Gå til innhold
Fiskersiden

Kveldstur På Herøyterminalen


Arachnida
 Share

Recommended Posts

Etter ei ellers so kjedelig helg, tenkte eg at eg skulle avslutte den med litt oppløftande fiske. Leita fram nokre reke frå frysaren og kjørde inn på terminalen. Floa var på vei opp og lite vind sørga for svak optimisme. Rigga eine stanga med 2 kroks pater med reke. Skulle kaste med makrellhekle på den andre stanga for å skaffe litt go'agn, men etter en times kasting måtte eg berre rigge stang nr 2 også med reke. Og so var ventinga i gang.

Venta og venta, men ingen napp. Løfta litt på stanga for å sjekke og der var det brått litt motstand. Ikkje noke sprelling og då lukta ej lunta. Sjølvsagt krabbe. Sånn gikk stort sett dei neste 2 timane. Krabbe etter krabbe kom til overflata, for so å sleppe taket. Dette resulterte i at rekeposen gikk litt fortare tom enn planlagt. Blei litt lei og pakka sammen eine stanga og skulle til å ta den andre då eg såg den rista litt stangtuppen. Løfta forsiktig stangtuppen og merka fortsatt at det nappa forsiktig. Gjorde et tilslag og der satt fisken. Ga ikkje mykje motstand, men heller langsomme, seige drag. Lurte litt på kva det kunne være, definitivt ikkje sei, torsk, lyr, eller "vanlig" flyndrefisk heller. Men sjølvsagt når spenninga begynde å stige so skjer det som ofte skjer når eg fiskar med små krokar og reke, jæ#elen slapp! Bra ikkje der var små unga i nærleiken for dei glosene som kom ut hadde fornærma sjølv den mest hardbarka nordlending!

Nok er nok tenkte eg og pakka sammen og skulle til å stikke, men kom på at eg hatar å blanke. Leita fram ein 18 gr sluk, slapp ned til botn rett utfor kai og vips! blanking unngått. Pumpa opp den største... nei... minste seien eg har fått på lenge. Tok ikkje bilde av den fordi kameraet mitt ikkje har god nok zoom... microsei deluxe.

Men lure litt på kva slags skapning som hadde dei seige, seige draga. I alle fall nok til at det blir fleire tura til terminalen i komande veke. Då med litt større kroka, trur eg...

Hadde uansett godt selskap med ein stor oter som plaska rundt langsmed kaia. Kvar gong eg skulle ta bilde so dukka han, som om han skulle vore den mest kamerasky kjendis. Ikkje pokker om eg fekk bilde av han! Luringen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mandagskvelden vart mykje godt det same som søndagen, minus mystisk nestenfisk. Plaga med krabbe i dag også, og for å unngå den store, feite nullen, drog ej opp en babytorsk på ei halv reke. Nappa rimelig ofte rett utfor nordenden av kaia, men juniortorsken var einaste som satt fast. Måtte dessverre bøte med livet då den hadde innhalert kroken heilt ned i tynntarmen. Skal gi terminalen ein sjanse til før ej erklæra den som steril, i alle fall på natta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.