Gå til innhold
Fiskersiden

Å få fisk i april.


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Eg proklamerte dyrt og heilagt i mine svært høgtidlege mål for året at eg skulle fiske i kvar månad i 2010, og ikkje minst: FÅ fisk i kvar månad.
Dette har faktisk gått ganske greitt, heilt til april kom. Ein merkeleg månad med vår, vulkan, vinter, og deretter vår igjen. Utifrå fangstloggen kan eg lese at på 6 fisketurar både frå land og i båt, har eg fått ein samla pott på 5 kråkebollar. Desse var infantile og hong fast i noke groe og tare og f***skap, og er det einaste eg har sveiva opp. Ellers har det vore daudt hav, dritvær, samt møter og kurs etter arbeidstid. Eg byrja å bli desperat. På siste blanketuren min plukka eg derimot ein god slump blåskjell, som eg har fått eit inntrykk av skal være DET beste agnet til det aller meste. Med dette esset i ermet måtte eg vel få noke? Denne dagen var det møte, og eg kunne derfor ikkje teste dei. Været var sjølvsagt strålande.

Neste dag var det kurs...

MEN...dagen etter det igjen (i går) hadde eg anledning, og vart atpåtil beden med på fisketur av Ørjan. Ikkje vond å be. smile.gif
I mangel på tid og originalitet gjekk turen til Herøyterminalen.

Ørjan pakka niste, eit brød og ein melkekartong på kvar.
103046_s.jpg

Tida kom og tida gjekk, brødet skrumpa inn og eg kjende etter kvart ein bitter undertone gro fram i mitt elles så muntre sinn.
Vi la merke til ein stoooor stim med småsei ved og under kaia som var så tett at vi kunne gå tørrskodd på den. Men ville den bite? Nei. Og ihvertfall ikkje på blåskjel. Dei såg rett og slett dopa ut.

Etter 3,5 timar uten fisk på dette suuupre agnet, måtte Ørjan medisinerast.
103047_s.jpg

Eg hadde derimot bytta til makrell, på eine stonga, og på makrellen beit denne:
103048_s.jpg

Fisk i april: Mission accomplished! smile.gif

Ørjan fiska etter dette også med makrell, og tok seg ein lur.
103049_s.jpg

Og vips: Sandflyndre 310g, 31cm (Ein katt har lurt seg med på høgre side)
103050_s.jpg

Han fekk også ei til, og litt større sandflyndre (450g), og passerte meg i antal fisk.

Seinare utligna eg med denne piggskata på 2,97 kg. smile.gif
103051_s.jpg

Denne var jomfrufisken til min nye håv, som eg har hatt skammeleg lenge utan å få bruk for enno. Eg vart glad då eg såg at kroken (som var ein liten j-krok tiltenkt flyndre), sat fint i munnviken. Det viste seg derimot at den hadde teke begge krokane på tacklet, og krok nr. 2 sat lenger i gapet. Med krokutløysar og nebbtong var operasjonen i gong, og eg fekk løyst dei fort. det var då eg la merke til ein tredje senestump... med ein krok laaaangt nede i svelget. Eg såg so vidt krokauget. Eg kava endå litt meir, og i iveren etter å få den laus gløymde eg litt at skater bit HARDT. Plutseleg sat veslefingeren i klypa, og det var JÆ*** smertefullt! Eg visste den kom til å sleppe til slutt, og etter litt for lang tid opna den kjeften igjen og eg fekk satt i ein lite trekile. På mirakuløst vis fekk eg benda laus den vesle j-kroken i svelget med krokutløysaren, og skata var fri. den siste kroken skulle seinare vise seg å være kroken frå den andre stanga eg hadde ute. Skata hadde rett å slett gnagd kroken av fortommen og svømt vidare med den i svelget for so å ete begge krokane på det andre tacklet 20-30 meter lenger borte.

Etter 5-6 minutt på land og med trekroks-svelgoperasjon var eg litt småskeptisk når eg satte den ut igjen, men etter 2-3 minutt på eit stortareflak svømte den kjappt og elegant mot djupet igjen. smile.gif

Applaus for robust fisk! :goodjob:

Til slutt på kvelden fekk eg denne ulka som ga meg 3-2 seier i antal fisk.
103052_s.jpg

April var redda. smile.gif

Ingen fisk tok på blåskjell...

Takk for turen Ørjan!

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det jeg merker meg her er at du tydeligvis hadde problemer med å se at skata nappet... er dette vanlig når det gjelder skater?

Eg merka ingenting av at den skata gnagde av fortommen på eine stonga. Og som veldig ofte før, så har eg merka at snøret blir slakkare om eg har fått skate. Ikkje er den den mest livlege på vei opp heller, som ein passe tung stein som peivar med vingane kvart 10ande sekund.

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg merka ingenting av at den skata gnagde av fortommen på eine stonga. Og som veldig ofte før, så har eg merka at snøret blir slakkare om eg har fått skate. Ikkje er den den mest livlege på vei opp heller, som ein passe tung stein som peivar med vingane kvart 10ande sekund.

De piggskatene jeg har fått har det ikke vært mye tvil om, et laaaaaangt og rolig run etterfulgt av en stop. Skate! :)

Artig rapport og grattis med april fisken helt på tampen! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.