Gå til innhold
Fiskersiden

Isfiske etter røye


Chironomus
 Share

Recommended Posts

Dagen starta relativt tidleg, og me var på vegen halv ni. Eg hadde fått lurt med meg sambuaren nordover på isfiske. På vegen måtte me sjølvsagt innom Sakshaug i Stjørdal. Bra service og trivelige folk. Der fekk eg svidd av litt kroner. Jaja, vil ein ha forhandlarar av kystmeiteutstyr, så må ein jo handle òg :lol: .

Det er alltid vanskeleg å lese eit ukjent vatn. Spesielt når det er is. Ikkje har eg særleg erfaring med røyefiske frå før heller. Ein artig ting med dette vatnet var alle bilane som susa forbi på isen :) , og det voldsame brådjupet. Eit par meter frå takrørbeltet var det 10-15 meter djupt nesten overalt! Gledar meg til å dorge her til sommaren.

Ein svært konsentrert sambuar:

20134_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8217/20134.jpg

Ho var òg den fyrste til å få fisk. Ny art på lista! Tynn og fin, 109 gram. Få timar seinare nappa eg òg opp ei velskapt røye på deilige 91 gram. Sidan det ikkje blei fleire enn dette, kan det vel ikkje kallast "bonanza" eller "panzerbett".

20138_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8217/20138.jpg

Eg prøvde kikkmeite, og såg at maggoten rista på mystisk vis av og til. Kva er no dette? Eg røya lita her? Så såg eg det blenkte der nede. Det var vår venn Gasterosteus aculeatus, trepigga stingsild! Eg forstod fort at svakare lut måtte til. Krok 28 og halv maggothale gav denne:

20135_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8217/20135.jpg

Herlegheiten vog repektive 0,6 gram. Sambuaren prøvde etter dette, men stingsilda var for slu til å bite.

20137_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8217/20137.jpg

20140_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8219/20140.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.