Gå til innhold
Fiskersiden

Mimring: Terminalen


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Heile livet har eg våre meir enn gjennomsnittleg interressert i fisk. Eg har alltid likt å fiske på fjorden, og når eg tenkjer tilbake, so virka det som vi alltid fekk fisk den gongen. Bra var det, for det holdt i alle fall interessa i live. Frå eg var 8-9 år pugga eg fiskebøkene, kunne skilje dei fleste norske saltvassartar frå kvarandre og teikna sikkert 1000-vis av fisk. Eg pugga dei latinske navna på fisk i norske farvatn, og eg kan nok 50-60 av dei utanat enno.

Frå eg var 9-10 år fekk eg lov å fiske åleine. Dette vart gjort på fjorden med robåt, og for det meste med sluk. Det var før eg "oppdaga" agn, noko eg kjem fram til seinare. Alikavel fekk eg ein del artar, og var ivrig å føre opp desse frå eit tidleg stadium. Fekk fort torsk, sei, lyr, makrell, hvitting, taggmakrell, berggylte, blåstål/raudnebb, knurr og faktisk også fløyfisk på sluk. Vi var vel 2-3 stk frå 9-11 år som alltid var ute og fiska, og vi stifta til og med eigen klubb: "Fiskeklubben Møre", som hadde både medlemskort og klubbsong! Når eg var på Sæbø på campingvogna låg eg 7-8-9 timar i strekk og bedreiv det som eg i dag veit kallast "micromeite" med små krokar og blåskjel som agn, og fekk både tangsprell, svartkutling, bergnebb og berggylt (samt torskeyngel), som eg samla i ei bøtte og kasta på havet igjen når dagen var omme.

Sjølv vi var mykje ute og rodde på fjorden heime (samt putra med eit nøtteskal av ein båt med ein 4 hk Evinrude), so var vi ofte på Herøy Terminalen og fiska makrell. Dette er for dei som ikkje veit det, ei stor hurtigrutekai i Torvik. Vi fekk ofte kassevis, og gjekk aldri lei, til div. foreldres store fortvilelse.

Men plutseleg, på ein sommardag som so monge andre på terminalen, var den nordlegaste enden okkupert. Ein liten kvit VW Golf hadde parkert, og ut av denne vesle bilen kom ein stor tyskar. Sjølv om han drassa ut både krabbeteiner, kokeapparat, 7 fiskestenger, knivar, kleppar, bøtter, kasse, stolar og bord, var det alikavel så fullt i bilen at der kun var plass til føraren. Vi såg han fiska med 4-5 fiskestenger i gongen, samtidig som han kasta og fekk makrell. Kva var dette for ein kar? :)

Han fekk veldig mykje sandflyndre, noko vi aldri hadde fått før, og freidige som vi var, gjekk vi bort og spurte og forhøyrde oss litt. Vi fann relativt fort ut at han var tysk, og at "kiiiirkee...ding-dong ding-dong" betyr kyrkje på tysk. Han sikta då til den fine kyrkja vi hadde i Fosnavåg, so derfor veit eg at dette er FØR den brann ned i 98?...99?

Uansett, tyskaren var svært behjelpeleg og knytte oss peternostertakler og egna opp til oss, og vi oppdaga fiske på nytt! Vi fekk det vi trengde av lodd og krokar, og fiska både flyndrer, hvitting og sypike.

Tida gjekk, og etter ei veke var tyskaren vekk (Ja, han BODDE der...i ein Golf...på ei kai). Vi måtte då etterkvart gå til innkjøp av egne krokar og lodd, samt fortomsene, og byrja å knyte våre eigne takkel. Vi fiska då med ei stong med agn, og kasta etter makrel med ei anna, slik som tyskaren gjor det. Vi fekk til tider kassevis med sandflyndre, som vi fann ut var kanon til krabbeagn. Vi fekk også steinbit, raudspette, leppefiskar, ulker osv. Sist men ikkje minst, fekk vi sikkert 100 sypiker for dag, og lærte oss fort å hate denne. Den vart etterkvart relativt stygt behandla og mosa til farse før den vart kasta ut igjen, i den forhåpning at det skulle lokke til seg anna fisk (Og kanskje skræme livskiten ut av dei andre sypikene). Vi fiska ofte i 12-13-14 timar for dag...og gjerne kvar dag i veka, og eigentleg heile sommarferien. Vi bygde oss hytter på kaia av pallar, tromlar og gamle rullebrett-ramper, slik at vi hadde eit krypinn om det skulle regne. Gamle wiretromlar var fine stongstativ og bord. Vi åt fort opp nista, og fekk mat og drikke tilkjøyrt 2 gongar for dag.

Men plutseleg ein dag skjedde noko rart....Ein kompis av meg trudde han fekk fast i botnen, før det plutseleg reiv hardt i heile kroppen. "Botnen" levde! Sakte pumping mot overflata med ei svært motvillig billig haspelsnelde avslørte eit stort brunt flak. SKATE! Vi var ikkje vande med so stor fisk (den var sikkert 4-5 kg), og hadde inga aning korleis vi skulle få den opp. Etter litt somling sleit sena, og den forsvann mot botnen.... bittert.

Vi fann ut at det var piggskate han hadde hatt på kroken, og frå og med den dagen var ALT fiske dreia rundt å få opp ei piggskate. Vi fiska med agnet på botnen, og både krokane og agna vart større og større. Vi laga oss klepp, og fiska heile dagane på same plassen på den nordlege enden. Dette gav resultat! Eg og ein kompis fekk kvar vår piggskate på same dag!

Piggskatex235kg-39kg.JPG

3,5 og 3,9 kg. Meg til høgre, søt redningsvest..og regulering...og bukse....og caps

Vi fortsatte fiskeriet utover sommaren, og fekk ein del mindre skater, på f.eks. 1,7 og 2,5 kg. I tillegg mista vi jo ein del.

Ein dag fekk eg VERKELEG noko stort på, og ei KJEMPEskate viste seg i overflata! Vi hadde ikkje med oss klepp (of course), eg måpa, kompisen sleva, begge hylte som jenter, og sena rauk...

Ein time seinare: Kompisen min får megafisk! SAME FISKEN...takkelet mitt heng enno i kjeften, men jævelen var vel fortsatt svolten, kan tenkje meg at ikkje monge tør nerme seg denne når den var ute og "støvsuga" botnen for alt agnet vårt. :P Uansett...sena sleit før vi fekk dratt den inn til fjøresteinane, og den forsvann på nytt. Vi fiska og fiska og fiska...vi var so bestemt på den fisken at vi gløymde å fiske agn. Når kvelden kom og det mørkna i 11 tida, var vi omtrent tome for både agn, fortomssene, krokar og lodd. Min kompis fiska då med ei stingsild (28g?) gull/raud, med ei halvt makrelhaud på treblekroken, lagt på botnen i håp om storskata.

... Og det verste var... han fekk den f*** meg igjen! På dette tidspunktet sto der ein austlening ved sida oss (turist, tydelegvis) og kauka noko om å "kjøre" fisken... " Det er akkurat som å kjøre en stooor ørret! Må bare bruke bremsa effektivt!". Men eigentleg var beistet bære dvask og tung, og gjodre ikkje akkurat utras. Då den endeleg viste seg i overflata for tredje gong (med fleire takler hengande i kjeften :P), var det blitt heilt mørkt, og fedrene våra var komne med bil for å hente oss. (Noko dei måtte kvar gong, sidan vi aldri kom heim). Far min, som er snekkar, fekk då på rekordtid fiska ut ein spikar frå bilen, spikra den gjennom ei long fjøl som låg der, og laga ein provisorisk klepp. Ved hjelp av denne og ein kniv, klarte vi å få beistet på land! Det vart tatt bilde under ein lyktestolpe, og sjølv om bildet er ein smule dårleg, so er det vel liten tvil om størrelsen...

sverrepiggskate9kg.jpg

Den stolte fiskaren.

Vi konstaterte på augemål at dette måtte være ein rekord av eit slag, og vart heilt i ekstase! Men fedrene våre BLÅNEKTA å ta med seg denne "ufisken" nokon stad. (dei er enno ikkje tilgitt) Vi fekk derfor hverken målt eller veigd beistet sjølv. Austleningen derimot, han ville ha den, han hadde høyrt ay den kunne frityrkokast, og at det skulle være nokså godt. Vi var ikkje akkurat blide når han smilande stakk av med draumefisken, og vi skulle "sporenstreks heim og legge oss!"

Neste dag var austleningen på plass, og kunne fortelle at han hadde veigd fisken, og at den var "over 9 kilo!" Ettersom vi viste både norges- og verdsrekorden, vart vi ikkje akkurat blide, men pytt-pytt, kva er vel ein verdsrekord frå eller til? :lol:

Eg var jo i grunnen ganske bitter sjølv, med tanke på at eg fekk den fyrst, men sleit den vekk. Derfor gav eg aldri opp skatefisket på Terminalen, og har fått nokre fine eg òg:

Piggskate6kg.JPG

Juli 2003, 6 kg.

Piggskate725kg.JPG

August 2007, 7,25 kg, og pers pr. i dag.

Sidan alle desse er tatt med billige haspelstenger (som har bukka under ein etter ein) burde eg eigentleg gå til innkjøp av noko litt kraftigare til kystmeite snart :P

Må desverre i tillegg melde at Herøy Terminalen ikkje har gitt anna enn makrell og nokre usle små lyr i sommar. Ingen sandflyndre eller sypike, ingen hvitting, torsk, sei eller berggylt. Ingen piggskate. Ingen steinbit, bergnebb, blåstål/raudnebb, ulke, dvergulke, taggmakrell, hyse, horngjel, sil, kveite, skrubbe, raudspette eller knurr. Agna er urøyrt heilt til nokre stakars kilos-lyr kjem og sluker dei kvar tredje fiske time. Hverken kilovis med surna, knust krabbe, reke eller makrel klarer lokke til seg noko som helst. Ikkje ein gong sypike! Merkeleg nok savnar eg denne lisje j****en. :P Dette kan lett ha noko med at Terminalen for eit år sidan byrja med impregnering av ringnot, og sølar store mengdar rein GIFT ut i fjøra og sjøen. Eller at det 100-200 meter i frå no har komt opp eit hønseri eigd av ein heller tvilsom fyr som utan problem spyler tonnevis med gjødsel i fjøra. Er vel ikkje heilt heldig for fauna og flora det heller...

Håper nokon tek interesse i denne vesle historia, kanskje sit ein igjen med nokre kloke ettertankar angåande forureining, og sannsynlegvis fått ein go latter av bilda av ein prepubertal Dr. Hook.

PS: Tyskaren kom tilbake året etter. Tok med seg ein kompis med bobil og budde på kaia i 2 veker :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest StadJon

Denne likte jeg! :):blush:

Du minner meg om en hardcore-versjon av meg selv som barn/ung, med en vestentlig forskjell:

Du har tydeligvis fått sykt mye mer fisk enn meg. :D

Synd at ting ikke er som de var før i tiden, klisjeen får bli at det er godt man har minnene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne likte jeg! :):blush:

Du minner meg om en hardcore-versjon av meg selv som barn/ung, med en vestentlig forskjell:

Du har tydeligvis fått sykt mye mer fisk enn meg. :D

Synd at ting ikke er som de var før i tiden, klisjeen får bli at det er godt man har minnene.

Takk takk! :D

Har ikkje heilt gitt opp håpet på plassen, og kjem nok til å prøve nokre gongar til, men ting er garantert ikkje som før. Fekk eigentleg veldig lyst å fiske no, men vinden bles so kraftig at eg trur eg ventar til kvelden. :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flotte fisker !

-folkeopplysning-

Skater og annen bruskfisk har langsom vekstkurve, og forplanter seg også forholdsvis seint. Så det kan være en fordel å behandle dem pent på land, og sette dem ut igjen - for å ha en bestand å fiske på seinere.

Å holde dem etter halen er fy fy - holde dem i den kjøttfulle delen på "toppen" (dvs en hånd på hver siden av munnen)

som her :

Piggskate_Arild_4700g_180708_PB.jpg

Lykke til med videre fisking

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flotte fisker !

-folkeopplysning-

Skater og annen bruskfisk har langsom vekstkurve, og forplanter seg også forholdsvis seint. Så det kan være en fordel å behandle dem pent på land, og sette dem ut igjen - for å ha en bestand å fiske på seinere.

Å holde dem etter halen er fy fy - holde dem i den kjøttfulle delen på "toppen" (dvs en hånd på hver siden av munnen)

som her :

Piggskate_Arild_4700g_180708_PB.jpg

Lykke til med videre fisking

Joda, veit det ikkje er heilt heldig i dag, men når eg som 10-11 åring fekk ein sann fisk tenkte eg: ":D Må drepe den og ta vare på den, vist ikkje trur ingen meg!" :) Dessutan so slapp vi ut dei som var mindre enn pers til ei kvar tid. Vi tok tross alt berre bilete når vi fekk ei som var større enn den forrige, og då måtte min far kome kjøyrande ut med kamera, og på den tid var ofte fisken daud. Den på nyaste bildet var eg veldig usikker på om den muligens var verdsrekord, sidan den sprella under veging. Den vart difor desverre tatt av dage og vegen etter halen. Piggskate er forresten IKKJE bra krabbeagn. :blush:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ganske imponerende guttungefisking egentlig :)

Selv hadde jeg lignende iver i den alderen, men "uheldigvis" for meg hadde vi landsted ved et vann med sekshundremillioner ørreter på 350gr. Jeg tror egentlig det er få personer i norge som har giddet å dra opp like mange 350grammere som meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har bestemt meg for å prøve på nytt på Terminalen i dag! Det var jo tross alt i august mesteparten av piggskatene var tekne. :)

Har også planar om å micromeite litt, for å få tida til å gå :angry2:

Ønsk meg lukke til! :) (eg treng det)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.