Gå til innhold
Fiskersiden

The Tales Of Sunnmøre - Episode II - Lysing Revisited


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Eg var sjølvsagt ikkje heilt ferdig med den lysingen. Eg kunne jo ikkje være dårlegare enn Mats, og hadde difor eit brennande og inderleg ønske om å slå hans fisk på 5,1 kg. Eg fantaserte vel borti 6 kg også, og tykte dette burde være eit oppnåeleg mål.

På fredagen skulle eg tidleg opp og hjelpe til å støype noke fjas far min held på med i hagen, og eg såg føre meg at heile dagen gjekk med. Det viste seg derimot at "stå opp tidleg = ferdig tidleg", og eg var då snar å lure med meg Frank på ein liten svipptur. Pga. planlagt rekekalas og inviterte gjestar, hadde vi begrensa med tid, men det vart vel rundt to timar med fisketid.

Denne gongen hadde vi meir eksakte koordinatar, og vi la oss klin på spot. Etter kort tid vart det faktisk fisk, og eg kunne kjenne i kvart eit fiber i kroppen at dette var 6+!

IMG_2673.JPG

"Fåkk ju, Mats! Her kjeme en 6+!" (Foto: Frank Sande)

Og eg hadde forsåvidt rett...

IMG_2675.JPG

Lange, 6,07kg. Ikkje heilt etter planen. (Foto: Frank Sande)

Feil fisk, men håpet var der fortsatt. Eg hadde god krokingsprosent med sirkelkrok sist, men denne gongen var det mykje lysingnapping, som ikkje sat. Eg lot fisken tygge og momse vel og lenge før eg sveiva på sedvanleg og bestemt vis, men fekk den aldri til å henge med meir enn 5-6 meter. Frank derimot, som fiskar med j-krok, forbetrar sin pers frå to dagar før.

IMG_2682.JPG

Ein flott fisk på 3,9 (trur eg?) (Foto: Sindre Bøe)

Men Frank var ikkje ferdig der, longt i frå...

IMG_2689.JPG

7,1kg og 98cm, og eg kan offisielt ta av meg hatten! (...og ete den). (Foto: Sindre Bøe)

Eg har fortsatt store problem med å kroke fisk, og mistenker alt i frå sløve krokar til trolldom, utan å finne svaret. Eg klarer likevel å lure opp ein liten sak før vi gir oss.

IMG_2691.JPG

Fin fisk, ukjent vekt. (Foto: Frank Sande)

Eg tynar siste minutta til det ytterste med store og fristande agn, og får omsider ein litt større til å følge med NESTEN heilt opp. Lysingen tåler trykkforskjelen mykje beire enn anna fisk, og jævelen ristar seg av 4-5 meter under båten og stikk tilbake i djupet. Eg anslår 4-5kg, men dette er sjølvsagt synsing basert på lite erfaring og mykje håp. Tida renn frå oss, og vi må i land. Vi planla ein tur dagen etter, men 9 fots båt, fyllesjuke og 10-12 sekundmeter vind vart litt vel dristig.

Og sann det er sagt: Eg er fortsatt ikkje ferdig med lysingen...

Originalt posta her: http://nidarosiensis.blogspot.no/2013/06/the-tales-of-sunnmre-episode-ii-lysing.html

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.