Gå til innhold
Fiskersiden

Kva med "Støtt regnskogen, få ei motorsag"?


Glalaksen
 Share

Recommended Posts

På den offisielle Facebook-siden til Salmon Group AS kan vi 1. november 2011 lese følgende:

"Støtt villaksen, få ei fiskestong...http://www.guideline.no/ST%C3%83%CB%9CTT+VILLAKSEN+%C3%A2%E2%82%AC%E2%80%9C+F%C3%83%E2%80%A6+EN+STANG!.9UFRvM52.ips

Kva med "Støtt regnskogen, få ei motorsag"?"

Link til Facebook-siden til Salmon Group:

http://nn-no.faceboo...167568399961392

Salmon Group AS representerer pr. 02.11.2011 47 selskap:

http://salmongroup.no/aksjonarliste/

Med en usaklig uttalelse fra en aktør innenfor oppdrettsnæringen som "Kva med "Støtt regnskogen, få ei motorsag"?" er det vel ingen som lenger trenger å lure på hvorfor oppdrettsnæringen sliter med omdømmet... :whistle:

PS: Regner med at Salmon Group AS er takknemmelig for litt ekstra oppmerksomhet rundt sin nyopprettede Facebook-side! ;)

Endret av Glalaksen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at Salmon Group AS i dag forsøker å overgå seg selv både på sin hjemmeside og sin Facebook-side... :D

Salmon Group AS - Salmon Blog: Støtt villaksen, få fiskestong!

Norske Lakseelver byrja som ein organisasjon for elveeigarar, men no ”kan alle med ønske om bevaring av villaks bli medlem”, står der på heimesidene deira. Dei fleste av dei som blir medlem, bevarar sjølv ein god del villaks. I fryseboksen.

Organisasjonen har tre fast tilsette, den mest kjende av dei er nok Erik Sterud, som på klingande Oslomål nyttar eitkvart høve til å snakke om kor enkelt det er å gå over til bruk av lukka anlegg for å ale opp laks. Den alle første Salmon Blog handla faktisk om Erik Sterud, og hans svært presise programerklæring; ”Vi vil ikke ta livet av næringen, vi ønsker bare at næringen totalt sett skal få et positivt fotavtrykk”. Både før og etter dette har Sterud velvilleg opptredd på samlingar og i media, der han snakkar om den reaksjonære oppdrettsnæringa og dei flotte Osloløysingane som ein ikkje vil satse ukritisk på. Medan Sterud har snakka, har villaksen kome attende i store stimar.

Norske Lakseelver er anti oppdrett lobby i den tydelegaste urbanversjonen, med hovudkontor på Grønland i Oslo. Det er ikkje ein miljøorganisasjon, men skal sikre inntekter for elveeigarar og fiskerett for folk som ynskjer å reise ut i provinsen for å ”bevare villaks”. Kort sagt er det ein interesseorganisasjon for folk som vil fiske laks eller tene pengar på at andre vil gjere det. På Oslomål heiter det å bevare villaksen. Denne retoriske sminka har vore so effektiv at pressa og jamvel mange i forvaltninga omtalar og anerkjenner Norske Lakseelver som ”villaksens venner”.

Om du ynskjer å vere ein av vennane, har Norske Lakseelver lyst å gje deg eit prov på ditt vennskap. Du får beint fram ei fiskestong, slik at du kan nytte den i di bevaring av villaksen! Eller får og får, du må jo støtte villaksen, og det villaksen ynskjer seg er pengar. Beløpet du vil støtte laksen med, avgjere kva fiskestong du ”får”. Du kan velje mellom 4000 og 6000 kroner. Villaksen har konto i Fokus Bank.

Om du til vanleg skulle ha problem med å opparbeide nok personleg medkjensle med fisken, bør du lese Norske Lakseelver sin informasjon. Der får du høyre om lakselusa, ”sjøvampyren” og du kan sjå bilete av ein mann som har fått ei lakselus under auget. Diverre står der ikkje forklart korleis det har skjedd. Ein saknar og ei malande og medfølande skildring av kva laksen opplever når han blir innhenta av sine vener med krok og klepp. Denne delen av Norske Lakseelver sitt materiale minnar mest om fundamentalistisk dyrevernpropaganda, noko som kler ein fiskeklubb dårleg.

Eigentleg skulle ein tru Norske Lakseelver kunne ha eit godt forhold til oppdrettsnæringa og, slik lokale elveeigarar og fiskeinteresser har nytt godt av oppdrettarar sin kunnskap om klekking og kultivering. Men diverre har Oslogutane valt ei linje der ein skal lære oppdrettsnæringa å drive oppdrett, samstundes som ein skal fremje føleriet sin plass i folket sine relasjonar til næringa. Nærleiken til makta og sentrale media har gjeve organisasjonen ein sterk posisjon.

Det må vere ironisk og tragisk for dette Oslobaserte fiskarlaget å oppleve at Oslo kommune i eit sveip utrydda den voksande villaksbestanden i Akerselva. Salmon Group ynskjer lukke til med restitusjonen av denne, og ikkje minst kampen mot gyro i norske elvar. Med lukkeynskinga sender vi og eit ynskje om litt mindre følerisk propaganda i informasjonen som Norske Lakseelver spreiar, og ei meir pragmatisk tilnærming til samarbeid mellom oppdrettarar og elveinteresser. Hugs at svartmaling ikkje er god marknadsføring for turisme. Men hugs og at fleire fiskestenger ikkje betyr meir villaks.

Tekst: Øyvind Kråkås

Link:

http://salmongroup.n...-fa-fiskestong/

Dette er forøvrig en av flere fornøyelige artikler fra samme forfatter.

Sitat fra Facebook-siden:

"Norske Lakseelver byrja som ein organisasjon for elveeigarar, men no ”kan alle med ønske om bevaring av villaks bli medlem”, står der på heimesidene deira. Dei fleste av dei som blir medlem, bevarar sjølv ein god del villaks. I fryseboksen."

Link:

http://nn-no.faceboo...167568399961392

:withstupid:

Endret av Glalaksen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg likte også denne rørende omtanken for fiskens ve og vel.

Ein saknar og ei malande og medfølande skildring av kva laksen opplever når han blir innhenta av sine vener med krok og klepp. Denne delen av Norske Lakseelver sitt materiale minnar mest om fundamentalistisk dyrevernpropaganda, noko som kler ein fiskeklubb dårleg.

Jeg leste jo at Mattilsynet vil ha økt fokus på oppdrettslaks som lider unødig og dør. Egen tråd om det her https://www.fiskersiden.no/forum/index.php?showtopic=60633

Jeg likte også denne rørende omtanken for fiskens ve og vel.

Jeg leste jo at Mattilsynet vil ha økt fokus på oppdrettslaks som lider unødig og dør. Egen tråd om det her http://www.fiskersid...showtopic=60633

Forøvrig så finner jeg retorikken fra Salmon Group ekstrent patetisk, med liten forankring i virkeligheten. Minner mer om noe du ville forvente å høre fra en litt presset diktator som klamrer seg til makten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.