Gå til innhold
Fiskersiden

The Tales Of Sunnmøre - Episode III - "Lysare" tider


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

OBS: Klikk på bileta for å forstørre.

I forrige episode fekk dykk sjå korleis Frank grusa meg i lysingfiske, og like etter køyrde han fnisande heile vegen til Trondheim, og lot meg sitte åleine att, svøpt i eit kløande teppe av ergrelse, og med ein dott frustrasjon på ein plass det ikkje gjer godt.. Men eg tenkte jo det, at når han var ute av vegen, så hadde eg jo masse tid til å ta revansj på rekorden hans, og når eg att på til ordna meg med båt, kunne eg jo nesten berre notere 8+ lysing med ein gong.



1061193_10153025601610651_370220708_n.jp

Båtutsetjing. Hansvik 18 med Tohatsu 15 er min faste doning denne sumaren. (Foto: Fredrik Sande)

Skjølv om eg har byrja på jobb, har det totalt vore gjennomført 13 meir eller mindre vellukka fisketurar sidan forrige rapportering. Ein av desse var eit heller eksotisk prosjekt etter regnbogeaure på Barmen. (øya i Selje kommune, må ikkje forvekslast med den gamle tyske industribyen med same namn). I fylgje ymse fora, jungeltelegraf og gamal folketru, skal det ha vore drive oppdrett på regnbogeaure i eit vatn på denne heller tynt befolka øya. I tidligare år kunne ein regelrett hente opp 50+ regnboge på ein dag, og dei beit etter sigande på alt. Informasjonen eg klarde å skrape ihop på korleis tilstandane var i dag, var sparsom, men eit gjestebokinnlegg frå 2011 frå ein rasande tysker som fortvila over at han berre hadde fått 12 fisk, tilsa at det burde vel muligens finnast ein og annan igjen... eller? Mail til div. instansar på øya gav i alle fall ikkje svar, så einaste måten var å finne det ut skjølv. Og vi fann vel kort og greitt ut at det måtte 5 mann og ca. 32 stongtimar med både makk og sluk for å få 2 brunaure, og fiaskoen var eit faktum. Men ferga var kul, og Fredrik, Mats og Ørjan sikra seg ny trøste-art:

1069800_10153071557795651_883471254_n.jp

Trepigga stingsild, søt sak. (Foto: Fredrik Sande)

1060773_10151444691650685_1466811021_n.j

Ferga "Barmøy", søt sak det også. (Foto: Ørjan Gjelseth)

Etter denne trivelige, men ufruktbare turen var det på tide å få utstyret i salt vatn igjen. Skylappane var på, og målet var atter ein gong lysing. Frank kunne ikkje gå der og godte seg og leve trygt med den 7+'aren sin. Kalendaren viste 4. juli, men det var nok meir futt i fyrverkeriet i statane, enn det var i fiskeriet mitt. Fekk to langer, ein lyr og ein liten lysing på 7 timar, men været var upåklageleg..

IMG_0001.JPG

Shetland framme til venstre. (Foto: Sindre Bøe)

På neste lysingtokt hadde eg med meg min fetter Thomas, som etter å ha slumpa borti ein 14,5 kilos laks i fjor sumar, har vore ilagt ein forbannelse, og ikkje fått skryteverdig fisk sidan. Dette burde være grunn god nok til å halde seg unna laks lengst mogleg, og folk som går med ein laksefiskar i magen, bør få han ut anten eine eller andre vegen, gjerne med inngrep. Uansett, så smitta ikkje forbannelsen over på meg, og etter å ha starta med ein liten 2 kilos sak, sit eg i telefonen med Calle og drøymer med vekk, då det plutseleg rykker formidabelt og umiskjenneleg i det slitne Tica-staget. Beskjeden i telefonen blei kort: "Lysing - Ha det!"

IMG_0018.JPG

4400 gram, 86cm, og ny pers. (Foto: Thomas Solheim)

Pers er pers, skjølv om den berre aukar med skarve 200 gram, og turen var allereie redda. Thomas hadde nokre napp, med aldri av den tyngre sorten, og han fekk rett og slett ikkje steike støv. Men blid, det var han fortsatt!

IMG_0019.JPG

(Foto: Sindre Bøe)

Etter ein ny telefonrunde med Calle, må eg på nytt legge på, og opp kjem endå ein i same kaliber, berre såvidt mindre enn den forrige.

IMG_0021.JPG

4180 gram. (Foto: Thomas Solheim)

Calle sluttar å ringe, men fisken bit fortsatt, og eg får to til, ein på 3900 gram, og ein litt under. Denne dagen har eg ingen problemer med sirkelkrokane, og eg misser kun ein fisk på totalt sju hogg. Thomas var trøytt, og ville heim, men eg kunne ikkje stoppe. Litt til... litt til...oooog litt til... Og heilt til slutt, 5 minutt etter siste 10 minutt etter siste halltime etter siste nedslepp, fekk eg på eit hendelse av ein fisk nede på 130-140 meter, og var brennsikker (som eg har vore før), på at no var 6+'aren trygt pierca med ein Owner sirkel gjennom ganen. Den var forrykt, tung, vill og gal frå start til slutt, og eg kan ikkje anna enn å seie at skuffelsen var til å ta og føle på når ein jævla LYR på knappe 3-4+ braut overflata. "Lyr? Ka i ***** gjer en lyr der nede?!". Etter denne heller uventa bommerten tek vi kveld, og heime på havna kunne eg konkludere med at det vart nok lysingfilet i frysaren for ei tid framover.

...Og då skulle vel eigentleg denne "episoda" være over. Ikkje komplett agurk, men ingenting å lage stor ståhei om. Likevel fekk eg meg ikkje til å trykke på Publiser-knappen. Eg skulle ut neste dag, og drøya den litt til... i håp om noke meir "rapportverdig".

Den aktuelle dagen (tysdag), regna det i bøtter og spann, men vinden var ikkje av verste sorten, ganske perfekt driftfiske-vind faktisk. Skjølv om eg var effektiv og gjorde meg klar rett etter jobb, var Kalland treig denne dagen, og eg låg og vreid meg i båten med store fiskeabstinensar og til dels kramper i heile 50 minutt før han dukka opp.

Alt var egna og klart når vi kom fram og eg slepte ut kjapt og gale, og det gjekk ikkje lenge før dei var på plass igjen...

IMG_0035.JPG

Ny pers, 5200 gram. (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland)

Ny pers på fyrste fisk lovar bra, og smilet er på plass! Ikkje lenge etter har eg fått to til på 3-4kg, samt ein torsk, og etter litt om og men er det liv hos Kalland også.

IMG_0046.JPG

(Foto: Sindre Bøe)

IMG_0051.JPG

Ikkje pers, men rett art. (Foto: Sindre Bøe)

Eg var i siget, og persar igjen, med eit særdeles vakkert eksemplar (skjølv med dogga iFon-kamera)

IMG_0060.JPG

Pers blir justert 200 gram opp, 5400 gram. Lengda var 90cm blank. (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland)

Etter denne fisken får eg på ein mykje større, som til min store frustrasjon avkrokar seg skjølv, og punkterer "ballongen" med tennene i vassflata, berre 4-5 meter i frå båten. Skjølv med innevollar ut kjeften, skyt den fart ned igjen, og er ute av syne etter 20 sekund. Rundt anslått med augemål til 6+, og eit skår i gleda den neste halvtimen... Ei lita trøst blir det dog når eg persar igjen...

IMG_0079.JPG

5800 gram, 92,5cm og stigande stemning! (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland)

No blir eg ei periode plaga med mykje forsiktige napp, og misser fisk halvveis fleire gongar. Men aktiviteten avtek ikkje, og dei kjem sterkare tilbake kvar gong. Og med litt tolmod og slakt snøre, svelgjer den til slutt heile sulamitten og sit som støpt! Denne gongen er det like tungt som den store eg mista, og den blir i tillegg gal midtveis i vatnet og rullar å gjer små utras i både ein og fleire retningar. Eg får storskjelven, og blir gelé både psykisk og fysisk, men er påpasseleg med at fisken bryt overflata i så nær kleppbar avstand som mogleg denne gongen. Stødig klepping av Kalland, og fisken deisar i båten, og det blir tidleg klart at det er pers. Den er stor. Like stor som den som glapp! Minst! Vekta viste 6900 gram, og skuldrane var senka ned på rekordlavt nivå. Varmen breiar seg rundt i den dyvåte kroppen, og smilet vart etterkvart vannfast.



IMG_0098.JPG

6900 gram, 99cm! Fortsatt litt kake, men våt og lykkeleg! (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland)

Etter dette får vi nokre lysingar til i 4-5kg size, før vi gir oss for kvelden. Ikkje fordi vi var trøtte, slitne, våte, kalde eller tom for agn, og ikkje fordi bettet gav seg (tvert imot), Vi gav oss fordi vi innsåg at vi var nødt å filitere heile sulamitten. Totalt fekk eg 9 lysingar og ein torsk, Kalland fekk 4 lysing. Dette blei vel ca. 20kg skinn- og beinfri filet. For dei som spekulerer i kvifor eg fekk meir fisk, så kom vi fram til følgjande differansar mellom tackla våre:

  • Eg hadde sirkel, han hadde J-krok
  • Eg hadde større agn (og fekk mest fisk på makrellhovud, faktisk 3 fisk på same hovud)
  • Eg hadde ESCA (blue fading)

Eg trur ikkje kroktypen hadde så mykje å seie, men eg hadde jamnt over mykje meir nappaktivitet enn han, og trur hovuda var utslagsgivande. Eg fiska lenge med ein stor bukskinnbit på midterste kroken, men fekk ingenting på den, før eg sette på ein halv makrell (fremre ende). Tidlegare har eg fått nesten alle på slepet ved botnen, men nesten samtlige tok øverste krok denne gongen, ca. 3-5 meter over.

Neste gong går eg all-in med flapper på alle krokane, men før den tid trur eg kanskje det blir ein landbasert flyndretur om været tillet det.

Vi sjåast i episode IV! :)

Opprinnelig publisert på: http://nidarosiensis.blogspot.no/2013/07/the-tales-of-sunnmre-episode-iii-lysare.html

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott rapport, mye fin lysing! :) Ser ut som det blir mye lysing til middag fremover da, men det skal visst være en utmerket matfisk..

Ikke så overrasket over lyren som tok på 130-140 meter egentlig.

Jeg tar stadig lyr på 150 + meters dyp fra land inne i en fjord jeg fisker mye i (De går dypt der på høst/vinterstid).

Har et håp om lysing fra land ila året (som ny art)...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott rapport, mye fin lysing! :) Ser ut som det blir mye lysing til middag fremover da, men det skal visst være en utmerket matfisk..

Ikke så overrasket over lyren som tok på 130-140 meter egentlig.

Jeg tar stadig lyr på 150 + meters dyp fra land inne i en fjord jeg fisker mye i (De går dypt der på høst/vinterstid).

Har et håp om lysing fra land ila året (som ny art)...

Takk for det! :)

Nei, det er vel sant at "djup" lyr ikkje er så uvanleg, men det var likevel ikkje det mest forventa, og ikkje minst utruleg skuffande der og då... :angry:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.