Gå til innhold
Fiskersiden

Gjøskjera i fineværet. 05.12.09


Arachnida
 Share

Recommended Posts

Har gått lenge å venta på ein laurdag med lite nok vind til å avslutte årets sesong frå båt. Endelig var meldingane slik dei skulle, 2-4 m/s og flott vær. Var ganske gira på å få teste agnpølsene eg hadde laga til. Hadde med meg to variantar. Ein med "hummaragn", dvs salta og litt sur makrell og ein fylt med lever, rogn og buker av sild. Turen gikk som vanlig til djupet ved Gjøskjera og den store sirkelkroken vart senka til botn på 200-240 meters djup. Håpet var brosme og lange, med eit lite ønske om ikkje alfor mange hågjel.

Første agnvariant som skulle testast var makrellpølsene. Gjorde fleire driv utan eit einaste napp. Skal ikkje avskrive agnvalget heilt endå, då det ofte er slik her på denne plassen. Kan gå timesvis utan noko action, for så å nappa heile tida i fleire timar. Men etter 2 timar bytta eg til det som nomalt er det sikraste kortet, ville jo ha fisk tross alt. Halv frossen makrell vart stripsa og surra fast på kroken og etter berre 5 minutt på botn kjende eg det godt gjenkjennelege nappet av ei brosme. Ga den litt tid til å glefse godt til før eg sveiva den fast. Bra tyngde gjorde at eg håpte på pers. Etter litt melkesyre kom ei feit brosme opp, uvanlig nok med med alle innvollane framleis i magen. Hadde gløymd vekta heime, so vekta etter bløgging og 4 timar i båten får meg til å trur at det kunne ha vore pers. 5,9 kg gir masse snaddermat. Desverre tok eg ikkje bilete av fisken før eg kom heim og dei bileta vart heller dårlige, men dette var ei skikkelig Erik "Stutt-tjukken" Holtan - brosme. Skikkelig brei over nakken.

94738_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/37800/94738.jpg

Etter brosma gikk det ganske lenge utan noko action, so eg satte på pilk og gummimakkar i håp om fisk til middag. Går mykje stor sei midt i sjøen her, men i dag var den ikkje bitevillig. Kom likevel opp ein fin 1,5-2kg sei som eg hadde rykt i magen. Med middagen sikra var det sildepølsene sin tur. Det gikk ikkje lenge før eg kjende at det var noko som likte smaken av sildemixen. Merka fleire små kjappe napp, som små ristinga i enden av snøret, men ingen ting som virkelig glefste til. No var det også ei lita periode utan vind og eg vart liggande nesten heilt stille. Merka ikkje noko napping, men berre at snøret stramma seg sakt opp. Tenkte at det berre var blyet som hadde satt seg litt fast og løfta forsiktig stangtuppen litt. Kjende at blyet løfta seg frå botn, men snøret var likevel stramt. Måtte være fisk dette, tenkte eg, og sveiva kjapt til. Jauda, der var det fast fisk. Bra trøkk i fisken med samme fekk meg til å tenke lange. 220 meter seinare vart mistanken bekrefta. Tankerekka gikk kjapt i det eg såg fisken: Brukbar størrelse, hmmm merkelig mørk i fargen, hmmm store auge, kan det være?... nei finst vel ikkje her... jau visst pokker!!!! BLÅLANGE!!!!! Konge!!! Tøft!! Stilig!! Første gong eg har fått den og art nr 31 eit faktum. Vekta blir desverre lavare enn den kunne ha vore då fisken ikkje vart vegd før eg kom heim. Men uansett ein solid førstenotering for blålange, 6,2 kg og 115 cm. Litt merkelig var det at einaste som var igjen i buken var ein velutvikla rognpose som viser at denne fisken hadde tenkt å gyte i nærmaste framtid. Men i bøkene står det at blålange gyter i april til juni. Kanskje ho ikkje kan kalenderen... Bileta var heller dårlige, med ser jo kva slags fisk det er i alle fall

94735_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/37800/94735.jpg

94737_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/37800/94737.jpg

Gjorde eit siste driv med sildepølse på kroken. Etter ein halv time utan noko action, la eg frå meg stanga og byrja vaske båten. Blålanga hadde rista leverbita utover halve båten, so det tok litt tid før eg brydde med om stanga igjen. Byrja å sveive opp og merka ingenting før midtveis opp i sjøen. Brått rista det forsiktig til. Hmmm er vel akkaren som prøver seg tenkte eg, men når snøret kom opp var det visst den obligatoriske hågjelen som hadde slått til. Ikkje den lengste eg har fått med sine 60 cm, men den med klart best kondisjon. Skikkelig ølmage på den karen.

94733_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/37800/94733.jpg

94734_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/37800/94734.jpg

Alt i alt ein flott tur. Ikkje den kvantiteten eg hadde håpa på, med kvaliteten var det lite å utsette på. Blålange e en stilig fisk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.