Jump to content
Fiskersiden

Ny klubbtur med NKML


Recommended Posts

Når Siri Wiberg snakkar om rolege vindforhold, bør båttur vurderast sterkt. Triturus og eg hadde fått hyre på skuta til klubbmedlem Bullfrog. Den ligg i havn på Øysand, og litt utpå formiddagen var me på veg. Den sildeluktande golfen til Bullfrog blei overlasta med sildeluktande sekker og fiskeutstyr. Eit mål var å gjere oss kjent i dei djupare områda utanfor Børsa. Sidan det stort sett er feigingar utan ambisjonar som fiskar grunnare enn 150 meter, la me oss fyrst til i ein undervannsdal på ca 200 meter. Her var det resultatlaust (bortsett frå ein hågjel), og me sette kursen mot eit 300 meter djupt hôl. Posisjonane var lagt inn på GPS kvelden før, så det gjekk greit å finne fram. Kort fortalt var det lite liv nede i det kalde hôlet. Floa var fallande, og eg mistenker det for å vera utslagsgjevande :lol: .

Då utstyret blei slept etter oss oppover bakkane, hogg det endeleg til på stanga til Triturus. Det var bra tyngde, men under fomlinga med bremsen (litt for hardt stilt) gjorde fisken eit siste utras og forsvant. Jaja, det er ein del av gamet. Like har bremsekløna fast fisk igjen.Denne gongen går det betre. Bullfrog krokar òg ein fisk, og viklar seg i same slengen inn i snøret til Triturus. Til alt hell gjekk det bra med begge fiskane.

Brosme, 7000 gram

34484_s.jpg

Brosme, 2800 gram

34485_s.jpg

Så hugsar eg ikkje heilt rekkefølgen på fiskane, men Bullfrog og Triturus får opp nokre brosmer til.

Eg er litt molefonken fordi eg ikkje har hatt eit eineste napp på alle desse timane. Ja, reint bortsett frå svarthå. Slimålen er svært talrik i området her, og agnet fekk besøk av desse på stort sett kvart nedslepp. Under oppsveiving for agnsjekk merka eg at det var litt tyngre enn normalt. Ei kolmule hadde tredd seg på kroken, og dagen var redda for min del. Art nummer 65 :blink: . Triturus var desverre litt for ivrig etter å bruke den som agn, så eg måtte montere kolmula før posering.

34486_s.jpg

Så blei dagen endå meir redda for min del, med denne brosma på 5500 gram.

34487_s.jpg

Litt kvalmt samlebilete:

2800, 3000, 5500, 6700 og 7000. Triturus var ansvarleg for dei to største.

34488_s.jpg

Fisket foregjekk stort sett på 250 meter, medan me prøvde å finne ut kor oppoverbakken starta. Når ein ser på antalet brosmer (totalt fire tunge fisk blei mista etter sju-åtte meter), tyder det på at me var på rett plass.

Men hovudmålet var sjølvsagt noko heilt anna enn brosmer. Brosme har me på lista alle mann. Havmus og skolest burde skjelve i buksene sine, for no pustar me dei i nakken!

Link to post
Share on other sites

Fine fangster gutta!

Jeg er nog litt spent på vad dere mista som gjorde ett skickelig utras (vet jo ikke vilket utstyr dere brukte )men det ska vare en ganske voksen brosme for og få till ett skickeligt utras.

Fortsett og utforske dypet folkens! :lol:

Link to post
Share on other sites

Veldig spennende og fin rapport. Dere gjorde det bedre enn oss uten ekkolodd og GPS, men så fisker jo dere i Trøndelag også da... Bortskjemte er dere.

Og flinke. Gleder meg til flere rapporter og bilder av annet enn brosme fremover.

Link to post
Share on other sites

Fin rapport og fine fisker! :) Var litt morsomt når Irvin ringte, hørte noe mumling også fikk jeg Arve i andre enden. "Øhh, Irvin fikk akkurat på ein brukbar fisk - han ringer deg nok tilbake" ;)

Meldt brukbart vær i morgen, så da er planen at jeg skal ut med MS Bullfrog litt utpå dagen :) Jeg håper, i motsetning til dere (tydligvis :P), å lykkes i å kroke en brosme eller to :)

Link to post
Share on other sites

Fin rapport Arve!

Takker igjen for hyggelig tur. :)

Håper det blir noe annet å få på dypet i området annet enn brosmer, selv om det ikke hadde vært meg imot å få en på 5kg+.. Havmusa vet vi jo i alle fall skal finnes i området, så en får vel bare prøve videre. Det skulle nå i alle fall være store muligheter for ny art for din del i morgen ser det ut til Christer! :D

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use.