Gå til innhold
Fiskersiden

Hjelp til kjøp av ekkolodd


KingOnan
 Share

Recommended Posts

Eg skal kjøpe ekkolodd til "gammeln" som er relativt kravstor når det kjem til utstyret. Verken han eller eg har noko erfaring med ekkolodd frå før, men han har altså ytra ynskje om å få seg eit.

Utfordringa er at han helst vil ha noko innanfor budsjett med diger skjerm som er lett å ha med seg på isfiske, samt å nytte i båt. Eg sit med ei sterk kjensle av at dette er noko som ikkje finnest...(noko som ikkje er heilt uvanleg når han ynskjer seg utstyr)

Det skal nyttast til fiske i ferskvatn frå liten båt (Askeladden), og til isfiske. Eg har eit budsjett på rundt 2500 kr. Det bør vera enkelt å nytte, og ha så stor skjerm som råd (innanfor budsjett). Kor bør eg leggje pengane? Skjerm eller teknologi?

Eg har sirkulert nettet, lese testar og diverse forum over lengre tid og har vorte ekstra nysgjerrig på Lowrance elite 4x. Forutan at skjermen med fordel kunne vore større (innbillar eg meg), verkar dette å tilfredstille dei fleste av ynskja.

Verkar dette å vera ei fornuftig val, eller er det andre lodd eg burde kikke på? Kor får ein tak i dette til ein fornuftig pris?

Her var det mange spørsmål på ei gong som eg vonar nokon har mogeleghet og ynskje om å hjelpe meg med. Eg har allereie lese gjennom forumet her ein del, men føler ikkje eg har funne svar på akkurat det eg er ute etter. (Dette kan sjølvsagt skuldast rein uvitenhet frå mi side...).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for raskt svar! :thumbsup:

Eg tolkar posten din som at det eg har plotta inn er eit greitt val?

Det var super pris på den på Jula no ja, og det ser ut til at det er fleire på lager i Telemark. Eg går ut frå at dette er utan givar? Kva for givar vil vera aktuelt i så fall? Kanskje greitt/lurt med ein til isfiske og ein til båt?

Har eg eigentleg behov for kartplottar på dei "små dammane" i Telemark? Har vel kanskje ikkje så mykje å seie, sidan denne er rimelegare enn den utan

! :P

Korleis er denne å gjera portabel til isfiske kontra Elite 4?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Elite HDI selges i praksis med to forskjellige givere (selv om du kan bruke langt fler).

Min mening om de to alternativene.

83/200/455/800-HDI

Giver som er best egnet for fiske i grunnere vann, fungerer bra for å finne fisk ned til 40-50 meter. Svært vid konevinkel ved 83 kHz og ganske bred konevinkel ved 200 kHz. Ideell for vertikalfiske på grunt vann siden den vide konevinkelen gjør det veldig enkelt å holde jiggen innenfor konevinkelen selv om båten driver litt, godt egnet for spinnfiske og andre fiskeformer på grunt vann.

50/200/455/800-HDI

Bedre egnet for dypere fiske, typ saltvann. Bedre kvalitet på det kjeramiske elementet gir noe bedre følsomhet på større dyp enn 83/200-varianten. Ideell for trolling, for vertikalfiske på større dyp og i innsjøer hvor fisken står dypt (les; røye).

De på Jula er tydeligvis solgt med 83/200/455/800-HDI. Kjøp gjerne en HST-WSBL til 700,- til for isfiske. Den har samme vide konevinkel som 83/200-HDI men har ikke downscanelementet, men det er uansett ikke noe du får brukt ved isfiske.

Kartplotter er en av livets små hemmeligheter, du må bruke den for å forstå greia. ;) Omtrent det samme som med alkohol, nikotin, hunkjønn og andre ting som er vanedannende og dyrt... En betydelig fordel med varianten med kartplotter er at du kan logge data for å lage dybdekart med. Dette kan med fordel gjøres med Lowrance sin egen karttjeneste Insight Genesis og selvfølgelig dybdekart.no som undertegnede er en del av. Med et skikkelig dybdekart, treffer du rett på røyevarpet hver gang, eller hva det nå er du ønsker å trefe eller ikke treffe.

Endret av erik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hahaha! Kan lett sjå for meg at slik djubdelogging kan verte vanedannande når du seier det på den måten! Som sagt er jo prisen meir eller mindre den same, så då er det vel ein "nobrainer"!

Trur du har overbevist meg. Har sendt ein kompis innom jula i morgo for å plukke det opp for meg. Latterleg at dei ikkje har nettbutikk...

Skal sjekke ut dei givarane ved ei seinare anledning, så er det vel berre å hive seg over DiY tips for å gjera denne portabel! Skal ikkje sjå bort frå at det vert meir "gnål" frå meg i forumet dersom anna skal kjøpast inn. :whistle: Kjenner eg gler meg til å tjuvlåne utstyret... :dribble:

Mange takk for hjelpa! Her har du spart meg for mange grå hår! :jump:

Endret av KingOnan
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare å kjøre på. Be kompisen ta med seg et Micro SD minnekort på maksimalt 32GB med det samme han er i gang. Det trenger du for å oppdatere softwaren, den opprinnelige har et par bugger. Det samme minnekortet kan du også bruke for å logge dybdedata (sonarlogg) og skjermbilder for å imponere kompisene over den store som aldri bet men som helt sikkert var der. :D Jeg bruker minnekort på 4-8GB og det holder i lange baner.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.