Gå til innhold
Fiskersiden

Våren er kommet


Runde
 Share

Recommended Posts

I dag var det såpass fint vær at eg rett og slett måtte ha meg ein fjelltur, og trofast følger stang og snøre med på toppen :)

Vatne eg tar turen til er det største av mange småvatn på fugleøya Runde, og faktisk det einaste med fisk i. Her har eg fisket årleg sidan 7-årsalderen, og kjenner til vatnet som min eigen buskelomme. Vi er og grunneigar av dette vatnet og frå gammalt av har det vore mykje garnfisking der, noko eg har haldt litt i hevd dei seinare åra. For ein 6-7 år tilbake var der mykje småfallen fisk, det hjalp lite at eg(som kanskje den einaste fisker)sto og kastet med fluge og spinner. K-faktoren var elendig.

Eg bestemnte meg for og gjere noko med dette, og gjekk dermed i innkjøp av eit par garn og begynnte og tynne ut på bestanden. Det gjekk ikkje lange stunden før fisken gjekk opp i størrelse og vart tjukk i buken.

Det er eit svært næringsrikt vatn med mykje klekking, og for flugefiskere som likar imitasjonsfiske, er dette eit artigt vann og fisk i :D

Dagens fangst vart ei feit dame på 300 gram og 28 cm, har ein fin K-faktor med andre ord. Før eg gav meg med fisket satte eg ut eit garn som skal trekkast i morgon. Eg er spent på kva som vert den gjennomsnitelige K-faktor av garnfangsten, og ut i frå dagens fisk, vil eg tru at den blir bra :)

Og så eit bilde av fangsten

104331_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/41936/104331.jpg

Flakselamba heime på garden var helder skeptisk til fangsten, dei likar betre sine faste rasjonar med sur og utvatna mjølk servert på tuborgflasker med gummismokk på ;)

Endret av Runde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har eg trukket garn, og fangst vart det ;)

Ikkje mindre ein 14,5 kg fordelt på 24 fisk og med ein gjennomsnittleg K-faktor på 1,22 ;)

104180_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/41867/104180.jpg

Leika betrakter fangsten

Den største var ein stor hannfisk på 900gr og 43 cm :)

104181_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/41867/104181.jpg

Mesteparten av fangsten vart filitert. Eg brukar altid og filitere slik det vert 100% beinfritt, ein tapar litt kjøtt, men til gjengjeld slepp ein og drepe middagsgjestene når ein byr opp til middag :P

104183_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/41867/104183.jpg

Eg vil gjerne anbefale folk til og prøve dette vatne. Kombiner gjerne fisketuren med og sjå på lundfuglen som kommer inn om kvelden. Og husk fotoapperat, desse artige fuglane får ein inn på kloss hold ;)

Smekker til med eit saudebilde til slutt,min far sto så fint og poserte :D

104182_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/41867/104182.jpg

Håper du sparar dei største til meg når eg skal opp dit! 300 gr passar fint på steikepanna

I fjor haust var eg ved vatne og fylgte med på gytinga, såg ryggen på ein STOR ein, regelrett kjipte meg der eg sto :) , tenker du skal få prøve deg på den, den bikker sikkert 2 kg dette året :P

Endret av Runde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det må kalles vellykket kultiveringsarbeid! Godt jobba! :)

No vart fiskesuget stort her.

Må stoppe et par tima på Åndalsnes imorga kjenne eg :)

Grattis med fin fangst, sjøl om det var i garn ;)

Takker :)

Det er artig når ein ser resultater. Å drage garn gir ikkje den samme følelsen, men ein får mykje fin fisk i fryseren.

Då eg kom ned frå fjellet støttet eg på ein ivrig laksedorgar og sønnen hans som flikket på sommerhuset dei har på øya. Eg tilbaud dei kvar sin fisk så dei kunne steike til kvelds,til gjengjeld skal eg få vere med på laksedorging i sommar, gler meg som ein unge til det :)

Det lønnar seg altid å dele og vere gavemild ;)

Noko eg også gler meg til i sommer er det årlige nattefiske eg har meg føre på fjellet, å høyre storfisken plaske i mørket få meter unna deg, er ein finfin opplevelse :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! Artig å høre om kultivering i Storvatnet på Runde. Som biologilærer var jeg ofte på Runde på fugleekskursjoner på 90-tallet, og noen ganger ble det litt fisking i Storvatnet. De første åra var det fisk på rundt kiloen, og med en fantastisk kondisjon, høyeste beregning var på 1,34. Så ble det overbefolkning, og som du beskriver, bare småfallen fisk i vatnet.

En viktig grunn til den gode næringstilgangen i vatnet er nok den konstante gjødslinga fra krykkjene som "bader" der, men skit i det!

Hilsen til deg og Rundes befolkning forøvrig fra "faren til Iversen"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det lov for alle og en hver og fiske i dette vannet? Jeg bor i ålesund/moldtu, og kunne tenkt meg å fisket litt i vatn nå til sommeren. Garnfiske lov? Hvordan er det med vei og slikt til vannet?

Trur ikkje det er noko fiskekort krav her nei, men garnfiske er vel forbeholdt grunneigarane. Er ein fin gåtur frå Goksøyr. Er godt med parkeringsplass der også. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! Artig å høre om kultivering i Storvatnet på Runde. Som biologilærer var jeg ofte på Runde på fugleekskursjoner på 90-tallet, og noen ganger ble det litt fisking i Storvatnet. De første åra var det fisk på rundt kiloen, og med en fantastisk kondisjon, høyeste beregning var på 1,34. Så ble det overbefolkning, og som du beskriver, bare småfallen fisk i vatnet.

En viktig grunn til den gode næringstilgangen i vatnet er nok den konstante gjødslinga fra krykkjene som "bader" der, men skit i det!

Hilsen til deg og Rundes befolkning forøvrig fra "faren til Iversen"

Årest beste K-faktor på enkeltfisk er på himmlende 1,5 :thumbsup:

Ja krykkjene birdar med sitt :D

Var opp på 17.mai, og krykkjene var i full gang med reirbygingen. Dei finn mesteparten av matrialet dei treng til reira sine i vatna på runde. Denne gangen var ein stor flokk samlet seg ved lilevannet.

Her er eit uklart bilde, men visar tydelig klasen med reirmatriale mellom nebbet som er hentet på lillevannet ved Runde

104800_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42164/104800.jpg

Vi helsar tilbake, Iversen :)

Trur ikkje det er noko fiskekort krav her nei, men garnfiske er vel forbeholdt grunneigarane. Er ein fin gåtur frå Goksøyr. Er godt med parkeringsplass der også. :)

Her er det fritt fram og fiske. Er eit lite vatn, så garnfiske ynskjer vi som grunneigarar helst og gjere sjølve. Ein kan lett fiske ut eit slikt vatn viss ein fiskar uforsvarlig med garn.

Er berre og ta seg turen ut og prøve seg på fisken, ta med eit stomkjøkken også, er eit ekstra unne og kunne steike seg fiske på fjellet :)

Fisken er forøvrig utsatt på midten av 1800-tallet av ei dame som flyttet frå fjordane og ut til storhavet ved Runde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.