Gå til innhold
Fiskersiden

Frøya - Kapittel 2 - Den ainner båten (Vi som e snill)


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Turen til Frøya hadde eg gleda meg lenge til. Veldig lenge. Mitt eige ny-art-potensiale var stort: spisskate, vassild, kolmule og skjellbrosme var nokre av targetartane. Perspotensialet mitt var (som alltid) ganske stort det òg, og dette gjeld nok dei fleste havgåande artar, men eg hadde eit ekstra lite håp om pers på uer, lysing og glassvar. Eg spikra meg til slutt eit mål på minst èin ny art, eller tre nye pers. Såpass burde eg få til på tre dagar.

Etter ein særs humpete, svingete og tissatrengt køyretur, ankom vi rorbuene ytterst på ein knotete grusvei mot havgapet. Kokk Irvolini Nidarosiensis hadde diska opp med saud-i-kål til alle mann, og til dessert var det tackleknyting og prat (det absurde interne pisspreiket eg etterkvart har lært å nyte).

yolo.JPG
Legg merke til dei fine sokkane mine. Surflyktestolpen på veggen er ikkje vår. (Foto: Carl Oscar Raphaug)

Dag 1 : Sigve spyr, men får ingenting verdt å nevne.
Eg vart plassert i båt saman med prins Sverre Magnus von Selbach og Sigve Drakedrepar, og planen for fredagen var Frøyfjorden og spisskate. Det resulterte for min eigen del i fire små brosmer og ein hågjel. Trur Sverre endte opp i noko liknade, berre med meir hågjel. Sigve fekk sikkert ein hå eller to han og. Ingenting å korkje skrible om eller ta bilder av der altså.

Dag 2: Sigve spyr og fryser, men får ny art.
Skjølv om fredagen var fangstmessig tynn, hadde eg god tru på laurdagen. Vinden hadde løya, og turen bar dermed langt ut i Frøyhavet for å prøve å knipe ei handfull vassild. Sigve, som hadde vore ein smule uggen dagen før, lurte nok på kva i beksvarte ballevorte han hadde begitt seg ut på, for skjølv om vinden hadde løya, var ikkje bølgene spesielt små i dag heller. I staden for å brodere ut om tilstandane, har eg førebudd eit lite dikt om situasjonen:


Sjøen var gammal
guten var ung
Brått var han slapp
som ein sommarvarm pung


Opp kom maten
som i går var god
og heile salaten
gjekk rett over bord


Men det gjekk ein ***** i guten
og han fiska på trass
etter skjellbrosme, kolmule
uer og vass

P9140139.JPG
(Foto: Bjørn Florø-Larsen)

Som nevnt i rapporten frå båt 1 var det nesten umogleg å nå ned botnen med heklene. Frå 10 til 90 meter stod tjukt med makrell, og om du var heldig og klarte å passere, venta det pigghå frå 90 meter og ned til botnen. Til slutt droppa vi bom og slep, og køyrde kun agna hekle med overkill bly for å frøse fortast ned mot botnen. Det var likevel lite å sjå til vassilda, korkje i eine eller andre båten, og når vi høyrde "Æææææ! Shellbråsme!" frå andre båten, kunne ikkje vi være dårlegare, og vi festa på nytt på bom, med små slep under hekla. Ei lita stund låg vi sannsynlegvis i auget av makrelnadoen, for denne gongen klarte vi å få heile rasket til botnen. Etter litt drifting byrjar SMS å sveive opp noke som han kalkulerte ikkje kunne være brosme, hågjel eller pigghå. "Jeg har en følelse på at det kan være targetarten (skjellbrosme)"... Og vist var det skjellbrosme! Den ellers rolige, beherska og seriøse SMS får muligens blodpropp i språksenteret i hjerna, og går over i ein primitiv talelaus tilstand der han skrik og mumlar om kvarandre: "ÆÆÆ! ha..hø..he..åh..a-ha-ha-a-a.. det er Sandra..båthe-e bå.. fah.. e...ååh. hvomana-ee..øøh..ææ..ÆÆH!...få låne walkie-talkien."

IMG_1304.JPG
Ny pers, 860 gram. (Foto: Sindre Bøe)

IMG_1306.JPG
(Foto: Sindre Bøe)

Mens eg filmar spetakkelet, og tek bilder av Sandra (skjellbrosma), høyrer eg at det er noke som tek snøre av mi eiga snelle, både på bølgetopp og i bølgedal. Eg strammar bestemt opp, og gir eit slags lite, halvhjerta tilslag (for ikkje å rykke ei evt. vassild i to). Det svarar i andre enden med meir vekt enn det eg sendte ned, og det ser ut til at det er snakk om fisk. I frykt for å miste kjeveveik småfisk sveivar eg sakte opp, og det viser seg at det er slappe greier, men likevel for tungt til å være ein veldig liten fisk. Eg tippar hågjel med ein dårleg dag, eller kanskje svarthå-triplè. Når tacklet når synsvidde trur eg knappast det eg ser: TO skjellbrosmer! Ein på hekla og ein på slepet! Skjellbrosme-doublè! Eg blir brått gripen av ein meir høglytt variant av afasien som Sverre var råka av tidlegare, nesten litt måseaktig: ÆÆÆÆ! ÆÆÆÆÆH! ÆÆÆ! HÆHÆHÆ! ÆÆÆÆ!"

IMG_1313.JPG
(Foto: Sverre M. Selbach)

Den på hekla var den minste, på 360 gram og 39 cm. Det vil då seie at eg teknisk sett fekk ny pers når eg løfta den på slepet ut av vatnet. Den veldig ferske persen kom då på 600 gram og 44 cm.

IMG_1325.JPG
Pers, 600 gram og 44 cm. Ææææææ! (Foto: Sverre M. Selbach)

Dette var jo sjølvsagt heilt sprengt. Skjellbrosmedoublé er vel omtrent like vanleg som ville albino elefantfugl, og andre ville kanskje heller ha benytta den flaksen i eit pengelotteri av eit slag. Men ikkje eg. Er du artsidiot så er du artsidiot. Skjellbrosmedoubléen står no fjellstøtt som min største sportsfiskebragd. No var det berre Sigve ombord som ikkje hadde fått arten, og det var ikkje haldbart. Det var tydelegvis bonanzaopplegg på gong, så no skulle guten fiske skjellbrosme, sjøsjuk eller ei! Vi fekk mekka ihop eit slep og ein opphengar, og han slengte ut, slapp til botnen, la seg ned og visna vekk igjen.

Eg fortsatte å fiske med same opplegget, i håp om kolmule, vassild, eller større skjellbrosme. SMS rulla ut ei hekle så lang som eit vondt år, armert med str. 14 sirkelkrok og minimakrellbit. "Sølvtorsktackle", sa han, mens han humra, rista på hovudet og mumla noke om "idiotopplegg". Han fikk faktisk napp av mikrofisk på idiotopplegget/sølvtorsktacklet tre gonger, men kvar gang vart småfisken teken av makrell på veg opp. Idiotopplegg, jau. Etter ein del drifting, var det napp hos meg igjen, og denne gongen var det litt friskare. Viste seg å være ein uer, min andre i livet, og ny pers! Endeleg var den 10 år gamle bildelause uerpersen begravd! I ettertid fann eg også ut at det var klubbrekord, som jo er minst like kult som noregsrekord. Om ikkje kulare. Eg er kul, altså.

IMG_1335.JPG
Ny uerpers, 2060 gram og 54 cm. (Foto: Sverre M. Selbach)

Like etter fekk eg pers på hågjel (1050 gram), utan at det er noke å ofre rapportplass på. Etter ei stund utan særleg med liv, sveiva vi opp, og førebudde oss på å skifte plass. Siggen, som hittil i turen hadde unngått både pers, ny art og bra fisk generelt, hadde no halvsove med slep på botnen i sikkert tre kvarter. Han manna seg opp, sette seg opp, kasta opp og sveiva opp. Det var ingen tegn i stangbøyen på at han hadde fisk, så det var ikkje akkurat sveiva inn med entusiasme. Når bommen braut overflata la vi merke til ein liten brunaktig klyse som dingla i slepet. Det var ikkje sant! Det var den søtaste vesle skjellbrosma verden har sett, stein daud, med bar preg av å ha blitt kjølhalt langs botnen i hundrevis av meter! Skjølv om den var delvis flådd, og med antydningar til hòl i buken, satt ikkje det ein dempar på stemninga! Ny art er ny art, og småsjuk tulleart som dette trumfar det meste! Ein annan ting vi etterkvart innsåg, var at vi hadde fått 4 skjellbrosmer i båten på eit par timar. Insane holy monkeyballs!

IMG_1339.JPG
70000 gram sliten Sigve, med 160 gram sliten skjellbrosme. (Foto: Sverre M. Selbach)

Det var etetrkvart blitt seint på dag, og vi flytta oss til ny plass for å sjå om lysingen var på plass. Sverre hadde sett seg eit mål om ny lysingpers på 5+, og lysingpers vart det...

IMG_1341.JPG

7750 gram primitivt villdyr! (70 000 gram dannet drammenser.) (Foto: Sigve Arntzen)

Eg fekk eit par små lysing, og mista ein feilkroka på 7-8 kg i overflata. Når eg då fekk eit napp som drog snøre av snella gjentatte gongar, var eg sikker på at dette var 8++ lysing, evt. småkveite. Det var desverre ikkje lysing, men ei grei lange på 12 kg, som faktisk er den nest største fisken eg har fått.

IMG_1347.JPG
(Foto: Sverre M. Selbach)

Det blei også litt meir lysing og nokre smålanger, men størrelsen avtok, og det gjorde også dagslyset. Den andre båten gav uttrykk for at dei var våte og kalde, og vi satte derfor kursen innover for å feire fangsten med grandis og promping. Vel inne på sløyebordet kunne også denne "familien" samlast:

P9140159.JPG
Skjellbrosme is the new sypike. Frå øverst og nedover: Sverre, Bjørn, Sindre, Sindre, Sigve (Foto: Bjørn Florø-Larsen)

Dag 3: Sigve verken spyr eller fryser, men drar ny art og perser, perser og perser.
På søndagen vart det satsa hardt på lysingplassen. Eg skjølv var ikkje like gira på lysing, så eg køyrde slep i botn med lang makrellstrimmel, i håp om glassvarpers. Glassvar fekk eg ikkje, men ein mengde med fine hyser. Den fyrste og største var også pers, og klubbrekord.

IMG_1349.JPG
4100 gram hysegris, fordelt på 73 cm. (Foto: Sverre M. Selbach)

Eg persa også på torsk, for fyrste gong på 10 år, og "grusa" min gamle pers på 3800 gram med eit eksemplar på 4100 gram.

IMG_1375.JPG
Lukke! (Foto: Sverre M. Selbach)

Ein slik torsk over den magiske firekilosgrensa fortente eit bilete hobbyfotograf Irvin ville vært svært nøgd med:

IMG_1377.JPG
Sigves bakhovud. Sunnmørsk deltidsdiktar med fjasetorsk i bakgrunnen. (Foto: Sverre M. Selbach)


Sverre derimot, som køyrde "Kjempeopplegg 2.0", som er ein kombinert lysing- og glassvar-rigg med ein særs lite hip pilk med slep i botn, fekk glassvar. Og den var fin!

IMG_1359.JPG
Glassvar, 1500 gram og spekimen. (Foto: Sigve Arntzen)

Sigve, som hadde ein respektabel lysingpers på 6,5 kg, hadde ikkje for store forhåpningar om å perse på lysing. I motsetning til dagane før, var han no i full vigør. Kvikk i blikket og med rak rygg, flekka han opp ny pers likevel:

IMG_1364.JPG
7 kg blank! (Foto: Sverre M. Selbach)

IMG_1369.JPG
Ny fisk, litt mindre. Sunnmørsk undergrunnsdiktar i bakgrunnen. (Foto: Sverre M. Selbach)

IMG_1383.JPG
Siggen persa også på hyse, 2500 gram. (Foto: Sverre M. Selbach)

IMG_1388.JPGIMG_1397.JPG

Ny lysing, ikkje pers, men over 6 kg og eit særs vakkert eksemplar. (Foto: Sverre M. Selbach)

Det skulle vise seg at Sigve hadde meir på lager enn "berre" lysingpers og hysepers. Eit heftig hogg med fleire små utras fekk Sverre til å tiske om kveite, og han skulle få rett.

IMG_1416.JPG
Ny art nr. 2 på Siggen, kveite på 7 kg! (Foto: Sverre M. Selbach)

Junior-Siggs fyrste kveite fortener faktisk eit bilete til:
IMG_1400.JPG

(Foto: Sverre M. Selbach)

Når dagen var nesten omme, flytta vi oss til ein plass som skal levere greit med piggskater. Det skulle vise seg at flaksen min var slutt for turen, men Sigve hadde enda meir oppspart. Dette var verkeleg Sigves dag, og han flekka fyrst opp ny piggskatepers:

IMG_1419.JPG
4 kg (Foto Sverre M. Selbach)

Deretter flekka han opp endå ein piggskatepers!:

IMG_1430.JPG
4,5 kg. (Foto: Sverre M. Selbach)

Junior-Sigg vann båten med god margin siste dagen, fortent etter to dagar med spy og koma! SMS fekk også nokre piggskater, men langt unna persen hans og ikkje verd å ta bilde av. SMS brukte mer tid på å håve og ta bilete av Sigves nye artar og persar denne dagen, enn å fiske sjøl.

Når klokka var ca. 17, stappa vi i oss litt potetgull og satte nasen mot land. Ein fantastisk tur var over, og frysaren var så full at han gav frå seg alarm med blinkande lys. Til slutt vil eg avslutte med ein kjapp liten videosnutt, slik ungdommen lika.

Enjoy!



Stay tuned, som dei seier i utlandet, for tredje og siste kapittel med NKML versus Team Sluk/Gadus!

Dette innlegget er reposta frå: http://nidarosiensis.blogspot.no/2013/09/frya-kapittel-2-den-ainner-baten-vi-som.html

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulere med mykje fin fisk :D alltid gøy å perse :D

Knall rapport og lekre fisker !

Grattis med bra fisk og nye perser!! Herlig doublè! :)

Gratulerer med nye arter! :)

Takk for tilbakemelding! :)

Nye artar er alltid det kjekkaste, spesielt når dei kjem så sjeldan som med meg.

Håpar å nå 60 i år...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.