Dr. Hook Skrevet August 11, 2008 Rapporter Share Skrevet August 11, 2008 Mandag drog eg og ein kompis av stad i båt med oppankring og flyndrefiske som hovedmål. Piggvar var mitt største ønske for dagen, sjølv om eg eigentleg ikkje turde håpe på noko som helst. Som eg seier, "Ein evig pessimist vert aldri skuffa". Vi vart eit par timar forsenka grunna ein noko treg Sabb 10 hestar og kom oss ikkje frå kai før kl 18.00. Vi satte kurs for den nærmaste "hotspoten" eg hadde pensa meg ut, men der var for mykje straum og vind til at den vesle dreggen vår vart liggandes på sandbotnen, og svaberga vart faretruande nærgåande og intime. Her er fyrste "spoten": Vi flytta oss raskt derifrå og til plass nummer to: Det er ein grunn til at plassen heiter Sande for å sei det slik, og her har det tidlegare våre fiska kommersielt etter flyndre med snurrevad. Tidligare i sommar såg eg i tillegg ein "snorklist" som tok ein ca. 2 kilos piggvar med nevane her, so eg hadde trua. Vi "ankra" opp, so godt det lot seg gjere på sanden med vår puslete dregg, og seig sakte og passeleg over snaden. Eg egna opp peternostertakkelet med dei nydelegaste feite sprellande makrelbukskinnstrimlane som eg nokon gong har sett, og det var hakket før eg åt dei sjølv. 2 minutt etter fyrste nedslepp får eg fisk. Sprek fisk! Det var sjølvsagt for godt til å være sant, og det viste seg å være ein lyr på 7-800 gram som hadde sugt agnet (og kroken) so langt ned i systemet at eg måtte ty til delvis bukspretting, banning og henrettelse på staden. Etter at vi hadde fiska litt rundt i lengre tid utan hell, slo vi frå oss flyndrefiskinga og putra avgarde mot større djupner. Eg hadde no eit håp om å få noko små-hai av eit slag på mudderslettene ute i fjorden. Eg har aldri fått hai før, og her på forumet fekk eg erfare at det nærmast tyt over av slik irriterande småhai overalt der det er mudderbotn. Vi egna fint opp dei småkroka takla våre med makrell og sette på det tyngste forsvarlege loddet. Etter 50-60 meter stoppa krokane mine idet dei rykte med seg ein tilfeldig makrell på vei ned, so då fekk eg i tillegg ferskt agn. Ferskt, blodig agn. Dette likar vel haien? Vi fiska drivande over fjorden frå ca. 150 meter...ned på djupaste renna på ca. 210 meter...og deretter oppatt på andre sida... Null napp. Null fisk. Urørt agn. Etter denne fadesen av eit eksperiment drog vi til ein plass der eg har fått nokre langer før, og ei ganske stor ei nokre dagar før. Vi beregna å drive over plassen, sidan det var litt avdrift, men straum og vind var merkelege faktorar den dagen, og vi dreiv fyrst motsatt retning av det som vi trudde var vindretninga...og deretter ut på dei daude mudderslettene igjen. Etter dette ga vi oss. Sann fiskemessig sett var vel turen ein fades på alle måtar, men ang. flyndrefiske har eg uansett lært ein del til neste gong. 1. Lettare stong. Vi fiska sopass grunt at den var temmeleg overdimensjonert. Då tek eg helder mi litt underdimensjonerte haspel neste gong. 2. Bom. Mitt peternostertakkel funka dårleg, då vi ikkje dreiv so mykje som eg trudde vi kom til å gjere, difor vart det vanskeleg å kombinere "agn på botn" med "kontakt med agn". 3. UNDERVASSKIKERT! Eg gløymde den heime i hastverket, og det skjer ikkje igjen! Neste gong skal eg døtte meg sleppe makrelstrimlen rett nedi kjeften på han om han ikkje finn den sjølv Angåande haifiskeriet er det vel fint lite anna å konstatere enn at akkurat "min" fjord er passe daud på dei djupe mudderslettene, og dette er ikkje mykje å gjere med. Einaste eg har fått der er vel uer, med unntak av ei brosme for monge år sidan. Kan også nevnast at vi fiska på fjørande sjø, og ikkje på flødande. Dette kan sjølvsagt ha gjort utslag i bettet, men vi hadde desverre ikkje anna tid å avsjå. PS: Dei fine flybileta (ortofotoa), er henta frå www.sunnmorskart.no. Ein fantastisk ressurs for ein på utkikk etter sandbotn! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Martin S Skrevet August 12, 2008 Rapporter Share Skrevet August 12, 2008 Fin rapport selv med fravær av fisk! Syns det så ut som fine plasser du har lett deg frem til der. Gøy å finne frem til mulige plasser for så å teste de ut! Høres dog ut som turen ble mer som mine siste turer, mye breking og lite ull. Men det er bare å komme seg ut igjen, ønsker oss begge lykke til Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet August 12, 2008 Forfatter Rapporter Share Skrevet August 12, 2008 Fin rapport selv med fravær av fisk! Syns det så ut som fine plasser du har lett deg frem til der. Gøy å finne frem til mulige plasser for så å teste de ut! Høres dog ut som turen ble mer som mine siste turer, mye breking og lite ull. Men det er bare å komme seg ut igjen, ønsker oss begge lykke til Takk takk! Researchen på forhånd er jo halve moroa! Men eg gir ikkje opp med det same, dette forumet gir so mykje fiskelyst at det går utover mitt daglege liv For ikkje å snakke om bankkontoen Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Oz Skrevet August 12, 2008 Rapporter Share Skrevet August 12, 2008 Ser ut som spennende plasser ja. Et tips: Når du er på jakt etter de flate bør du droppe dreggen. Finn driftretningen og driv over fiskeområdet. Som regel mye mer effektivt, spesielt når piggvar er et av målene Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet August 12, 2008 Forfatter Rapporter Share Skrevet August 12, 2008 Ser ut som spennende plasser ja. Et tips: Når du er på jakt etter de flate bør du droppe dreggen. Finn driftretningen og driv over fiskeområdet. Som regel mye mer effektivt, spesielt når piggvar er et av målene På den andre plassen hadde nok dette fungert ja, spesielt med kikkert Men på den fyrste plassen ville nok kombinasjonen vind/straum og ein båt med eit skrog som eit eggeskal, ha våre litt for skummel til å drive på Guds nåde Og tusen takk for alle svar. Eg tek med meg erfaringane og tips herifrå når eg prøvar neste gong, og for kvart tips aukar vel sjansane mine? Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.