Gå til innhold
Fiskersiden

Turrapport Colombia med bilder og film


Bent Inge
 Share

Recommended Posts

Her er ein turrapport frå ein fisketur eg hadde til Colombia.
 
Turen til Colombia starta med eit tidlig fly frå Bergen kl 06.00 onsdag 21 mars. Etter to mellomlandinger i Amsterdam og Panama city ankom eg Medellin i åtte tida om kvelden lokal tid. Her traff eg Seth og Dan som landa ein halv time seinare enn meg. Dei hadde eg fiska med før, seinest i Madagaskar i januar. Den fjerde fiskeren, Tony, hadde allerede vært to dager i Medellin hos Beto Meija. Beto driver firmaet Fish Colombia og tar med fiskere både på sjøen og i ferskvann i Amazonas jungelen. Medellin er ein storby med 2,5 millioner innbyggere, dvs halvparten av Norges befolkning. Hotellet me sjekka inn på heitte Art Hotel hadde fin standard og sentralt plassering. Etter ei lang reise med flymat av varierende kvalitet var det herlig å endeleg ete ein bedre middag på restaurant.
 
Neste dag var det tidlig opp og avreise frå hotellet kl 06.45. Me tok eit bittelite lokalfly til Bahia Solano lokalisert rett sør for grensa til Panama. Flyet hadde sitteplass til åtte passasjerer pluss to piloter. Eg som satt fremst satt rygg i rygg med piloten. Artig opplevelse med så lite fly! Det er for øvrig første gong eg har måtte veie meg for å finne ut kor mykje bagasje me kan ha med. Det var ein intern kniving mellom Seth og Dan på vekta, med Seth som tok ein knepen seier med 1,5kg mindre enn Dan. Dette blei Dan minna på resten av turen… Etter 45 minutters flytur over jungel landa me på ein frodig, men bitteliten flyplass. Frå mine fisketurer til nord-Norge er eg vant til små flyplasser, men flyplassen me landa på var noko heilt anna. Ein knøttliten flyplass med heller lav standard, men det har sin sjarm og er ein del av heile opplevelsen. Sist eg sjekka var det og dårlig med palmer ved rullebanen på Alta flyplass… Frå flyplassen fulgte ein kort kjøretur på veier som skifta frå betong til grus og gjørme til djupe sølepytter. Legg til diverse mopeder, tuk-tuk’er, fotgjengere og to hester på løpetur midt i veien så har du eit visst bilde av det. Båten me skulle fiske med henta oss og tok oss den siste biten til hotellet me skulle bu. Dette låg fint skjerma i ei vik og var omkransa av jungel. I landsbyen bur det om lag 400 personer og dei har eit sterkt sjølvstyre her. Landsbyen driv hotellet og dersom det er endringer ein vil gjere eller ting ein må bygge må det først godkjennes av landsbyen. Sett frå sjøen såg hotellet litt shabby ut, men når me fram såg me at det holdt god standard. Eg og Tony delte rom og etter nokon dagar oppdaga me årsaken til at det heile tida kom inn diverse insekter. Han som hadde montert dørkarmen hadde enten ein dårlig dag på jobben eller bør seriøst vurdere briller; øverst og nederst var det ein stor glipe pga dørkarmen minna meir om ein U enn ein I. Som eg nevnte tidligere var det begrensa med bagasje me kunne ta med på flyet. Med kvar sin stangtube og dei fleste koffertene våre som passerte 30kg med god margin måtte dei sendes med eit anna fly og me mottok dei derfor nokon timer seinare. Men det viktigste var at alt kom fram. Etter kjapp rigging av fiskeutstyr kjørte me forventningsfulle ut på havet. Mars måned er i dette området kjent som den beste måneden for stor gulfinnet tunfisk. Det er ikkje uvanlig med fisk opp mot 40-50kg. Me fekk nokon timers fiske denne dagen. Eg hadde to napp på ein Heru Skipjack popper og dei andre hadde også nokon napp. Men det blei ingen fisk på oss denne dagen. Middagen var eit høgdepunkt under heile oppholdet med forrett, hovedrett og dessert. Kvar dag var det ei ny suppe som forrett og kvar suppe var akkurat like fantastiske. Det einaste negative med det er at det blir ein heftig nedtur å komme tilbake til Toro supper igjen… Ein kunne og få det ein ville av drikke, men min favoritt blei ein frisk, heimelaga limonade. Me la oss tidlig for å være klar til neste dags fiske.
 
Fast rutine blei å starte med frukost kl. seks og reise ut med båten i sju tida. Me kjørte rundt og leita etter stimer med tunfisk. I tillegg til oss fire fiskere var det skipper, to medhjelpere/guider samt Beto. Båten var på 36 fot og spesialdesigna for popperfiske. Med to 200hk Suzuki motorer flytta den seg og bra, noko som er ein nødvendighet til fiske etter tunfisk. Dette var heilt anna enn fiske eg har vært med på før. Me såg heile tida etter aktivitet på overflaten med stimer av liten fisk som tunfisken beiter på, tunfisk som hopper klar av vatnet, stimer med delfiner eller fugler som stuper ned i havet for å fange fisk. Ser man noko av dette er det bare å gje bånn gass med båten for å komme i posisjon. Når man er på kastehold bør man kaste i utkanten av der stimen er. Dersom man kaster midt i stimen og får på ein fisk kan man i verste fall få kutta av snøret av andre tunfisk som svømmer frenetisk i overflaten kun opptatt av å ete så masse som mulig på kortest mulig tid. Både tunfisk og agnfisk flytter seg raskt så som regel fekk me bare eit eller maks to kast før me måtte kjøre etter den igjen. Fisket er veldig intenst og når båten sakker faren må man være klar til å kaste på sekundet. Tunfisken jakter sammen med delfiner og dersom man ikkje ser tunfisk eller agnfisk hoppe er det ein god ide å kjøre etter delfinene og prøve å kaste rett foran dei eller i utkanten av stimen. Kvar dag var det fleire lokale fiskebåter som var ute og fiska. Dei fiska kun med håndsnøre enten med krok og agnfisk eller med popper som dei rykkte inn for hånd. Synet av sjøen som koker av agnfisk, hoppende tunfisk og hundrevis av delfiner som jakter i flokk kjem eg til å hugse resten av livet. Beto fekk nokon stilige klipp med dronen min med mengder av delfiner son jakta, dette kjem med i filmen eg skal redigere etterkvart. Dan åpna ballet med ein liten tunfisk i starten. Seth fulgte opp med ein liten pluss ein på 10-12kg. Eg tok ein liten tunfisk og seinare på dagen ein på ca 10kg. Begge mine blei tatt på ein Amegari Urpekari 190mm popper. Denne popperen fungerte fint då den først plaska i overflaten før den dykka rett under med ein heftig svømmebevegelse samtidig som den etterlot seg eit spor av luftbobler. Det ein skal vite er at tunfisken i Colombia er gulfinnet tunfisk, mens fisken me har utenfor norskekysten er blåfinnet tunfisk. Det er to ulike arter. Blåfinnet tunfisk har lenge slitt, men nå øker heldigvis bestanden. Det som er spennende er at det i høst skal være et begrensa prøvefiske med stang for å merke stor blåfinnet tunfisk langs vestlandskysten (tilsvarende det dei hadde i Sverige og Danmark i fjor). Gulfinnet tunfisk derimot er svært tallrik og har ein sunn bestand. Det er derfor ikkje skadelig for bestanden å ta ut nokon fisk med sportsfiske. All fisk me tok vart enten gitt til lokale folk i landsbyen eller servert i restauranten om kvelden. Fersk sashimi (sushi) kan virkelig anbefales! Store deler av dagen gjekk med å kjøre og leite etter tunfisken. Det ga oss plenty av tid til å slappe av enten i sakkosekker eller på dekk i båten. Mens andre fokuserte på å bli mest mulig brune kjøre eg på med faktor 50+ for ikkje å ødelgge den perfekte kvitfargen på leggene mine. Det var nok like før folk blei snøblinde når dei såg leggene uten solbriller… Denne dagen som dei fleste andre dager var me inne igjen i seks tida om kvelden.
 
Neste dag traff me på ein stim med små tunfisk i starten. Desse såg ut til å være rundt 5kg, men sjølv om me prøvde alt mulig ville dei ikkje bite. Etter dette fortsatte me å leite etter tunfisk nokon timer før me jigga ein times tid. Siste del av dagen brukte me på å leite etter tunfisk igjen. Dessverre blei det ingen fisk på oss denne dagen.
 
Søndag kjørte me rundt på søk etter tunfisk fram til kl 14.00. Me såg ein flokk med delfiner som var vesentlig større enn dei me hadde sett før. Ifølge lokalbefolkningen skal visstnok desse ete tunfisk kunne Beto fortelle. Ein økt med jiggstanga ved dei resulterte i ingenting. Like etterpå traff me på ein flokk med vanlige delfiner, men så hverken tunfisk eller agnfisk. Me kjørte til eit område med fleire øyer som me hadde jigga dagen før. Her kombinerte me jigging og popping noen timer. Seth tok ein liten tunfisk og to jack crevalle og Dan fekk ein needlefish. Denne ser ut som ein forvokst horngjel med langt «nebb» fullt av tenner. Eg hadde ein diger cubera snapper som bomma på popperen og ein stor roosterfish som var oppe og såg på popperen 10m frå båten og rett ved båten. Rosterfish er ein god fighter som setter avgårde i stor fart etter at den er kroka. Ikkje minst er den utrulig vakker med sin karakteristiske ryggfinne. Eg mista og ein needlefish som kasta popperen ut av kjeften i eit akrobatisk hopp. Alle desse var med Amegari Dzanga popper som var min heldige utvalgte den dagen.
 
Mandag morgen starta på best tenkelig måte; me fekk melon til frukost! Eg elsker nemlig vannmelon. Tony såg at det nærmest lyste av øynene mine og med sine spanskkunnskaper skaffa han oss vannmelon resten av dagene også. Fiskemessig la me om taktikken; siden fisket etter tunfisk hadde vært labert bestemte me oss for ikkje å leite etter den. På vei til fiskeplassen fant me likevel ein stim med små tunfisk. Eg, Dan og Tony tok hver vår samtidig og det var til tider lettere kaotisk når me måtte vente på tur med tre spinnville tunfisk langs båtsida. Neste post på programmet var å prøve etter cubera snapper. Dette er ein brutal rødoransj fisk man finner nærmere land. Spesielt dei første sekundene av fighten går den for å være noe av det sterkeste man kan få. Siden den prøver å svømme ned til bunnen og kutte snøret må man ha steinhard brems og kraftig utstyr. Eg tok ein liten cubera snapper på ein Orion Bigfoot 180g synkende stickbait. Det blei tatt needlefish, ulike snappere, jack crevalle samt nok ein liten cubera. Eg hadde ein stor cubera som tok min Orion Cono Cono 190g popper, men i det eg sette tilsaget kjente eg fisken kun eit par sekund før den gjekk av. Litt kjedelig siden skipperen sa det var ein meget stor fisk. Cubera snapper er viden kjent for å være vanskelig å kroke. Dei er harde i kjeften og det er vanskelig for kroken å få feste. Den brutale kraften i kjevene både bøyer og knekker sjølv dei beste krokene. Som eg nevte tidligere er langt fra jobben gjort dersom man har fått satt krokene, cuberaen setter full fart ned mot bunnen og stor sjanse for å kutte snøret. Det er bare å sette hardt mot hardt med steinhard brems og håpe man klarer å stoppe den før den når bunnen. Brutal fisk! Det var ikkje uten grunn at eg brukte Orion Cono Cono popperen, cubera elsker nemlig store poppere som plasker masse. Eventuelt kan ein prøve store stickbaits. Etter å ha poppa nokon timer var det på tide med lunch. Kvar dag åt me lunch i tolv tida om bord i båten og me hadde plenty av drikke og chips tilgjengelig som me kunne ta når me ville. Akkurat då me var ferdig med lunchen såg me fleire sailfish patruljere overflaten rundt båten. Me prøvde med poppere og stickbaits. Tony og Dan hadde kvart sitt napp, men fisken ville ikkje sitte. Serge, ein av guidene, sette på ein på ein ørliten plastjigg på ei lett stang og snelle. Første kastet smalt det på ein sailfish som gjekk rett til værs og rista jiggen ut av kjeften. Etter ei stund bestemte me oss for å prøve livebait. Dette er små agnfisk som blir festa på kroken og som man kaster mest mulig rett foran sailfishen. Sailfishen er veldig uregelmessig i kor den svømmer så det er ikkje alltid like lett å vite kor man bør kaste. Eg og Dan hadde aldri tatt sailfish før så me fekk være først ut. To sailfish viste seg rett foran båten og me fekk beskjed om å kaste ut agnfisken. Det gjorde me og det tok ikkje mange sekundene før mitt snøre bevegte deg raskt ut på fri spole. Eg holdt hodet kaldt og ga fisken nokon sekunder før eg slo over bøylen og sveiva fisken på kroken. Me brukte nemleg sikrkelkrok og då skal man ikkje gje vanleg tilslag. Det einaste man oppnår med det er å dra kroken ut av kjeften og skremme fisken. Det som er utrulig er at både eg og Dan hadde kroka sailfishene perfekt og var i gang med kampen. Sailfish elsker å hoppe og dette kombinert med to sailfish rett ved båten gjorde at det første minuttet var ganske kaotisk med snører som kryssa seg fleire gonger og me som måtte følge etter og gå forbi kvarandre for å hindre at snørene røyk. Men til alt hell gjekk det fint. Dan sin sailfish var roligere av seg og etter nokon minutter kunne den løftes om bord i båten for et kjapt bilde for så å svømme videre. Min sailfish hadde imidlertid ingen planer om å være samarbeidsvillig og satte i eit heidundrande utras som må ha vært opp mot 150m. Bremsen måtte strammes betydelig så den ikkje skulle tømme spolen heilt. Her var det jammen krefter! Etter dette roa den seg litt og la breisida til og krydra med nokon luftsprang iblandt. Spesielt med seilet oppet har sailfishen ei stor overflate som gjer det tungt å få den inn. Eit anna moment er at i hoppene er det stor sjanse for at fortommen ryker av på sverdet. Gjennom heile kampen var eg derfor fullt fokusert på å ha stram line så den ikkje skulle få kutte seg fri. Fisken nærma seg båten og det var tydelig at både eg og den merkte at det tærte på kreftene. Som eit siste mottrekk satte den fart bakover langs båten. Redd for at den skulle svømme under båten og ryke snøret hadde eg ikkje anna valg enn å springe etter. Samtidig som eg sveiva hoppa eg ned frå øverste dekket og sprang forbi både folk og fiskestenger. Til alt hell gjekk det fint og etter nokon siste krampetrekninger frå fisken kunne eg stolt posere med min livs første sailfish. Det hadde vært ein fantastisk fight og fisken var utrulig vakker. Det var og herlig at den kunne svømme videre igjen, klar for å ete seg endå større og sterkere. Både min og Dan sin fisk var ca 40kg (90lb). Etter den svømte videre hadde eg ein blanding av adrenalin, lettelse at den ikkje gikk av og utrulig lykke over å få ein så fantastisk fisk. Heilt siden turen til Panama i 2014 har eg hatt ein drøm om å fange sailfish. På den turen blei det tatt tre sailfish på min båt og eg hadde også ein marlin og sailfish som fulgte etter agnet uten å bite. Seth og Tony prøvde livebait etterpå. Seth fekk på ein sailfish, men snøret røyk dessverre heilt i starten av kampen.
 
Tirsdag prøvde me først etter tunfisk. Sjølv om me traff på to stimer begrensa fangsten seg til ein liten som Dan tok. Sailfish på livebait var hovedfokus resten av dagen. Denne dagen var det mengder av sailfish å se, på det meste 5-6 samtidig. Seth mista ein som kutta snøret før han fekk revansj og tok ein annan etterpå. Denne var og samme størrelse som dei andre me tok, kanskje noko mindre. Eg prøvde ein halv time med livebait. Det var færre sailfish då og eg hadde kun ein fisk ved båten, men denne viste null interesse for agnfisken. Tida me fiska i Colombia var det små agnfisk 3-4cm som sailfishen beita på, sannsynligvis var det derfor dei stort sett ikkje var interessert i vår agnfisk på 10-15cm. På slutten av dagen sto Tony heilt foran i båten og hadde akkurat kasta ut sin agnfisk då ein sailfish kom hoppende ein meter foran båten og fortsatte med 6-7 hopp vekk frå båten. Tony så totalt forskrekka ut siden han først trudde den hadde tatt hans agnfisk, men ingenting skjedde med snøret. Alle fekk iallefall ein god latter.
 
Siste fiskedag starta me med jigging etter amberjack ved klippeøyene me hadde prøvd ved tidligere. Eg prøvde metalljigger, Westin Crazy Daisy, Westin Platypus wobbler og diverse lettere gummijigger. Men ingenting skjedde. For kort tid siden hadde dei tatt 20 amberjack i løpet av kort tid i dette området. Men sånn er fisking. Ein stim av mullet snapper pluss ein sailfish var og aktive i overflaten her, men var tydeligvis ikkje interessert uansett kva me kasta etter dei. Skippern flytta båten nokon nautiske mil og me såg mengder av fisk på ekkoloddet. Likevel var det dårlig bett, Dan tok ein jack crevalle og det var det. Siden agnfisken sailfishen beita på var så liten prøvde Seth og Dan med bittesmå Jack Fin stickbaits. Dei fekk ingenting, men me fortsette søket etter sailfish. Tony hadde ikkje hadde fått sailfish denne turen og fekk derfor fiske heile denne dagen. Me andre bytta på å fiske iløpet av dagen. Seth mista ein sailfish som kutta snøret før han klarte å lande den. Den hoppa masse i starten rett ved båten. Tony fikk til slutt sin sailfish og alle var glade på hans vegne. Når den var kroka sa han nesten overraska at han hadde ein sailfish på. Eg og Dan prøvde litt med livebait mot slutten av siste dagen. Dan mista ein sailfish pga snøret røyk. Me ga oss ein time tidligere denne dagen siden alle hadde fått sin sailfish og var tilbake på hotellet i fem tida. Kvelden gjekk med til å ete middag og pakke sammen utsyret. Samme perioden som me fiska var det og ei gruppe på fire franskmenn som fiska frå ein annen båt. Dei tok nokon fine tunfisk opp til 40kg, amberjack på jig, roosterfish, cubera og fleire store sailfish på livebait. Iløpet av oppholdet vårt var det store mengder sailfish i området og dette er bare starten på sailfishsesongen. Det blir fleire og fleire og lettere å fange når agnfisken er større. Me kasta rett foran fisk fleire gonger uten interesse, eg kasta ein halv meter foran munnen og den svømte bare arrogant forbi. Sailfishen er ein fantastisk fisk å se i sitt rette element. Den patruljerer overflaten og reiser seilet rett før angrep, ofte med nyanser av lilla farge på seilet. Dei hopper masse og er ein av verdens raskeste fisker. På denne turen hadde me uflaks med tunfisken. Seinest nokon dager før me kom var det blitt tatt fleire fisk opp mot 50kg. Dei som fiska då var mest interessert i å fange cubera snapper så etter å ha tatt åtte store tunfisk på rappen ville dei ikkje fiske meir etter den. Det er gode muligheter for å fange mange arter her om man er villig til å bruke ulike fisketeknikker. Etter oss kjem ei gruppe som skal prøve å fange sailfish på flue. Det høres veldig spennende ut! Naturen er utrulig vakker med kvite strender, tett jungel og mange nyanser av grønn på treene og blått i havet. Langs kysten fins klipper og grotter og langt til havs fins enslige øyer med nokon få trær som klamrer seg fast. Albatross, andre fugler, hundrevis av delfiner og manta-rokke er bare noko av det me såg.
 
Siden det ikkje var fiske torsdagen kunne me sove litt lenger og frukosten var kl. åtte. Ein time seinare vart me kjørt til Bahia Solano med båten. Av uvisse årsaken var flyplassen i Medellin stengt ei kort stund så då blei det ein time ekstra med venting. Flyturen tilbake i miniflyet gjekk fint og snart var me tilbake på Art Hotel i Medellin. Siden det var lenge siden frukosten gjekk me ut og åt på ein restaurant. Eg åt ein fantastisk taco som går fredagstacoen heime i Norge ein høg gang. Etter nokon timers avslappning på hotellet traff me Beto i seks tida før me gjekk ut og åt igjen. Medellin er ein fin by med yrende liv og fantastisk mat. Det er bare få år siden det kom turister, og folk er glade for at folk vil komme til byen. Folk er blide og hyggelige og lette å komme i kontakt med. Eg skulle gjerne hatt meir tid til å sett meg rundt i byen, men det for eg ha til gode til ein annen gong.
 
Seth, Dan og Tony fløy ut frå Medellin kl 07 fredagen, mens eg tok eit fly kl 15. Eg mellomlanda i Panama city, Paris og Amsterdam før eg endelig ankom Bergen seint lørdag kveld. Takk til Seth, Dan, Tony samt alle i Fish Colombia for ein fin tur!
Lenke til kommentar
Del på andre sider

This is a report for a fishingtrip I had to Colombia.
 
The trip to Colombia started departing from Bergen, Norway 6 AM Wednesday 21st March. After two transfers in Amsterdam and Panama city I arrived at Medellin 8 PM local time. Here I met Seth and Dan who landed half an hour later than me. I’ve fished with them before just a month ago in Madagascar. The fourth fisherman, Tony, had already stayed for two days in Medellin at Beto Meija’s house. Beto runs the company called Fish Colombia that we fished with. Fish Colombia arrange trips both in saltwater and exotic freshwater trips in the Amazon jungle. Medellin is a big city with 2.5 million inhabitants, that’s half of Norway’s population. The hotel we stayed at was named Art Hotel Medellin and was a nice hotel with a good location. After a long travel and not the best food at the planes it was great to finally eat a proper dinner at a restaurant.
 
We left the hotel next day at 6:45 AM to take a tiny airplane to a place called Bahia Solano located just south of the border to Panama. The flight had seats for eight passengers and two pilots. I sat in front neck to neck with the pilot. Great fun! It was the first time ever I had to weigh myself to know how much baggage we could bring on the plane. Seth and Dan had a competition, buth Seth won weighing in only 1,5kg less than Dan. Dan was reminded about this throughout the whole trip… After a 45 minute flight over jungle we landed on a remote air strip on a tiny, but lush airport. I’m used to small airports from my trips to northern-Norway, but this one was in a different league. Although the airport was small and had a low standard it certainly had an appeal and it’s a part of the experience. We were picked up at the airport and the road changed from concrete to mud and gravel to deep potholes. Add some mopeds, tuk-tuk’s, pedestrians and a couple of horses running in the middle of the road and you got an idea of the traffic. The boat we fished with the rest of our stay picked us up in the harbour and brought us to the hotel. The hotel named Playa de Oro lodge had a nice location in a bay surrounded by jungle. About 400 people live in the village and they have a strong self-government. The inhabitants in the village own and run the hotel and if you want to change or build something it has to be approved by the village. From the sea the hotel looked a bit simple, but when we arrived we were plesantly suprised that it was quite good. Me and Tony shared a room and after some days we found the reason why it kept on coming insects. The person who had installed the door had either had a bad day at work or should seriously consider checking his eyes. The top and bottom of the door had a gape of some centimetres because the door frame looked more like a U than a I. As I mentioned earlier it was limited how much baggage we could bring to the airplane. All of us got a rodtube and suitcases weiging upwards of 30kg. These had to be sent on another plane and we got them some hours later. But the most important is that we got all our baggage. We quickly rigged our fishing gear and headed out on the sea in search of tuna. In this area March is well known as the best month for big yellowfin tuna and it is quite common with fish up to 40-50kg. We got some hours of fishing this day. I had two bites on a Heru Skipjack popper and the others had some bites as well, but we didn’t catch any fish. The dinner was a highlight every day at our stay consisting of an appetizer, main course and desert. Every day we got a new soup as an appetizer and every day it tasted really delicious. We could get whatever we wanted to drink, but my favourite became a fresh, homemade lemonade. After a long day we went to bed early to be ready for tomorrows fishing.
 
Every morning started with breakfast at 6 AM and going fishing at 7 AM. We spent a lot of time searching for tuna. In addition to us four fishermen there were a skipper two assistants/guides and Beto on the boat. The boat was 36 feet long and special made for popping. With two 200hp Suzuki engines it moved fast and stable, which is necessary for this type of fishing. I’ve never fished anything like this before. All the time we looked at the sea for some surface activity like schools of small fish that tuna prey on, jumping tuna, schools of dolphins or birds that dive into the water to catch fish. If you see some of this you should hit the throttle to get in the right position as soon as possible. When you cast try to cast at the borders of the school. If you cast in the middle of the school and catch a tuna your line might be cut off by other tuna swimming in the surface eating baitfish. Both tuna and baitfish move so fast so we usually only get one or two cast before we have to move the boat again. Tunafishig is very intense and when the boat slows down you have to be ready to cast immidiately. Tuna hunt together with dolphins so if you don’t see any tuna or baitfish you could cast in front of or at the borders of the school of dolphins. Every day some local fishingboats joined our search for tuna. They fished with handlines either with a hook and baitfish or a popper. The sight og the sea boiling with baitfish, jumping tuna and hundreds of dolphins I will remember the rest of my life. Beto got some nice video of hunting dolphins using my drone. This will be included in the video I will edit from the trip. Dan got a small tuna. Seth caught a small one and one tuna 10-12kg. I got a small tuna first and later one around 10kg. Both mine tunas this day were caught on a Amegari Urpekari 190mm popper. This popper had a great movement, first splashing in the surface before it dives down just under the surface with a nice swimming motion and leaving a trail of bubbles. The tuna we fished for in Colombia was yellowfin tuna, while outside Norway we got bluefin tuna. That is two different species. The population of bluefin tuna in Europe has been low for many years, but is increasing now. One exciting thing is that there will be a limited fishing for bluefin tuna with rods and reels in western-Norway to tag some fish this year (similar to what they had in Sweden and Denmark last year). Yellowfin tuna has a healthy population. It is therefore no problem for the population with sportsfishing. All the tuna we caught were either given to the locals in the village or we ate it in the restaurant. Fresh sashimi (sushi) can really be recommended! Most of this day was spent searching for tuna. It gave us plenty of time to relax either in beanbags or other places on the boat. While the other fishermen tried to get some color on their skin I used 50+ sunlotion not to loose my perfect white color of my legs. I think people almost got snowblind wathing these legs without sunglasses… Like most other days we returned home at 6 PM.
 
Next day we found a school of small tuna straight away. They seemed to be around 5kg, but even if we tried everything they were not interested in our lures. We continued to look for tuna for some hours before we jigged a short while. The last hours we looked for tuna again. Unfortunately we didn’t catch any fish this day.
 
On Sunday we looked for tuna until 2 PM. We saw some dolphins that were a lot bigger than those we had seen the other days. Beto told us that according to the locals these dolphins eat tuna. We tried to jig around these dolphins, but didn’t get any bite. Just after we saw some of the normal dolphins, but didn’t see any tunas or baitfish. We started jigging and popping in an area with some islands we had fished the previous day. Seth got a small tuna and two jack crevalle and Dan got a needlefish. I had a huge cubera snapper missing my popper and a big roosterfish looking at the popper twice, first 10m from the boat and then just by the boatside. Roosterfish put up a good fight and has really high speed when it is hooked. It’s also incredibly beautiful with the large dorsal fin. I also lost a needlefish which threw the popper out of it’s mouth while jumping out of the water. All these were on an Amegari Dzanga 230/50 cup popper.
 
Monday morning started the best way possible; we got watermelon for breakfast! I love watermelon and Tony saw how excited I got from a couple of slices of watermelon. He asked if we could get watermelon every morning and they said yes. We decided to change the fishing tactics. Fishing for tuna had been really slow so we decided not to search for it anymore. On our way to the fishing spot we saw some tuna anyway. I, Tony and Dan caught tuna at the same time and it was a bit chaotic with three tuna by the boatside. Our goal for this day was to fish for cubera snapper. This is a brutal red/orange fish that stays inshore. Especially the first seconds of the fight it is regarded as one of the strongest fish. Since it always tries to swim down to bottom to cut the line you need to fish with heavy equipment and a strong brake. I took a small cubera snapper on an Orion Bigfoot 180g sinking stickbait. The others caught needlefish, different snappers, jack crevalle and another small cubera. I had a big cubera taking my Orion Cono Cono 190g popper, but as I set the hook I only felt the fish for a couple of seconds before it went off. Too bad since the skipper said it was a very big fish. Cubera snapper is well known for beeing difficult to set the hook because their mouth is very hard. The force in its jaw break anc crush hooks. If you manage to set the hooks is will swim full speed towards the bottom and it is a big chance that your line will be cut off. You’ll have to tighten the brake and hope that it stops in time. Such a brutal fish! It was no coincidence that I used the Orion Cono Cono popper; cubera snappers love big poppers that splash a lot. Big stickbaits is also worth a try. After some hours of popping it was a delight to eat lunch. We ate luch around 12 PM every day in the boat and all the time we had lots of chips and water/soda/beer availiable. Just as we had finished the lunch we saw several sailfish swimming in the surface. Both poppers and stickbaits were tried. Tony and Dan got a bite. Serge, one of the guides, threw a small platic jig with a tiny rod and reel. On the first cast a sailfish took the jig, but unfortunately the jig fell out of it’s mouth while jumping out of the water. After some time we decided to try with livebait. This is a small baitfish attached to the hook which we throw out just in front of the sailfish. I and Dan had never caught sailfish before so we got to try it first. Two sailfish swam just in front of the boat and we threw out the baitfish. It didn’t take many seconds before my line went out fast on free spool. I waited some seconds and reeled the fish on the hook. We used circle hooks and then it is important not to strike as normal. If you do that you will pull the bait out of the fish’s mouth and it will get scared. What’s incredible is that both I and Dan had a perfect hookset and the fight was on. Sailfish love to jump and this combined with two sailfish just by the boat made the first minute pretty chaotic with lines crossing several times and me and Dan walking past eachother to prevent the lines from cutting. Luckily everything went well. Dan’s sailfish was a bit more relaxed and after some minutes it could be lifted into the boat for some quick pictures and to be released again soon after. My sailfish had no intentions of cooperating and took about 150 meters in one run. I had to tighten the drag a lot to be able to stop it. Otherwise it could easily have emptied my spool. This fish was strong! After some time it calmed down a bit, but still kept jumping several times. Especially if the sail (dorsal fin) is raised the sailfish is quite heavy to reel in. While it jumps it is a big risk of it cutting the leader while it shakes it’s sword. I was therefore fully focused on having thight line troughout the whole fight to prevent this from happening. I gained some line and the fish approached the boat. It was clear that both me and the fish were exhausted. As a last move the sailfish swam backwards along the boat. I feared that it might could swim under the boat and cut the line so I had to run after it. While reeling in I jumped down from the front of the boat and ran past people and fishingrods. Luckily everything went well and some time after I could proudly pose with my first sailfish ever. It had been an amazing fight and the fish was really beautiful. It was great to see it swim away again so it could grow even bigger. Both mine and Dan’s fish was about 40kg (90lbs). After it swam away I had a mix of adrenaline, releaf that I didn’t loose the fish and just incredible happiness to catch such a wonderful fish. Ever since the trip to Panama in 2014 I’ve always had a dream of catching a sailfish. Seth and tony tried livebait afterwards. Seth got a bite, but unfortunately the line was cut early in the fight.
 
We searched for tuna in the start of tuesday. Although we found two schools the only fish we caught was a small tuna Dan caught. Sailfish on livebait was the main focus the rest of the day. We saw plenty of sailfish this day, somtimes five to six at the boat at the same time. Seth lost one that cut his line, but he got his revenge soon after with another sailfish. This was about the same size as the other sailfish we had caught, maybe a bit smaller. I tried for a half an hour with livebait. Not a lot of sailfish were active at this time and I only got one by the boat. This fish showed no interest in my baitfish. The days we fished in Colombia the sailfish were feeding on 3-4cm baitfish and that’s probably why they most of the time didn’t care about our baitfish that were 10-15cm. At the end of the day Tony fished in the front of the boat and had just got his livebait in the water when a sailfish jumped one meter in front of the boat and continued to jump several jumps after. Tony looked suprised since he first thought that the fish had taken his bait, but nothing happened to his line. All of us got a great laugh.
 
The last day of fishing we jigged and popped for amberjack at the islands we had fished earlier. I tried metaljigs, Westin Crazy Daisy, Westin Platypus and some lightjigs in rubber. But nothing happened. Just a short while ago they caught 20 amberjacks in this area within a couple of hours. But that’s fishing. A school of mullet snapper and one sailfish could be seen in the surface, but didn’t bite. The boat was moved some nautical miles and we saw plenty of fish on the echosounder. Dan got a jack crevalle, but nothing more. Since the baitfish that the sailfish ate was so small, Seth and Dan tried some casts with tiny Jack Fin stickbaits. They didn’t catch anything, but we continued to search for sailfish. Tony had not caught a sailfish this trip so he fished all day. The rest of us shared the fishing time. Seth lost a sailfish that cut his line. Tony finally got his sailfish and everyone were happy on his behalf. He seemed almost suprised when he finally had a sailfish on. I and Dan fished with livebait at the end of the day. Dan lost a sailfish because the leader was cut. We headed home an hour earlier this day since everyone had got their sailfish and were back at he horel at 5 PM. In the evening we got a great dinner and packed our gear. The same period as we were there four frenchmen fished from another boat. They caught some nice tuna up to 40kg, amberjack on jig, cubera and several big sailfish on livebait. We saw plenty of sailfish and this is only the start of the sailfishseason. Some weeks later it gets many more and they are usually easier to catch when they prey on bigger baitfish. Sailfish is an amazing fish when it is swimming in the surface. It raise it’s sail just before it attacks and we could se nuances of purple on the sail. Once hooked they jump a lot and are one of the fastest fish in the world. We had bad luck with the tuna on this trip. Just some days before we arrived fish up to 50kg had been caught. Those fishermen were most interested in cubera snapper so after catching eight big tuna in a short time they didn’t wanna spend more time on tuna. The area around Bahia Solano gives you a great opportunity to catch many species if you try different fishing techniques. After us came a group of americans that wanted to try to catch sailfish on fly. That sounds like fun! The nature is incredibly beautiful with white beaches, jungle and many nuances of blue in the ocean and green in the jungle. Along the coastline are cliffs and caves and far away from land you’ll find remote islands with only a few threes clinging to the rocks. Albatross, different birds, hundreds of dolphins and a manta ray is only a fracture of the wildlife we saw.
 
Since we didn’t fish on Thursday we could sleep a little longer in the morning and got the breakfast at 8 AM. One hour later the boat transported us to Bahia Solano. Of unknown causes the airport in Medellin was shut down for a short while so we had to wait for an extra hour. The flight in the tiny airplane went well and soon we were back at Art hotel in Medellin. Since it was a long time since breakfast we ate lunch at a restaurant. I ordered taco and it was way better than the taco we make back home in Norway. After some hours of relaxing at the hotel we met Beto and went to another restaurant. Medellin is a great city with awesome food. It is only a few years since the tourists started to visit his city and the locals seem to be happy for the tourists. People are happy and easy to get to know. I would have loved to spend some more days in this city, but I’ll have to do that another time.
 
Seth, Dan and Tony got a flight from Medellin at 7 AM in the morning, while I flew 3 PM. I got transfers in Panama city, Paris and Amsterdam before I landed in Bergen, Norway late Saturday evening. Thanks to Seth, Dan, Tony and everyone in Fish Colombia for a great trip!
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...
  • 2 weeks later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.