Gå til innhold
Fiskersiden

Hornindalsvatnet


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Min far har nettopp tilegna seg fast campingvognplass på Grodås ved Hornindalsvatnet. Eg kan lese på Wikipedia av vatnet husar både aure, røye, laks og ål. Eg har lenge irritert meg over at eg ikkje har røye og laks på artslista, og ser no store moglegheiter! :)

Nokon som har erfaringar å dele frå dette vatnet?

Har sovidt lest at røya gyter på sanddynene ved Grodås i september-oktober. Er dette tida å prøve seg? Er august for tidleg? Bit røya i gytetida i det heile? Har aldri fiska etter røye før, og har ikkje behov for den heilt store fangsten. Berre eg får eit eksemplar til lista er eg nøgd. :) Tenkte å prøve med div. spinner og små spesial skjeislukar. Har også lest at spesialsluk med slep og makk er effektivt. Er dupp og makk like bra? Treng eg fiskekort?

Laks hadde og våre interressant, men då må eg vel til med fiskekort og fiske i elva?

Ellers er jo den 600+ meter djupe sjøen heim for djuptgåande mini-mutantrøyer trur eg, men det får bli ein annan gong. :P

Alle tips er varmt velkomne!

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann.

Eg kjem sjølv frå Hornindal (Kjøs) og er godt kjend i vatnet.

Sånn generelt sett så kan ein dele vatnet inn i to delar:

- 1m ned til ca 10/15m står auren.

- frå 20m og nedover eit stykke står røya.

Dette varierer sjølvsagt ein del, men kan ha det som ein hugseregel om ikkje anna.

Laks har eg aldri fått der, men veit det blir tatt nokre i året.

Fiskekort må du ha, både til vatnet og til elvane. Du får sikkert kjøpt det på campingen. Ellers kan eg anbefale elva som kjem aust frå, gjennom Markane og kjem ut inne i Kjøsapollen. Der er det mykje småaure. Har også blitt tatt noko sjøaure i den nederste delen av elva. Fiskekort kjøper du frå dei mange automatane som står rundt om i Kjøs og Markane (Kjøs bru, Sindre, Øyebakken..osv...)

Til dorging på vatnet vil eg anbefale Kleppesluken. Ellers er det oter som det blir tatt mykje fin aure på. For nattfiske ville eg gått for ein mørk Møresild eller liknande.

Håpar dette var til litt hjelp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til dorging på vatnet vil eg anbefale Kleppesluken. Ellers er det oter som det blir tatt mykje fin aure på. For nattfiske ville eg gått for ein mørk Møresild eller liknande.

Anbefalar du dette til aure, røye, eller begge deler? Har eit markdrag med spinnerplater liggandes, kan dette fungere på røye?

Ellers takk for mykje nyttig info! :mellow:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.