Gå til innhold
Fiskersiden

Julekalender 12.12


Gjest Døsen
 Share

Recommended Posts

Gjest Lettaste Døsen

39951_s.jpg

Eigentleg skulle dette og vere ei oppskrift, men dette får ein ha til gode til ein annan gong. I staden vert det ei lita rundreise yst i Nordfjord, nærare bestemt Husevågøy.

Husevågøy er ei lita øy yttarst i havgapet nokre få sjømil sør for Stadt med om lag 50 fastbuande. Fråflyttinga har gjort seg gjeldande her og, siste 30 åra har øysamfunnet mist 100 innbyggjarar. Fleire av husa er i dag feriebustadar, so også barndomsheimen til mor mi.

39950_s.jpg

39952_s.jpg

39953_s.jpg

For ein som trivst med fangst og fiske, er det ein draum å kunne nytte i feriar og langhelgar i eit slikt område. Sidan eg var ein neve stor, har ledige dagar blitt brukt mellom holmar og skjer i dette området. Garn, teiner, liner og fiskestong har vore faste innslag seint og tidleg frå eg tok mine fyste steg på eiga hand i fjæresteinane.

39949_s.jpg

Fisket i området er rikt på artar og utfordringar. Personleg har eg tatt 44 artar i den delen av fjorden eg kan sjå frå stova. Då eg aldri har nytta tid på små krokar eller skikkeleg satsing etter mellom anna skater, trur eg utsikta fort huser nærare 60 artar. To surfkast frå naustet har det vorte tatt havål på nærare to meter i ruse og svartskate kring famna i lengde på line. Dette er satsingar det førebels berre har blitt handla inn til –og snakka om.

39954_s.jpg

39959_s.jpg

Området gjev rom for alle dei formene for sportsfiske som er vanleg her til lands. Ei lita lyredorg, harpe, toppknytt bambustrode, fluge- eller slukstong gjev alle fangst om ein veit kvar ein skal leite. Om ein ikkje er nøgd med berre fisk på bordet, er området meir enn rikt på krabbe. Sjølv finn eg glede i mange ulike former for fiske, men dei siste åra har meitefisket i stadig større grad lagt beslag på tida. Samstundes er turen med slukstong og kaffikanne langs svaberga, på leit etter fersk frukost tidleg på morgonen, ei oppleving i seg sjølv; stilla, sol som renn i aust, berre vind og sjøskvalp å høyre.

39955_s.jpg

39948_s.jpg

Øya ligg som nemnt yst i Nordfjorden. Det smale sundet mellom Husevågøy og Vågsøy gjer at det er mykje straum i sjøen. Noko som igjen gjev godt mattilsig og stor artsrikdom i området. Frå land kan ein nå ned mot 300 meter på enkelte plassar, men i regelen må ein nøye seg med 80-90 meter. Om ein disponerer båt, er det mange spanande plassar å utforske. Vest om øya ender eg ofte i området kring Svarteskjeret. Her kan ein fiske både på djupna yttarst i fjordrenna eller på store sandgrunner innanfor korte avstandar. Klovningen er ein annan stad å freiste, spesielt er austsida ein god plass for dei som vil teste jerk og popperfiske etter grovvoksen lyr. I sjølve fjorden er det mange gode plassar for den som er kjend, spesielt interessant er ein gamal skipskyrkjegard sør for Hallneset.

39958_s.jpg

39957_s.jpg

Husevåg er ikkje lett tilgjengeleg for dei som ikkje har kjentfolk lokalt eller båt. Eit par utleigebustader er under oppføring, men i skrivande stund er ein avhengig av å kjenne nokon. I tillegg er det 8 timar køyring til Oslo og 4 timar med hurtigbåt til Bergen frå Måløy. Næraste utleige av overnatting er Solheim Fiskeferie rett over fjorden, dei leiger ut bustader og båtar i Vågsvåg, Torskangerpollen og Oppedal. Om ein er på reise i området og skal lufte fiskestonga, er Kaibutikken i Måløy sentrum staden å starte. Her får du tips og utstyr til ein rimeleg penge.

Om nokon er i området og treng hint og vink, er det berre å sende ein PM

Endret av Lettaste Døsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fantastisk plass for fiske. Jeg har hatt en fiskeuke om sommeren på Husevågøy de siste 7-8 (?) årene. Helt riktig så er det værhardt, hvis man skal på utsiden av neset/fyret, men det er plenty spennende fiskeplasser innover, særlig hvis man tenker på dypvannsfiske.

Renna i fjorden går vel på rundt 300 meter rett nedenfor plassen til LD, så grunner det gradvis utover. Dvs at man går mot grunnere vann når man går "utpå". Vannet presses altså i sammen, og oppover, ved utgangen av fjorden, strømmen går stri akkurat her. Selve Husevåg "sentrum" ligger lunt til med god havn bak molo, så lenge man får båten ut så er det altid mulighet for å komme seg i le for fiske. Langs land har man mulighet til å kjøre til andre sider av øya.

En ting er fiske, det kan antagelig ikke bli noe særlig bedre, en annen ting er rammene. Selve "Husevåg city" gir sørlandsidyll, små hvitmalte hus langs den smale, buktete, veien. Folk som slår heiene, og de små flekkene mellom husa med hjå, om sommeren.

Har gått et par turer gjennom Husevåg og tilogmed kommet i snakk med folk ;-) Og både plassen, og enkelte av folka, bærer noe preg av å være fraflytta :D , men alt er jo velholdt og fint (og alle er sikkert i slekt med LD, så jeg må vokte meg).

I sterk kontrast til den lune idyllen "inne i Husevåg" står havet rett på klippene rundt Stadt når man kommer utenfor neset. Her snakker vi om seriøst brutal natur som kontinuerlig er i stand til å mose hva som helst, når som helst. På grunn av strømmen i fjordutløpet reiser sjøen seg til store høyder på et blunk, og vinden ramler ned på en som ei kule. Selv om vi har vært veldig forsiktige har vi fått vår del av "hjemmturer" som har vært mer spennende enn det man setter pris på. Om man er i tvil om været så er det bare å sette hjemmover med en gang, enkelt og greit.

Det er utvilsomt en perle, ikke så mange slike plasser igjen langs kysten, ihvertfall ingen som jeg har tilgang på, så takk for det. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lettaste Døsen

Har gått et par turer gjennom Husevåg og tilogmed kommet i snakk med folk ;-) Og både plassen, og enkelte av folka, bærer noe preg av å være fraflytta :D , men alt er jo velholdt og fint (og alle er sikkert i slekt med LD, så jeg må vokte meg).

Typisk spekulasjon frå ein mann som ikkje ser anna enn skogen i Ytre Enebakk....

Følgjeleg har eg ein ledig plass til Nordvestlandet Sankthanshelga 2008 for den som måtte vere interessert :)

Angåande lista di med artar over fem kilo - med atterhald om sviktande minne: lange, torsk, sei, brosme og lyr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.