det var heilt stilt på sjøen så det kjentes aldri særleg kaldt. Gutane heldt også varmen med litt slåssing på brygga. Eg måtte be dei halde seg litt vekke frå kanten sidan det etter kvart vart verkeleg såpeglatt på betongen.

Når det gjaldt fisket var det nokså tamt frå byrjinga av. Dei to andre gangane vi har vore på staden har vi hatt kontakt med fisk ganske momentant. I dag var det derimot ein god del venting før det skjedde noko, muligens kom det av at vi var noko tidleg ute. Når det først skjedde noko var det derimot temmeleg heftig. Det røska godt i stanga og plutselig var ho på veg utfor bryggekanten. Eg hoppa bort og fekk tak i ho, men då var fisken alt vekke. I tilfelle det framleis skulle være ein viss interesse for agnet lot eg det ligge eit par minutt. Imidlertid skjedde det ikkje noko meir, så eg drog inn og sjekka forholda. Då viste det seg at fortommen på 0,60 hadde ryke rett av. Skulle gjerne hatt ein wirevariant då.

Etter dette tok nappfrekvensen seg noko opp. Først fekk vi ein pigghå, til stor glede for kompisen til Andreas som aldri hadde sett slikt før, så ytterlegare ein pigghå, som forøvrig var utrulig feit, før vi mista ein fin sei. Litt før sju kom søstra mi og mannen i hennar liv med pizza til oss. Mannen i hennar liv ville kjenne på stanga, og der var det sanneleg ein fin sei. Han såg sånn cirka 4 kilos-aktig ut. Vi kasta ut igjen og etter ei lita stund fekk tanta Ragnhild hale i land ein lyr på rundt 2 kilo.

Gutane med pigghå:

38206_s.jpg

38207_s.jpg

Endå ein fin tur på Bontelabo, altså. Folk må iallfall ikkje være redde for kulda om dagen. Ta på godt med kle og kom dokke ut.

PS: Var på posten og henta ein haug med søkke og stang frå Bårdsen, i tillegg til ein penn mag 525 og ein haug krokar frå USA. Sette ihop stanga (Mustad extreme velocity) og rista litt på greia. Eg må sei eg lurer litt på korleis eg skal klare å få fleks på ho. Førstegangskasting med mulitplikator og den stanga blir vel noko i nærleiken av ekstremsport.

Endret av lakselorden
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.