Gå til innhold
Fiskersiden

Vinterferie


Håpefull
 Share

Recommended Posts

Etter veker med abstinensar etter å få fukta agnet var det endelig tid for å kome seg på havet igjen.

Tida med internettshopping og besøk hos utallige fiskesjapper gjorde at eg endelig var skikkelig foreberedt.

Etter nok ei søvnlaus natt var eg klar for å å gjere dei siste forberedelsane. Tid for agnfiske var komen.

Etter 3 timar utan resultat etter silda gikk eg til verket med å sette eit sildegarn, hadde ikkje tenkt å la heile ferien gå i dass pga mangel på agn.

Laurdagsmorgenen kom og eg var klar 0700. Dei få sildane eg hadde planlagt å få, skulle omtrent ikkje vere komen over ripa før dei skulle gjere nytta si som lokkemat for torsken! Men so feil kunne eg ta, det stakkars sildegarnet mitt blinka godt når eg kom meg ned til båten. Ka ***** tenkte eg då!! Resultatet vart då ca 6-700 smellfeite silda og ca 3,5 tima med å få all silda ut av garnet og oppi stampar! Her skulle eg sjølvsagt ha lagt ut eit bilde av all silda men eg orka rett å slett ikkje å fordi eg presterte å ta ei skikkelig donald snubling og fikk sjå kameraet flyge ca 15 meter i slow motion og rett til botn med det!

Litt rådlaus om kva eg skulle gjere av all silda bestemte eg meg for å lage til litt kobbesild og litt boknasild. Men kva skulle eg gjere med resten??! Løysninga var å ringe til gamleheimen og høyre om dei var interessert. Og heldigvis var dei veldig interessert, faktisk tok dei resten av silda. Og i heile lykkerusen av å bli kvitt all silda og i tillegg ha gjort ei god gjerning for dei gamle gløymte eg sjølvsagt å ta agnsild til meg sjølv. Heldigvis hadde fortsatt det eg hadde laga klart for kobbesild enda, så eg reiv med meg 10 sildar og stakk til sjøs.

Resultatet etter 2 timar med fisking med Hakumaøyet var 2 torskar på mellom 2,5 og 3,5 kg og ei kort lange som fikk livet tilbake. Merka meg at eg mista veldig lett silda ifra den riggen med øye. Så der må det litt forandringar til tenker eg.

Lurar på å bytte ut 1,2 monoen med 2mm kjetting.

Søndagen var det dessverre noen tømmermenn som jobbet overtid og medan eg sov ut rusen tok sjølvsagt lillebroren min resten av agnsilda mi! Vart dessverre nødt til å sette utnytt sildegarn for å få agn. Tok eit ødelagt garn som aldri har fisket noe godt i håp om at antallet var mer levelig! Etter at garn var sett tok eg meg ein liten pilketur med sluk i ein liten time.

Resultatet var då ein torsk på ca 4kg.

Bildet er tatt med mobil http://img10.imageshack.us/img10/7858/30032010054h.jpg

Mandagen kom og eg var klar for nytt forsøk på havet. Då eg skulle drage det hullete og gamle sildegarnet får eg med ein skikkelig overraskelse. Fangsten i sildegarnet var en torsk på ca 7 kg, 40 sildar og ei breiflabb på 32,5 kg!

Torsken fikk ein retur til havet igjen, men når avgjerelsen om breiflabben skulle få livet i behold, tok magen over og bestemte at den skulle bli matfisk.

Breiflabb: http://img840.imageshack.us/img840/4279/01032011105.jpg

Etter den fotosession stilnet havet heilt og eg tok turen ut med stanga, som var min opprinnelig plan. Og bettet var absolutt til stades.

Etter 3 timar var resultatet 10 torskar ifrå 2 kg til 5 kg. Masse nydelig matfisk!

http://img819.imageshack.us/i/dsc00147uc.jpg/

Tirsdag og onsdagen ble dessverre ikke brukt til fisking av både veret og pga andre gjøremål.

Men torsdagen var eg på plass på sjøen igjen.

Litt vind var det med likevel brukbart fiskever! Etter vel en times tid hadde eg fått 2 torskar på 3-4 kg og endel småsei som skal bli tørrfisk.

Eine seien blei brukt som agn og da fikk eg ein kamp som eg seint vil gløyme!

Etter 40 minutt med kjemping der eg i realiteten ikkje hadde sjans til å vinne kampen, tok den dessverre slutt, fisken slapp enkelt å greit berre taket. Men artig var det mens det sto på!

Fiska vel ei time til og fikk meg to torskar til i samme sizen.

http://img821.imageshack.us/f/04032011108.jpg/

Fredagsmorgenen kom og eg bestemte meg for å ta turen ut til yknsøya for å prøve meg litt der.

På vei ut var veret ganske bra, etter ei lita periode med fisking på ca 200 meter vart det to langer som kom opp..

Men veret ville ikkje heilt vere på lag denne dagen så det var berre å snu og kome seg inn i ørstafjorden i ly igjen. Og det skal eg vere glad for. Etter 5 timar med fisking vart resultatet 8 torskar og 6 hyser.

http://img703.imageshack.us/f/04032011110.jpg/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, breiflabben var eit beist! Halen var i overkant av 12 kg! Masse god mat for en student det der!

Skulle sjølvsagt ønske den beit på kroken istedenfor!

Neste tur på sunnmøre blir ikkje før i påska men får satse på at eg kanskje får meg ein tur i trondheim før den tid!

Endret av Håpefull
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.