Myklebust Skrevet April 10, 2007 Rapporter Share Skrevet April 10, 2007 P og eg var sjølvsagt gira på ein fjelltur, etter ei veke med innesitting og sosing. Me gjekk i ein særs dryg halvtime før me endeleg nådde destinasjonen. Vassansamlinga låg der heilt blikkstille, mest ikkje eit vak å sjå. Det hasta ikkje med fiskinga, eller det var vel helst trua som var fråværande. Tidbolken dei neste minutta gjekk roleg. Me speida etter vak, knipsa eit par bilete og loffa rundt på måfå. Maska til P byrja å slå sprekker, fiskefeberen tok rett og slett overhand. Utstyret vart samansmelta og startskotet gjekk. "Græla" kom og gjekk, det same gjorde vaka, men det gjorde ikkje nappa. Kvelden gjekk treigt. Me rota rundt i ørska og øskja for å finne ut kva fisken kunne vere interessert i. Spinnar, skeisluk, sildesluk, jigg, dynamitt, oter, garn... You name it, alt vart prøvd ut. Fiskane vart slettes ikkje imponerte. Men me vart imponerte. Ein stor ryggfinne gjennombora overflatehinna. Denne fisken var i ubåtklassa. Slukane vart sjølvsagt kasta i elden, men fisken ignorerte dei. Rundt midnatt gjekk det opp eit lite lys for meg. Det nytta ikkje å kave rundt med spinnarar, Møresilder og andre ulumskheiter. Min gamle, raude og svarte venn med namnet Jensen, skulle få prøve seg. Ein fin, varm vind frå syd-aust skapte krusningar på overflata. Blyet penetrerte bølgjene. Det slo meg at dette eigentleg var optimale fjellfiskeforhold. Filosoferinga stagnerte då eg kjende ein fisk ta sluken. Fisken lugga nokre få gongar, men den fekk aldri skikkeleg tak. Ei enorm boldring fylde daudstilla. Blikket vart slengd opp mot fjellsidene. Kanskje det var steinras? Nei, tydelegvis ikkje. Det viste seg å vere magen til P som vreid seg av svolt. Fyren ville ha mat. Femten pølser, ja femten faktisk, vart pressa ned på høgkant før P klappa seg på magen og sa seg nøgd. Etter litt diskutering vart me samde om å få oss litt søvn. P lova han skulle vekke meg når han skulle ut og halde fram med fiskinga. Det hendte ikkje. Han viste seg å vere ein sleip jævel. Fyren benytta seg av tidenes eldste og feigaste knep. Angrep når fienden søv. P låg våken heilt til eg sovna før han sneik seg ut i mørket. Eg vakna i 7-tida om morgonen og rulla ut av teltet. Nede ved vasskanten sto P. Gleda over å ha fått to aurer på rett under 7 hg var vanskeleg å skjule. Han fortalde om raudfarge, napp, astronomisk heftige utras, og mykje anna. God kvalitet No var det på tide med revansje. Vatnet vart studert grundig. Eit interessant nes skulle få huse meg dei neste timane. Timar med skikkelg hard core blydunking. Herr Jensen synte ikkje nevneverdige resultat. Viss eg la godvilja til, så kunne eg kanskje erkjenne at eg hadde hatt eit lite napp. Mest sannsynleg var det botnen. No hang det ei svart- og sølvfarga Møresild i sena. Den avfiska kvar ein kubikkmilimeter i om lag ein time. Trua var heilt vekk. Eit siste kast vart likevel stasjonert midt i ei vik. Sluken vart fiska inn kjapt rett under overflata. Eit kraftig sug gjekk gjennom stonga då sluken var 20 meter frå land. Fisken var treig men seig. Den kjempa for det meste roleg og kraftfullt, men hadde eit par kjappe, energifulle utras. Eg styrte den unna nokre stygge berg før den vart lempa på land. Fisken var både stor, feit og fin. Inntrykka vart sorterte, og nervane vart stokka. Då fisken vart hengt på vekta, ba eg ei stille bønn om at den skulle vere over kiloet. Vekta stoppa på nøyaktig 900 gram. Målebandet viste 42 centimeter. Det tilsvarar ein kondisjonsfaktor på 1,21! Kan ikkje hugse at eg har fått feitare fisk før. Vindstilla gjorde sitt inntog. Me pakka og gav oss på topp. Eg fekk min etterlengta revansje. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Havengel Skrevet April 10, 2007 Rapporter Share Skrevet April 10, 2007 Sunnmørsfjella om sommaren! Det frie fjellfantliv! Sukk! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
øysteiin Skrevet April 10, 2007 Rapporter Share Skrevet April 10, 2007 Ville fisker, sikle sikle Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Karl Inge S Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Nydelig prikkefisk Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Helge S Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Nydelige aurar igjen. Det er herlig å sjå så feit og fin aure. At dei også er blodraude i kjøtet gjer heller ikkje noko. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Chironomus Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Ein velproposjonert aure dette her! Og til alle rapportane dine i dag; godt skrive. Kanskje me ein dag når målet med 40% nynorsk på forumet her . Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Tommy Vik Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Sykt fin fisk! Veldig bra skrevet rapport Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.