Gå til innhold
Fiskersiden

Kveldsøkt på kaia til Jarl


Havengel
 Share

Recommended Posts

Må vel skrive ein rapport for å prove at eg ikkje berre kjøper utstyr, men også dyppar det i ekte sjøvatn frå tid til annan.

Eg og HelgeL ankom kaia i sjutida, og havflata i idylliske Drammensfjorden låg spegelblank og fin i vinterkvelden. Mitt mål for kvelden var å få på land ei hyse på 772 gram.

Den halvtinte, harske makrelen fraus mens vi skar den i passande bitar, og snart etter låg den i det PCB-befengte mudderet med ein dødeleg Varivas-krok gjennom skinnet. Helge fekk snart kontakt med ein av fjordens innbyggjarar, ei lita, svolten hyse på eit par hundre gram.

Det vart stilt ei stund før det byrja å tikke i Helge sin baitrunner. Han lyfte stonga og gjorde mothogg, og det svarte tungt i den andre enden. Han stramma bremsen, men i andre enden drog det jamnt og roleg ut. Isflaket ville ikkje inn, men la breisida til i straumen når det skjøna at det var kroka. Han køyrde med for lett utstyr til isflakfiske, og like etter stakk likså godt isflaket avgarde med både fortaum, krok og søkke. Like etterpå fekk eg og napp av eit isflak i specimenstørelse, men diverre stakk det av med kroken min. For dei som lurer er harsk makrel sjølve sjefsagnet til isflakfiske, og det beit godt heile kvelden.

Ein fraktbåt kom forbi og laga ei glippe i isflaka, og presist plasserte eg takkelet på ein plass eg zenna meg inn på. Innimellom isflaka fekk eit napp som var litt annleis, og forhåpningane steig. Kunne det verkeleg være hysa på 772 gram? Eg lyfte stonga og sveiva fisken forsiktig på. Jau, tyngda kjendes bra ut, ikkje lett og ikkje tung. Med sitrande hovudlykt årsaka av sviktande batteri sveiva eg fisken inn i strålen, og jammen var det ikkje ei hyse! Med fisken nennsamt i eine handa grov eg i fiskeveska etter vekta, og eg venta i endelaus spenning mens vakta pendla mellom 700 og 800g. Vekta stoppa til slutt på 721g, eit avvik på 51 gram. Jaja, eg kunne leve med det. Kveldens mål var nådd, og endeleg kunne skitpraten flyte fritt på Nokas-kaia.

Helge drog ei fin, vinterfeit lita hyse til, mens eg fekk ein liten bleik (østl. hvitting) på 51 gram som umiddelbart vart rigga som laivbait i tilfelle stor abbor tok turen utover fjorden på sightseeing. Diverre viste det seg at isflak på rundt 12 kvadratmeter også er glade i laivbaita småbleik, så det vart ikkje nokon abbor til konkurranseinnmelding.

Vi gav oss i 11-tida då vi hadde lokka inn så mange isflak med den harske makrelen at dei bokstaveleg tala låg oppå kvarandre rundt kaia. Vi køyrde heim.

Endret av Havengel
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Like lite å rapportera om frå nokasbrygga som eg hadde etter sist laurdagskveld. -_- Eg fekk to bitte-bittesmå torsk som begge var stygt kroka og diverre måtte bli fuglemat.

Ein ting som engstar meg litt med denne kaien er avstanden frå vatnet og opp til kaien. Lett for at fisken ramlar av på veg opp!

Var det isflak der, altså? Hadde ikkje heilt sett for meg det, kvar kom isen frå?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Like lite å rapportera om frå nokasbrygga som eg hadde etter sist laurdagskveld. :) Eg fekk to bitte-bittesmå torsk som begge var stygt kroka og diverre måtte bli fuglemat.

Ein ting som engstar meg litt med denne kaien er avstanden frå vatnet og opp til kaien. Lett for at fisken ramlar av på veg opp!

Var det isflak der, altså? Hadde ikkje heilt sett for meg det, kvar kom isen frå?

Vi fann ut at det måtte være restane etter den smeltande polisen. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.