Jump to content
Fiskersiden

Min vestlands(og litt austlands)sommar


Recommended Posts

Heisann!

Sommaren nærmar seg slutten for meg, og her kjem ein samlerapport som omhandlar strabasane. Sommaren har stort sett dreid seg om artsjakt, og hittil i år har eg fått 39 nye artar. Jippi.

Hardangervidda

Fyrst ut er den årlege prikkefiskturen på Hardangervidda. Me er ein gjeng på fire stykke frå eit parogtjueår opp til eitparogfemtiår. Fjoråret gav oss mange store aurar, den største på fem kilo. Kunne det bli like bra i år? Det har vore mykje snø i år på denne delen av vidda, men heldigvis var det meste borte.

31921_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13044/31921.jpg

Fjellnøkleblom, ein av svært få planter som stort sett finst berre i Norge. Fin er den òg.

31922_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13044/31922.jpg

Denne stanga det prikkete hovudet i kilosmerket, og var i grei kondisjon.

31923_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13044/31923.jpg

1,5, 1,3 og 2,1

31924_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13044/31924.jpg

Scoliosepasient. Det er eit lite under at denne har blitt så stor. Har Mãrtha hatt ein fing (eller vinge) med i spelet?

31925_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13044/31925.jpg

Rundt 1,5 kilo og gjenutsett. Meget bra kondisjon på denne.

31926_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13045/31926.jpg

Samme fisken som ovanfor.

31927_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13045/31927.jpg

Samme fisken som ovanfor.

31928_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13045/31928.jpg

Meget bra soppår i år. Me åt fjellskrubb to gonger på turen. Steikt i fleskefeitt...

Åkrafjorden

31929_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13045/31929.jpg

Irvin mangla brosme, og då må ein berre hente brosme. Fjorden er full av desse små rakkarane, i tillegg til eit og anna større eksemplar.

Stavanger

31930_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13045/31930.jpg

Med svært god hjelp frå vår eminente personlege guide, Hugo, klarte både Irvin og eg å lande brungylt. Eg hadde verkeleg ikkje trudd at det var så enkelt (sjølv om Irvin brukte laaaang tid).

31931_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13045/31931.jpg

Tangkvabben min.

31932_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13045/31932.jpg

Tangkvabben til Irvin.

31933_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13045/31933.jpg

Dei er verkeleg flotte, desse strendene på vestlandet. No kan me i alle fall skryte av å ha bedrive surf casting.

31934_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13045/31934.jpg

Piggvaren sat (for min del) etter lengre tids venting. Irvin venta desverre forgjeves.

31935_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13045/31935.jpg

Flatfisk er det, i alle fall.

31936_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13046/31936.jpg

Aahh, så det er difor den heiter PIGGvar?

31937_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13046/31937.jpg

Medan me venta (forgjeves) på piggvar til Irvin, beit det på ei hyggeleg overrasking på kroken min. Fjesing og ny art!

Åkrafjorden igjen

31938_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13046/31938.jpg

Ein bleik austlending sleiker sol under ein av dei to solperiodane me har hatt i heile sommar. Den andre solperioden kom tre timar og fire mm nedbør seinare.

31939_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13046/31939.jpg

Her drillar eg ny langepers frå djupet. Havfiskebelte er herved flytta øverst på ønskelista.

31940_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13046/31940.jpg

31941_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13046/31941.jpg

Lange, 3,6 kg. Puslete rekord, men større kjem kanskje.

31942_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13046/31942.jpg

Glupske brosmer. Her falt ei for fristelsen medan eg pilka for fyrste gong i sjøen.

Grundling i Lågen

31943_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13046/31943.jpg

Stolt fiskar med dyrt utstyr poserer med grundling. Eg er visst ikkje så brun eg heller.

31944_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13046/31944.jpg

Irvin var òg heldig med 32' kroken og makkfragment. Me brukte Tom Sawyer-stong for å unngå å bli tatt for tjuvfiske. Me hadde vel ikkje klart å lande storlaks med 0,12 mono trur eg.

31945_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13046/31945.jpg

Grundling i sitt rette(?) element.

Mislukka raudhai-guts

31952_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/13048/31952.jpg

Resulterte berre i denne og ein kviting.

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Tusen takk til Hugo for guiding, Karleif for moralsk støtte og søstre og foreldre og sånt for overnatting og mat.

Nye artar for Irvin:

- brungylt

- tangkvabbe

- grundling

Nye artar for meg:

- brunggylt

- tangkvabbe

- bergkutling

- piggvar

- fjesing

- grundling

- suter i Vestfold

Takk for laget Irvin, me snakkes ved Rogen i neste veke.

Link to post
Share on other sites
Guest gjørs

Kjempefin tråd med mange gode bilder. Artig at dere lyktes så godt, selv om dere hadde bra utgangspunkt før turen også. Det var artig å hilse på dere og få æren av å guide dere rundt i fløyfiskland. Dersom dere kommer tilbake i januar, så kan dere også krysse av fløyfisk og sypike på artslisten. :P

Link to post
Share on other sites

Fin rapport. Kjekt å sjå at andre lukkast betre enn meg på vidda. Var der frå sist laurdag til torsdag. Kjedeleg vér og sjukdom gav lite fisketid; og lite fisk. Tre småknøttar.

Link to post
Share on other sites

Takk for trivelege tilbakemeldingar :D .

Rudolf: brosmene tok på rundt 40 meter og nedover, tenker eg.

permagnar: paternoster av enklaste sort. 1 m frå søkket til kroken, klipt opphengarløkke (forstod du den?) og j- krok strl 3/0. Ca 40 cm fortom frå snøret til kroken. Makrellremse. Statisk med innsveiving av og til. Jævlige bølger sørger for nok bevegelse :) .

Trond: Bra.

Link to post
Share on other sites

permagnar: paternoster av enklaste sort. 1 m frå søkket til kroken, klipt opphengarløkke (forstod du den?) og j- krok strl 3/0. Ca 40 cm fortom frå snøret til kroken. Makrellremse. Statisk med innsveiving av og til. Jævlige bølger sørger for nok bevegelse :D .

10-4 !

Link to post
Share on other sites

Herlige bilder! Gratulerer med nye arter, begge to.

Fytti, den piggvaren er fin altså. Håper jeg får stifta bekjentskap med den igjen om ei uke eller sju.

Link to post
Share on other sites

Hehe, eg kan røpe at det ikkje var på Hangervidda, men Hardangervidda. På den rette sida, sjølvsagt :lol: . På nokre år kan populasjonsstorleikane endra seg voldsomt, slik at eit godt vatn eit år kan vera dårleg eit anna år. Den einaste måten å finne det ut om fisken er bra, er å fiske. Som alltid :) .

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use.