Gå til innhold
Fiskersiden

fiskebaronen

Medlemmer
  • Innholdsteller

    280
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    5

Innlegg skrevet av fiskebaronen

  1. Eg tenker å kjøpe meg ei ny slukstang til fjellfiske. Formålet er å kaste ein 20g sildesluk ca 100 meter. Eg har tidlegare forsøkt fleire typer stenger. Sist Milo Green spirit 12 " 10-30g. Eg syns stanga ikkje lever opp til forventningane mine når det gjelder kastelengde. Eg har vurdert Sportex exclusive trout 13". 

    Stanga bør vere lett slik at det ikkje blir så tungt å fiske med den. Har prøvd ei Kinetic stang som kasta langt, men som dessverre var så tung at ein blir sliten av å fiske med den ein heil dag. 

     

    Er det nokon som har tips?

  2. Eg har no kjøpt meg to billege polaroidbriller på ebay. Brillene er gule i glaset. Med vanlege polaroidbriller blir ein dataskjerm/mobil svart når eg ser skjermen på sida. Det skjer ikkje med desse brillene. Skjermen blir berre mørkare gul. Eg har prøvd brillene på fisketur, og då syns eg dei er mykje dårlegare enn andre briller. Har prøvd å ta av å på briller å sett ned på same punkt i vatnet. Dei gule brillene er mykje dårlegare. 

     

    Er det nokon som kan gi meg ei forklaring på dette? Sidan same fenomenet skjer på to ulike briller kan ein ikkje berre skulde på at det er billigbriller. Eg har tidlegare kjøpt billige polaroidbriller på biltema, og dei har funka heilt fint. Eg klarer heller ikkje å sjå noko polaroidfilter i brilleglasa på dei gule brillene. 

  3. Eg kjøpte meg to nye Stradic FB på Aliexpress til meg og ein venn. Vennen min var  nøgd med si snella, men mi snelle var litt treg når eg sveiva. Den har utveksling 5:1, men følses overraskande treg når eg sveiva. Eg har mange andre shimanosneller ( Twinpower, stradic, super gt, Sahara, Exage, Sedona +++) og ingen av dei er så trege som denne. Alt ser heilt og fint ut på snella. Eg har prøvd å ta av spolen, men det blir ikkje noko betre. Eg har testa kor mange gongar eg får sveiva til å gå rundt når eg snurrar alt eg kan. Då går den ca 4 gongar rundt før den stoppar. Eg syns også eg kan ane ein liten metallisk lyd når eg sveivar. 

    Kva bør eg gjere med dette? Er det noko enkelt eg kan prøve for å dianostisere problemet og evt fikse det. Eg har skrive til Aliexpress og sendt video av korleis den er å sveive med, men reknar ikkje med eg får noko hjelp der. Har også skrive ein mail til Elbe Nordmark,  men det tar vel litt tid før dei svarar no i jula. Eg er ganske sikker på at snella er orginal og ikkje ein kopi. Har kontrollveid den, og den var då 192g. (Oppgitt vekt er 190g  str 2500). 

    Tar shimanoservice inn sneller som ikkje er kjøpt i Norge?

     

    Håper nokon kan hjelpe.

     

     

  4. Eg har brukt vmc treble str 12 til ørretfiske med sluk denne sesongen. Typen har vore vanleg brune ferskvannskrokar. Eg bestilte 200 stk identiske treblekrokar som eg hadde, men dette var ein saltvatntype med galvanisering. Eg syns eg kan ane at krokane er litt mindre kvasse. Kva erfaringar har folk med galvanisering av krokar? Gjer det at spissen blir mindre kvass? 

  5. Eg tenker å kjøpe  shimano stradic ci4+ FB på ebay. Denne kostar 4000,- veil i Norge, men på ebay får eg kjøpt den for 1500 (pluss moms).

    http://www.ebay.com/itm/Shimano-Stradic-Ci4-2500-FB-HG-Spinning-Reel-Ultra-Light-Fishing-FREE-SHIPP-/192270243606?epid=2254774987&hash=item2cc4331716:g:H30AAOSwynRZvih-

     

    Er det trygt å kjøpe snelle på ebay, eller risikerer eg å få piratkopiar og feil modell? Kva erfaringar har folk? Det er ein del pengar på å kjøpe den ebay i forhold til nettbutikk i Norge. 

  6. Eg har hatt ei twinpower snelle i mange år (kanskje 10?). Den byrjar å skrante litt, og eg ser meg om etter ei ny snelle. Snella skal brukast til storørretfiske på fjellet. Eg har sett på diverse alternativ. Mest aktuelle er kanskje shimano biomaster fb evt stradic ci4. Kva snelle er best? Stradic har billegare veil pris og er i utgangspunktet modellen under biomaster, men er nokre år nyare. Kan den likevel vere betre enn biomaster? Eg vurderer også vanquish, men lurer på om eg i praktisk fiske vil oppleve den som betre. Fryktar at det blir mest snobberi.

    Er det andre sneller som kan vere aktuelle? Tenker på sneller med veil pris ca 3000-6000,- Eg har ikkje bråhast og tenker å vente på eit bra tilbud. 

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.