Gå til innhold
Fiskersiden

fiskebaronen

Medlemmer
  • Innholdsteller

    280
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    5

Innlegg skrevet av fiskebaronen

  1. Eg har laga med eg release tackle for å kroke fisk betre når eg fiskar med sluk. Tackelet fungerar bra når det gjeld kroking, men eg har eit problem med at tacklet glir når eg kastar. Eg har brukt 3 dubbsopperar. Det fungerer greit med slukar opp til 15g. Over dette byrjar slukane å gli under kastet. Eg har også prøvd med power gum og stopknuter, men syns ikkje det vart noko betre. 

    Er det nokon som kan vise meg ein glidane stopknute eg kan lage med powergum som er hard og glir lite?

  2. I siste nummer av alt om fiske las eg om korleis man kunne modifisere ein spinner slik at den får betre krokingsprosent. Eg har lese at ved hjelp av release tackle kan må auke krokingsprosenten mykje. Mi erfaring er at stor ørret og laks krokar elendig på møresild. Godt over halvparten faller av. Er det nokon som veit korleis man kan montere eit slikt release tackle på møresild for å auke krokingsprosenten? Eg har funne video om korleis man kunne gjere det, men det var berre med slukar der snøret gjekk gjennom sluken. Eg har lyst å prøve ut dette til våren. 

  3. Eg syns at gangen ikkje var så aller verst .Det kan godt hende den kan lokke til seg storørret. Eg vil utvilsomt forsøke den i storørretenvatna mine. Den kostar 12 euro ordinært. Om dette er ein reell pris er det ikkje akkurat ein billigwobler. 

     

    Forstod ikkje heilt kvifor Potemkin meinte at den verkar som den skal...

  4. På Grand Canaria kom eg over ein wobler eg syns såg veldig spanande ut. Den var 31g og 8cm. Planen var å kaste den langt på jakt etter stor ørret. 

    http://distrimarsl.es/en/spinning/230-triplex-magic-pez-artificial.html?live_configurator_token=825b4746892bd70af4566ca3aae9e47e&id_employee=1&id_shop=1

    På pakninga står det Takajima Triplex Magic lure. Eg finner wobbleren kun ein plass på nettet (sjå link), og merket Takajima finn eg ikkje i det heile tatt. Kanskje eg må skrive det med japanske teikn for å finne det?

     

    Wobleren kasta veldig langt akkurat slik eg hadde håpa på. Problemet med den var at den gjekk opp ned. Når eg drog den raskt inn gjekk den opp i overflata. Gangen var med store utslag og ikkje normal "rapalagange" slik ein skulle forvente med ein slik wobler. Når eg senka den ned og sveiva den sakte inn fungerte den på eit vis, men gjekk framleis opp ned. Når eg lot den synke lenge og sveiva alt eg kunne kom den berre opp til overflata. Eg prøve to forskjellege og det var heilt likt med begge.

     

    Er det meininga at den skal vere opp ned? Er det noko eg kan gjere for at den skal svømme rett veg? Er det nokon som finn ut noko meir om denne wobleren på nettet?

  5. Kom over dette når eg søkte på nettet i dag. Er det nokon som har prøvd dette etter ørret evt andre artar? Det står at det er spesialutvikla for akkurat ørret. Produktet kom i 2013. Eg må innrømme eg er litt skeptisk. Hadde det vore fabelaktig mykje betre hadde eg truleg høyrt om det før.

    http://www.kvalvikbait.no/havfiske-med-kvalvik-bait/

  6. Eg nyttar uniknuten til det aller meste. Mi meining er at den er suveren både til multi og monofilament. På 0,12-0,15 multi nyttar eg ca 8 vinningar. På monofortomen som er ca 0,25 ca 6-7 vinningar. Det einaste minuset med knuten er at ein bør vere litt forsiktig når ein strammar knuten slik at den legger seg rett. Om ein lagar knuten perfekt er den supersterk. Eg har aldri mista fisk pga knuten.

  7. Enig med siste taler. Eg har ikkje fasong som ringeren av notre dam. I dag var eg å prøvde sekkar på xxl. Prøvde norrøna recon og bergans alpinist. Som ballast hadde eg 28kg hundefor. Etter nøye tilpassing var begge sekkane var veldig gode å gå med. Eg klarte ikkje å bestemme meg for kven eg likte best å ha på ryggen. Det er sikkert ikkje alle sekkar som passer bra til alle rygger, men desse to passa i alle fall. Eg likte løysingane på alpinist litt betre enn recon. Valget blir difor truleg den.

  8. Eg har bestemt meg for fjellheimen 4 camp. Har utelukka superlight. Er redd det blir for lite slitesterkt. Standard veg 500 g meir enn Light, men har betre vannsøyle. 4000 på botnduk og 3000 på yttertelt, mot light sine 3000 og 2000. Kva bør eg velge av standard og light? Er det andre skilnadar på telta?

    Eg har bestemt meg for fjellheimen 4 camp. Har utelukka superlight. Er redd det blir for lite slitesterkt. Standard veg 500 g meir enn Light, men har betre vannsøyle. 4000 på botnduk og 3000 på yttertelt, mot light sine 3000 og 2000. Kva bør eg velge av standard og light? Er det andre skilnadar på telta?

  9. Teltet mitt er 12 år, og er kun 3-manns. Tenker å invistere i eit nytt telt.
    Eg ønsker meg følgande spesifikasjonar.

    -Lett
    -God plass (minst 4-camp).
    -God kvalitet
    -Lett å slå opp.

    Har tenkt litt på Helsport fjellheimen 4-camp. Er det nokon som har forslag? Bør eg kjøpe light eller superlight?

  10. Eg har ei Lenovo z50-75. Eg klarte som sagt å spele av filmane på maskina for nokre få veker sidan. Det skal altså vere mogleg å få det til. Er det noko enkel feilsøking eg kan gjere sjølv? Er litt styr å levere inn dersom alt er normalt.


    Dei 3-4 første sekunda av filmen er alltid normal. Så byrjar hakkinga. Har sjekka at det ikkje kjøyrer mange program i bakgrunnen. Er det noko måte å finne ut om eg har nok flashminne?

  11. Eg har eit gopro black som eg kjøpte for ei tid tilbake. Eg hadde då ein laptop som var 4 år gamal, og denne klarte ikkje å avspele film utan å hakke. Eg antok då at dette skuldast at pc-en ikkje takla så tunge filer.

    Eg har no kjøpt ny laptop, og prøvde å avspele nokre filmar. Dette gjekk heilt fint. Dessverre kom problemet plutseleg tilbake utan at eg har gjort noko spesielt. Filmane som eg før kunne sjå heilt normalt hakkar no veldig. Filmen blir avspilt som stillbilder som bytter ca 2 gonger i sekundet. Lyden er normal. Eg har tatt i høgaste oppløysning og bilder pr sek.

    Eg har prøvd både windows mediplayer og VLC mediaplayer.

    Er det nokon som kan gi meg eit råd korleis eg kan sjå filmane utan at det hakkar?

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.