Gå til innhold
Fiskersiden

Dagens lyr


S.Eie
 Share

Recommended Posts

Inspirert av den tydeligvis gyteklare lyren som vart teken på Stord tenkte eg å teste et par sleng med sluken på lyrplassen min der eg hadde så stor suksess i fjor. Aldri i livet om eg kunne toppe fjorårets fisk på 10 kg eller fruen sin på 9,5kg for den saks skuld.

Men der tok eg feil! Så eg tenkte eg ville legge ut et bilde eller to slik at dei på Stord og elles andre ser korleis ein ekte lyr skal sjå ut.

10,2kg og 96 cm :blush:

50220_s.jpg

50221_s.jpg

50222_s.jpg

50223_s.jpg

Fisken gulpa opp 2 slike etter eg vegde den, dei var 40-50cm lange, ligna mest på ein horngjel men det er det ikkje, ligner ikkje heilt på ål heller, nokon som veit kva lyren har ete?

Ser det har komt ein del spørsmål om metode og den generelle opplevelsen. Metoden er så enkel at det nesten er skuffande, men eg er tilhengar av mottoet "If it works dont fix it!". Det kan imidlertid virke som om det er måten å sveive inn på som får fisken til å ta. Bunnforholda på denne plassen gjer meite vrient så sluken kjem definitivt til sin rett. Fisken tok på ein 18g Møresilda holografisk kobber/svart. Utstyr denne gong var hakket grøvre enn sist. Beastmaster (15-25?) 9 fot stang, Shimano Super GT RB i str.4000 lada med rosa Fireline med ein fortom på ein meter av 0,38 Berkley Big Game-mono.

Utrasa ein slik fisk kan prestere må nok bare opplevast, ofte bruker me klisjeen om at det lukter svidd av snella, men sjelden har vel det vore meir korrekt enn i dette tilfellet. Fisken bare flekka sena av spolen og det tok tid å trekke fisken inn til land. Blir litt sånn havfisketeknikk. Holde stanga høgt, sveive som ein tulling på veg ned for så å trekke fisken oppover og vente på neste utras.

05.04.08

Har blåst heilt vanvittig og regna mykje i dag så det såg lenge ut til at eg måtte skrinlegge dagens fisketur. Måtte likevel true meg ut ein liten time i ettermiddag og. Beklageligvis var ikkje norgesrekordlyren heime den litle stunda eg fiska men fekk et par mindre søskenbarn. Kamera holdt berre til eit bilde før batteriet konka men det er greit nok for det blei den største i dag.

50385_s.jpg

Fisken på bildet vog 8,6kg. Ellers blei det ein på 5,7kg, ein på 4,0kg og ein som var mindre enn den på 4 så den siste gadd eg ikkje vege. Samla fisketid i dag klokka inn til 49 min. Bikkjekaldt og lite utevennlig vær men det var greit å lufte seg litt. Nå skal eg prioritere å få varmen i skrotten.

Endret av S.Eie
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 83
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Takk for gratulasjonar, utrulig deilig å bekrefte at plassen min leverer igjen i år.

Rundmål glømte eg i forfjamselsen, men denne var ennå feitare enn den eg tok i fjor, såvidt eg husker hadde fjorårets et "magemål" på 54cm, kunne nok lagt på ytterligare et par cm på denne.

Mageinnholdet må nok vere storsil ja, har ikkje sett den før.

Beklager forøvrig bildekvaliteten, men var desverre det beste eg kunne få til i dag

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share


×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.