Myklebust Skrevet April 10, 2007 Rapporter Share Skrevet April 10, 2007 (endret) Slenger inn ein utelatt fangstrapport frå i sumar. Håper ingen slakter meg fordi om. Vêret hadde vore fint i fleire dagar. Varmen hadde gjort meg og Håvard sløve. Fleire dagar hadde komt og gått sidan førre tur. Det var på tide å vakne opp att. Nye vatn måtte prøvast ut, fiskefeberen måtte behandlast. Ein sumarkveld i juli vart det bestemt. Neste morgon skulle me besøke eit særdeles interessant område. Eit område som hadde plaga oss heile vinteren. Kva i helsige ville skjule seg der oppe? Ville der vere fisk? Stor fisk? Dette hadde gnege og tæra på psyka vår heile vinteren, og delar av vårsesongen. Endeleg skulle me få sjansen til å få ro i sjela, forhåpentlegvis. Me bestemte oss for å vere knallharde og legge i veg tidleg om morgonen. Nærare bestemt i seks-tida. No var det sengetid. Eg måtte sove langt og lenge, for å vere klare for den knallharde turen som venta. Men neida. Søvnen satt langt inne. Eg gav meg på det etter eit par timar. Heile natta trippa eg rundt i huset, både rastlaus og spent. Endeleg var Håvard bevisst. Han var utkvilt, opplagt og hadde aldri vore så klar for tur. Eg traska meg nedover i byggjefeltet, for Kårstad-ætta, gjerrige som dei er, nekta å køyre heilt opp til heimen min. Forbanna hovdebygdingar. Vegen tok slutt og me måtte greie oss på eiga hand. Køyretyet returnerte attende åt sivilisasjonen. Klokka var knappast sju og sola hadde enda ikkje fått tak nede i dalsøkket. Me byrja å gå, med vissheita om at det låg ein lang og strevsam marsj føre oss. Stien vart mindre og mindre synleg. Etter ei lita stund var den heilt vekk. Me rota rundt i eit tørrlagt elveleie, slåss med djevelsk småskog, Håvard fell til og med eit par tårer, før me endeleg fann ei passande rute. Når eg seier «passande», meiner eg passande for oss. Det er berre sunnmøringar som greier slike etapper. Alle andre ville dukka under i den første slakke oppoverbakken. Til og med Terje Håkonsen ville tenkt seg om to ganger, men ikkje me... No byrja det å verte skremmande bratt. Ein gigantisk fjellvegg låg rett framfor beina våre. Det var umogleg å kome opp via den, så me måtte finne ei alternativ løype. Me støtta oss bortover fjellsida før me endeleg fann eit lita stripe med tred og vegetasjon. Ved hjelp av treda, klarte me på ein måte å kome oss heilskinna opp den litle knausen. Eg lyg ikkje viss eg seier at den var bortimot loddrett. Omsider kom me oss opp på eit aldri så lite skard. Langt borte i horisonten skimta me ei lita perle av eit vatn. Sidan me først var her, kunne me like så greitt ofre eit par timar i det vatnet. Eit nydeleg stykke innsjø, når sant skal seiast. Me tok til med fiskinga. Det gjekk ikkje mange minutta før det var napp. Fy steike, denne var astronomisk! For eit enormt drag! Eg hadde aldri, aldri i heile mitt lange fiskarliv vore borte i noko liknande. Etter ei stund var endeleg fisken trygt på land. Det var ikkje tvil. Dette måtte vere verdens minste fisk. Vatnet var definitivt overbefolka. Me fiska oss innover langs sida av vatnet, kun for å få bekrefta hypotesa vår. Vatnet var definitivt overbefolka. Drog på land eit tresifra antal skrinne aurer før me såg oss leide. Det var på høg tid å kome seg vidare i livet. Fiskeutstyret vart plassert i sekken, eg knaska litt på den medbrakte skalken, før eg endeleg var klar til avgang. Men det var ikkje Håvard. Nei, han hadde noko stort på gang, så han sprang og gøymde seg bak ein stein. I forbifarta nemnde han at dasslektyra låg att heime, så han måtte moglegeins nytte den ekstra t-skjorta som dasspapir. Eg stod og venta i minst tredve minutt. Fyren kom attende halvnaken. «Kva har hendt», spurte eg. «Eg trudde du berre skulle bruke t-skjorta», sa eg. Håvard kika ned i bakken før han momla «Eg hadde århundrets verste magesjau». Det var det. No vandra eg rundt med eit stykke halvnaken hovdebygding i fjellheimen. Etter å ha trakka innover fjellsida i rundt to timar, kom me endeleg fram til enda eit vatn. Nydeleg var det. Me lot den nydelege naturen sekke inn, og så byrja me å fiske. Det gjekk ikkje lenge før Håvard kunne posere stolt med ei aure på snaue tre hektogram. Greitt nok, iallfall betre enn det me må djevlast med i det førre vatnet... Men dette kunne ikkje mette oss. Det var ikkje dette vatnet som var hovudmålet for turen. Me gav vatnet ein liten time til, før me kom oss vidare til det neste. Var ikkje lange stykket å gå. For eit syn! Dette var noko av det råaste, nydelegaste og vakraste me hadde sett. Me fann ikkje ord. Dette synet kunne ikkje skildrast med ord, ei heller bilete. Det må bokstavleg talt opplevast. Me vart heilt satt ut... Etter heile tjue minutt greidde me å tenke rasjonelt att. Operasjon storaurejakt vart satt ut i livet. Tunge sildeslukar vart bitta fast i fortommen. Det gjekk ikkje lenge før eg kjende ei rørsle som kunne vere fisk, men eg var ikkje heilt sikker. Det var for svakt til å avgjer om det var botn eller fisk. Vinden piska varmt og mildt, medan eg og Håvard gjekk langs sida av vatnet. Håvard stoggga, men eg fann ut at eg ville freiste lukka lenger borte. Eg stod og kasta ut og sveiva inn. På tredje forsøket kjende eg ei herleg rykning i andre enden. Ein fisk av bra storleik! Av pur glede, signaliserte eg til Håvard at eg hadde fisk. Han kom raskt til staden. Fisken kjempa knallhardt, ein skikkeleg kraftplugg! Etter ei stund fekk eg auge på noko som blenkte i det krystallklare vatnet. Fisken såg ut til å vere stor. Den tok seg eit siste symjetak før eg endeleg fekk den trygt opp i snøen. For ein nydeleg fisk. Eg synst nesten litt synd i skjønnheita, fordi den ikkje hadde klart å motstå den blå Jensen silda mi. Eg var frå meg av glede. At dette vatnet skulle huse få flott fisk, var ein draum som gjekk i oppfyllelse. Det finst meir fisk i havet, tenkte eg, før eg tok til å fiske igjen. Eg hadde rett, det var meir fisk i havet, blant anna den som nettopp hadde bite på dreggen. Denne kjempa minst like kraftfullt, men eg mista den. Håvard kunne fortelje at han hadde hatt eit napp, men ikkje noko som ville feste seg. Kanskje var det mangelen på søvn eller den friske fjellufta som gjorde det, men eg var så snill at eg lånte vekk ei blå Jensen sild til Håvard. Det gjekk ikkje lenge før han hadde fast fisk. Augo til Håvard skein av stoltheit, ikkje noko var tydelegare enn det. Fisken var stor, verka det som. Eg var rett og slett glad på hans vegne. Han fekk fisken trygt på land. Eg vart blende av det nydelege synet. For ei velskapt fjellaure! Eg gratulerte Håvard med ny pers og byrja brennkvikt med fiskinga att. Motet mitt gav resultat. I laupet av halvannen time kunne eg skryte av tre aurer, alle mellom 530-650 gram. Nydelege fiskar alle saman. Kunne sikkert fått på land mange fleire, men eg var rett og slett for trøytt. Alt eg tenkte på var søvn. Forslaget mitt om å sove i eit par timar før me byrja på heimvegen vart nedstemt. Håvard meinte at me heller skulle kome oss heim, sidan me begge var nøgde me turen og passeleg utmatta. Med eit nytt godvatn, nok ein eineståande turoppleving og flott fisk i bagasjen, vandra me dei tre-fire timane for å kome oss heimatt. Den bratte fjellsida var strevsam å kome seg ned, etter å ha vore vaken i tredve timar til saman. Ei kort oppsummering. Myklebust 650g/38cm 610g/40cm 530g/36cm Håvard 250g 550g Alle utanom Håvard si på 250 gram, tok på blå Jensen sild 18g. Endret June 25, 2011 av Myklebust Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
kim andre Skrevet April 10, 2007 Rapporter Share Skrevet April 10, 2007 nydelige bilder og fantastisk tekst som vanlig Myklebust! det grønne var utrolig grønt, ikke som vinteren her på vestlandet... det vannet, var rett og slett perfekt Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Havengel Skrevet April 10, 2007 Rapporter Share Skrevet April 10, 2007 Åååå fiiiine vatna! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
øysteiin Skrevet April 10, 2007 Rapporter Share Skrevet April 10, 2007 Gleder meg til sommer jeg, grattis igjenn Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Karl Inge S Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Dette var fjellfiske slik vi vil se det, herlig Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
ford prefect Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 (endret) .. Endret July 9, 2008 av ford prefect Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Helge S Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Nydelige bilder, flott natur og flotte aurar. Kjempefin rapport, Myklebust. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gabrielsen Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Flotte bilder ja - må være herlig å vandre rundt i slik natur Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Tommy Vik Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Nydelige bilder. Nå fikk du sommern til å virke så fjern De vannene var sykt fine, fine fisker også Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Trulsolsen Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 fin rapport,fine bilder men er du sponsa av Noregs mållag?? he,he tror vi må ha et eget forum for folk som skriver på nynorsk,muligens under "testforum".. stay sick!! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Myklebust Skrevet April 11, 2007 Forfatter Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 (endret) tror vi må ha et eget forum for folk som skriver på nynorsk,muligens under "testforum".. Temmeleg hårrøysande meining. I teorien er dei to målformene jamstelte, men det er diverre ikkje slik i praksis. Eit eige forum, eller ein "konsentrasjonsleir", for nynorskskrivande ville ført den språklege situasjonen mange år attende i tid. Ein kan lett trekkje parallellar til Amerikas sameinte statar i det tjuande århundret, då svarte vart tvinga til å sitje bakerst i bussane. Syns ikkje folk skal handsamast annleis sjølv om dei har ulikt mål, eller ulikt etnisk opphav. Takk for alle godorda. Kjekt med positiv respons! Vatna skal besøkast igjen i år. Vakrare område finn ein ikkje. Endret April 11, 2007 av Myklebust Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Oz Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Temmeleg hårrøysande meining. I teorien er dei to målformene jamstelte, men det er diverre ikkje slik i praksis. Eit eige forum, eller ein "konsentrasjonsleir", for nynorskskrivande ville ført den språklege situasjonen mange år attende i tid. Ein kan lett trekkje parallellar til Amerikas sameinte statar i det tjuande århundret, då svarte vart tvinga til å sitje bakerst i bussane. Syns ikkje folk skal handsamast annleis sjølv om dei har ulikt mål, eller ulikt etnisk opphav. Nå må du slappe litt av da Myklebust. Ingen grunn til å ta det der så bokstavelig. En liten spøk bør nynorskfolket tåle Forøvrig er paralellen din temmelig på jordet, det håper jeg du ser selv når du får tenkt deg om... Ellers en flott rapport, og fine fisker! Kan godt like litt nynorsk i blant, fint med variasjon. Kjør på med mer! Mvh Oz Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Lettaste Døsen Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Flott rapport med glitrande språk! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Hunter Skrevet April 11, 2007 Rapporter Share Skrevet April 11, 2007 Flott rapport som vanlig Muklebust. Herlige bilder. Jeg blir rent misunnelig av å se slikt. PS! Fortsett med rapporter på nynorsk du. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Trulsolsen Skrevet April 12, 2007 Rapporter Share Skrevet April 12, 2007 må bare beklage min litt dumme spøk..har sendt en pm til myklebust å bedt om"husfred".. studerer selv nynorsk på skolen så jeg har ikke et anstrengt forhold til det.. Beklager!!! hilsen en ydmyk Truls. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dalislama Skrevet April 22, 2007 Rapporter Share Skrevet April 22, 2007 Hei Ford! jo, Kroka er nydelig, men snittet mitt ligger under ditt da:) kan vel ikke vente annet som ydmyk krokarekrutt. 15 juni - ca 7 juli er jeg på plass i Haugesund atter en gang. Du får si fra om du skal oppover en dag i den perioden:) Gi meg en montana og en eske fyrstikker.. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Taxisvein Skrevet April 22, 2007 Rapporter Share Skrevet April 22, 2007 Flott rapport, flotte bilder og flott språk. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.