Gå til innhold
Fiskersiden

Norwegian gjev mykje for pengane


Even A
 Share

Recommended Posts

:) I går kveld stod avreisa til julefeiring i Trondheim for tur og reiste til Bergen på ettermiddagen for å ha god tid til flyavgang kl.2010. Turen til vestandshovudstaden gjekk greit, og etter 1time med Fisk og Fri på Flesland var det vår tur til å gå ombord og taxa ut på flystripa.

Avgårde for me og opp gjekk det, endeleg på veg. I det flyet når opp i skylaget over flyplassen kom eit kraftigt smell og eit kraftigt kvitt lys blenda oss. Lynet slo ned i vinga rett utanfor vindauga der dattera mi satt. Det vart eindel forskrekka utbrot blandt medpassasjerane, men som den store, sikre pappaen eg er greidde eg å halda maska og roen.

Etter nokre minutt med turbulens roa gemytta seg hjå dei nermaste medpassasjerane og Fisk og Fri vart opna att. Litt ut ein artikkel om fiske på Cristmas Island vart eg var høgrøysta oppførsel bak i flyet, og framover midtgangen kom ei flyvertinna med ein oppskaka passasjer etter seg. Han veiva med armane og verka rimeleg påverka av ettkvart. Lengst framme i flyet ligg toalettet og eg rekna med at det var der han skulle og fann fram fiskepornoen att. Brått vart eg vekka opp frå fisketankar då det eksploderte i skrik og leven, tre staute menn måtte ta tak i denne personen og halda han att då han angreip flyvertinnene. Dei fekk lagt han i bakken, og purseren kom ilande til med handjern som vart klappa over handledda på gjøken.

Han vart pressa inn i eit hjørne der ein bruker å finna babyforeldre, men heldigvis var det ledig der og tre mann stilte seg forran gjøken for å hindra han i å gjera noko meir skade.

Over høgtalarane vart me opplyst om at turen gjekk attende til Flesland for å verta kvitt problemet. Der kom onkel politi ombord med fem mann som bar gjerningsmannen ut. Ein av dei passasjerane som hadde bistått flyvertane måtte få stivkrampesprøyta etter å ha blitt beten av idioten.

Etter ein halvtime på bakken vart det opplyst at me skulle ta av etter litt påfyll av bunkers. Det gjekk ytterlege 15min, så fekk me beskjed om at det var tekniske problem.

Dette ga ytterlege 30min å vente før det atter ein gang vart varsla avgang, men ingen ting skjedde.

Tilslutt kom kapteinen ut og fortalte at problemet var løyst, men at han hadde fått flyforbod då hans lovlege flytid var overskreden. Etter 30min kom det ein ny pilot ombord og endeleg var det avgang. Når flyet endeleg tok av att var det applaus frå fleire av passasjerane og endeleg kunne me fly uavbrutt til Værnes, 3,5 forseinka. ;) Mykje for pengane!! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Haha, for en fantastisk flytur! Slike opplevelser skjenker aldri sas meg:(

:) Berre vent til søndag, då....... ;)

Hehe! Naa kan Du ihvertfall si at Du fikk oppleve noe utenfor det vanlige og som Du sier, mye for pengene! ;)

Oensker deg en riktig god jul i familien! Hils din datter fra meg! ;)

;) Ei riktig god jul til deg og, Pierre, dattera sender også helsing til han kjekke mannen :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke verst skrevet, Even, historien ble faktisk enda bedre nedskrevet enn via mobilen tidligere i dag :)

Tenk på en ting, du skal jo hjemover også da... :)

<_< Det er slik som når du skal på ein lenge planlagt fisketur; berre du kjem fram og får fiska så er du fornøgd, det er lenge til heimreisa. Eventuelle vansker tar eg då, ingen grunn til bekymring endå. :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.