Jump to content
Fiskersiden

fiskebaronen

Members
  • Posts

    255
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by fiskebaronen

  1. Eit 12x snøre frå Kina. Har brukt same snøre på andre shimano sneller. Har funka knall der.
  2. Eg har kjøpt 2 penn conflict Il. Har prøvd med 0.13 og 0.17 multisnøre. Begge snellene får ofte floke. Nokon andre med same problem? Har ikkje lagt på for mykje multisene. Heller lite. Aldri hatt slikt problem før.
  3. Er det nokon som har prøvd multisnøre frå ebay eller aliexpress? Mykje som er veldig billig. Er det ok kvalitet eller berre drit?
  4. Eg har fått ørret våtfluge frå aliexpress. Personleg trur eg fiskeren bryr seg meir om korleis flugene ser ut enn fisken. Blir fort snobberi. Kvalitet på krok har vore bra på det eg har kjøpt, men det varierar sikkert.
  5. Eg har milo green spirit 12 og gir den terningkast 3. Særleg kastelengda er skuffande. Sjølv billige stenger frå kinetic og berkley er betre.
  6. Kva opphegerfluge bør eg velge når eg fisker med sluk etter sjøørret? Eg prøvde først pattegrisen, men syns den fungerte dårleg. Prøvde så mickey finn med same elendige resultat. Etter ein del andre fulger endte eg til slutt med ein stor svar muddler. Den har eg hatt brukbar sukses med.
  7. Er det toll på fiskeutstyr kjøpt på ebay no? Tenker å kjøpe noko småtteri som er under kr 350.
  8. Dobbel Uni? Uni bruker eg til å knytte fast i svivel. Forstår ikkje heilt korleis eg skal få den til som ein knute på hovudlina. Kor mykje senker ein vanleg stopknute bruddstyrken på lina?
  9. Kva er den beste stopknuten? Eg trenger ein stopknute på hovudlina for å bremse ein duppstoppar under kast. Den må altså tåle ein del juling. Bruker 0.40 fortom der stopknuten skal vere.
  10. Eg har prøvd med heilt ny sene. Det verkar til at det tynne godset på svivel skjærer over knuten når eg bruker UNI. Den strammes jo meir og meir. Trilene knuten såg bra ut. Kor mange tvinningar bruker du, abbor? 5?
  11. Eg bruker ein del 0,40 sene som fortom og har eit spesialtakkel eg bruker under ørretfiske. Eg må då knyte 0,40 sene i små ringar og små svivlar. Eg bruker uniknute med 4-5 snurringar. Tidlegare hadde eg aldri problem med denne knuten på så tjukk sene, men når eg bruker små ringer verkar det som at dei skjærer opp knuten. Er det nokon knute som er meir egna? Kva bør eg bruke? Andre som har opplevd same problem?
  12. Eg har ei shimano super GT 2500 som har knekt eine delen av snelle festet (den eine delen av T-en som ein setter ned mot stanga). Går det an å fikse dette for ein rimeleg sum, eller er snella moden for kasting?
  13. Det er null problem å kaste 100 meter sluk dersom ein har rett utstyr og teknikk.
  14. Nokon som har prøvd to fluger som opphenger til sjøørretfiske?
  15. Kva er optimal avstand frå sluk til opphengerfluge når ein fisker etter sjøørret? Eg har prøvd med ein meter, men tenker at det er lettare å fiske med kortare avstand.
  16. Vanlegvis vender sjøauren tilbake til sjøen etter gyting. Men det skjer vel ikkje alltid? Kan ein sjøørret finne seg så godt til rette i ferskvatn at den slår seg ned der? Evt at den blir i vatnet nokre år før den drar tilbake til sjøen.
  17. Eg har kjøpt 2-300 sildeslukar på Aliexpress. Kjøper utan krok. Ca 10 kr stykk. Kvaliteten er minst like god som på sølvkroken.
  18. Eg har budd både i Kristiansand og Sunnmøre og eg er ikkje i tvil. Sunnmøre er klart best på sø. Det vrimlar av sjøørret her. I Kristiansand fiska eg mykje, men klarte kun å bryte kilos grensa fattige 2 gongar på eit år. Du må kanskje vere villig til å køyre litt. Eg får i alle fall mengder her.
  19. Eg bruker som sagt str 14 krok som er ganske liten, og føler at det skal lite til for at den rettar littegrann ut når eg setter i botn. Då tørr eg ikkje bruke den meir. På fast ørret er det ingen problem med utretting. Heller ikkje på mellomstor laks. Eg har ca 1500 ørretslukar, men bruker no spesialopplegg slik at eg fiskar med same treblekrok heile tida uansett om eg bytter sluk. Då slepp eg å bytte så ofte.
  20. Kva som er godt nok er høgst diskutabelt. Dersom ein krok gir 5% betre krokingsprosent vil ein neppe merke det særleg, men over tid gir det meir fisk. Eg ønsker å fiske med det som eg veit er bra. Problemet er at det går med ein haug av treblekrokar til ørretfiske. Det bør byttast ofte og då blir det dyrt. Hadde vore ein fordel om nokon visste om ein krok som er like skarp som owner berre billigare. Mykje kveiteprat her. Då gjelder heilt andre ting enn til mitt ørretfiske som stort sett dreier seg om fisk frå 500 til 2000g.
  21. Fekk du fisk? Eg bur i Volda. Kan gi deg gode tips om du sender meg personlig melding.
  22. Sjølv om eg bruker krok str 14 har eg aldri opplevd å rette ut krok på ørret. Har då prøvd både vmc og owner krok på sjøørret på 3,4kg og laks på 4,0. Eg ønsker primært ein krok som Krokar godt og er sylskarp.
  23. Eg tenker å kjøpe inn ei større mengde treblekrokar i str 14 for å bruke til slukfiske. Eg har hatt mykje suksess med Owner st bc36 str 14, men dette er ein relativ dyr sak på ebay. Finst det ein annan treble som er like bra, berre billegare?
×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use.