Gå til innhold
Fiskersiden

Artsjakt i Stavangerområdet


Rasmus
 Share

Recommended Posts

Hei!

Skal til Stavanger tre dagar i starten av november og får forhåpentligvis ein del fisketid ettermiddag og kveld. Har tilgang på bil.

Vil gjerne ha med meg nokre nye artar "i bagasjen" heim att. Lista mi er veldig forsiktig og har store hol.

Kunne til dømes gjerne tenkt ein eller fleire av desse:

- all flatfisk bortsett fra sandflyndre, glassvar og skrubbe

- fløyfisk

- rødknurr

- all "microfisk" (saltvatn) bortsett frå gyltene, svart- og sandkutling

- ulker

- fjesing

- kvabber

etc, etc..

Har kikka litt i tidlegare artstrådar frå området og ser jo at det er moglegheiter for det eine og det andre!

Setter stor pris på svar enten i denne tråden eller på pm. Deler ikkje plassane vidare og behandlar all fisk så pent eg kan.

På forhånd takk! Gleder meg allerede ;)

Endret av Rasmus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tror dei var innom der, litt usikker. Skal sende deg en PM med noen kartlinker, og hvilke arter du kan vente å få der, men det blir ikke i dag. Eg er også mye ute og fisker i området, så ikke umulig att eg kan bli med en kveld hvis du vil ha besøk. Av flate er det vel piggvar det er størst sjanse for. Fjesingen tror eg det er forsent for. Rødknurr hvis du har usansynlig flaks. Ulke, dvergulke og ålekvabbe bør gå greit. Tangkvabbe er eg mer usikker på, men det kan jo testes. Fløyfisk er det jo også tid for nå snart, bare gyltene forsvinner. Eg tror du skal ende opp med flere nye arter, bare tida strekker til ;)

Har du alle dei enkle haiene?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du alle dei enkle haiene?

Har kun pigghå av haiane ;) ;)

Trur eg bør satsa på lett fiske sidan eg skal ta fly og det blir med ei stang og ein boks med mikkmakk. Blir vel ei slitt teleskopstang ;)

Håpar det blir tid til litt fiske på turen, ja- aldri godt å sei på forhånd ;)

Jepp, men hvor må du spørre Kim Andre om.

Ja, klart det ;)

Endret av Rasmus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

fløyfisk, tangkvabbe,dvergulke, ulke og ålekvabbe bør gå lett, hågjel og svarthå er heller ikke noe problem skulle jeg tro.

jeg kan stille som guid på et par plasser her på hommersåk, og muligens i ålekvabbeplassen og, hvis ikke noen av de mer rutinerte ålekvabbefiskerne stiller :)

har du brungylt og lusuer?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når i november Rasmus? Vilhelm og jeg har tenkt oss hvertfall en dag i Stavangerområdet. Sannsynligvis mandag 10.

Blir nok veka før. Utruleg bra timing med tanke på fangstane som har komme opp der i det siste. Er i alle fall lov å håpa. :)

Endret av Rasmus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Det blei diverre litt sein fiskestart i dag sidan flyet var forsinka i dag tidleg og eg ikkje blei ferdig på jobb før i femtida.

Karleif var jo i Haugesund og Øysteiin ga eg litt seint beskjed til om kva eg ville. Uansett så endte det med at eg måtte ta turen ut aleine. Eg reiste til ein plass eg hadde fått eit tips om at var fin for microfiske.

På veg ut stoppa eg og kjøpte reker for sju kroner. Det blei ein liten pose det, men diverre var dei så gamle og porøse at eg måtte blya dei ned for å få dei under vassoverflata då eg skulle fora med dei. Uansett så gjorde dei jobben sin. Det blei to nye artar i dag, dvergulke og ålekvabbe. Utruleg moro med kikkfiske!

På butikken med dei gamle rekene hadde dei ikkje sild eller makrell, så det var dårleg med agn til piggvaren. Eg nappa opp ein minisei og brukte denne, men det blei halvhjerta. Hadde ikkje trua på at den skulle gjera nytta. Eg hadde nok ikkje gidda å prøva etter den om ikkje det var for at eg såg ein som kom sigande inn over tanga.

Det irriterte meg litt at microvekta er øydelagd og at den nye enda ikkje er på plass. Hverken kvabba eller ulka blei difor vegd. I tillegg hadde eg ingenting å ha dei i (type akvarium), så bilete blei det også dårleg med. Ålekvabba løsna i krokfestet og landa på betongen. Håpar den ikkje får varige mén av det.

Eg sparar biletet av ålekvabba sidan det var grus på fisken då eg tok bilete.

68202_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/26934/68202.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Dvergulka. Blei to stykk.

Eg er usikker på kva det blir til i morgon, sidan eg heller ikkje då kjem tidleg i gang med fiskinga. Er det nokon som skal ut på noko gøy og har lyst på litt selskap? Helst med utsikter til nye artar :) Stiller med lidl-teleskopstang og ispilkestikke :-D

edit: Bilete av dvergulka inni der

Endret av Rasmus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Grattis med nye arter. Haugesund i dag, og stuck heime i morgen :) Kjerringa hadde vist glemt att hu skulle i forening i morgen.

En kjekk plass å fiske der du var i dag. Det pleier somregel å skje noe. Eg har fått, og sett mye tangsprell der tidligere i høst. Såg du ingen der i dag? Ellers så var det enorme mengder store sandkutlinger der på dagtid i helga. Da hadde eg ikke med fiskestang. Eg og Gjørs har også sett tidenes største hårvar der ett par ganger. Vanlig ulke har eg også fått der ved en rekke anledninger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for gratulasjonar.

Var ute igjen på samme plassen i dag. Det blei eit par ålekvabber i kveld også i tillegg til litt anna som ikkje var så spanande. Den eine kvabba var stor, sterk og hadde nok mange små ålekvabbar i magen.

Jobba hardt for å få denne fine fisken ut igjen i live, og det trur eg gjekk bra. Tok eit kjapt bilete på ein plastpose før den raste av gårde. La stikka ned for samanlikning.

68272_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/26963/68272.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Endret av Rasmus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Grattis med nok en kvabbe. Tipper eg har hilst på flesteparten av dei som bor i røysa i hjørnet der :)

Du var heldig med timingen. Eg tok med ei kanne kaffi og noen reker ut for å se om det var fisk der i dag. Det var det til gangs. Store mengder fløt rundt med buken i været. Vannet var lysegrått, og luktet vondt. til og med krabbene var borte :P Regner vel med att fiskesesongen på denne plassen er over for denne gang........

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.