Gå til innhold
Fiskersiden

Kort, kald, fin tur 20.02.10


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Min fyrste båttur i år vart kald, men alikavel fin, og med brukbar fangst. smile.gif

Eg, Kalland og Asgeir tok oss ein kort tur og fekk lufta utstyret i klarværet på laurdag. Asgeir er ein eminent skipper med utstyret i orden, og fann fort ein flekk med fisk, som viste seg å være småpale (fjortis-sei). Asgeir hadde ambisjonar om vintertorsk, og hvis skipperen vil ha torsk, så må vi vel føye oss etter det. Eg skjølv har aldri hatt den store fascinasjonen med torsk, så det gjorde meg ingenting at eg ikkje fekk ein einaste ein.

Min fyrste fisk vart turens største, ein noko mager sei på 3 kg.
99201_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39786/99201.jpg

Resten var av denne størrelsen, som Asgeir her demonstrerar:
99202_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39786/99202.jpg

Banan?
99203_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39786/99203.jpg

Dagens våpen: 250g "Abyss" balansepilk(?) med ESCA og harsk makrell, samt 2 opphengarar med makrell og perle/slange/knekklys.
99204_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39786/99204.jpg

Skorpesundet i klarvær.
99205_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39786/99205.jpg

Sola over Moldtustranda.
99206_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39787/99206.jpg

Vi flytta oss til ein ny flekk på ekkoloddet og Kalland hadde stor hysesuksess med "Gulp!" akkarane sine. Den største var vel ca. 2 kg. smile.gif
99207_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39787/99207.jpg

På denne flekken fekk vi ein del flott hyse, og Asgeir fekk ein liten torsk.

99208_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39787/99208.jpg

Etter dette fekk Asgeir diverse problem med utstyret, og eg mistenker han for å køyre på ein plass utan fisk, slik at vi ikkje skulle fiske frå han menst han klura med snella. laugh.gif
Utan fisk å sveive på sette kulda inn for fullt med ein liten trekk i tillegg, og vi mista kontakta med både fisk, fingre og tær.
Kalland fekk alikavel det han ei god stund trudde var storkveita (eller i alle fall "fin kveita"). Vi var innom fleire fantasiar og det varierte frå breiflabb til skate...

...men det viste seg å være noko heilt anna:
99209_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39787/99209.jpg

Dagens totale fangst: 15-16-17 sei, 7-8 hyse, 1 torsk og 1 lange. smile.gif
99210_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39787/99210.jpg

Alt i alt ein flott tur! smile.gif I mars-april vert det vel ein liten tur til reknar eg med. Då forhåpentlegvis med plussgrader så agnet får tina i det minste...

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Orginal måte å tackle "Abyssen" :P , men det så jo ut til å fungere, så hvorfor ikke bruke den som balansepilk også? Har fått mye fin sei på denne pilken, men har da festet den i øverenden, of fisket den som speed jig.

Gjorde det fyrst, men tenkte eg måtte prøve nåke nytt... :) Sank like fort som i "normal" bruk, og vibrerte på eit vis om eg tok litt i når eg pilka. Merka meg at ALL fisken som beit på pilken beit på den kroken i "snora" som fylgte med, ingen beit på den ekstra kroken eg monterte på... Eg innbilte meg at det ver den vesle raude krympestrømpa som tirra til å bite i den enden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.