Gå til innhold
Fiskersiden

Asgeirs fangstdagbok anno 2011


Arachnida
 Share

Recommended Posts

Laurdag vart båten sjøsatt og i dag passa det fint med nydelig vær. Nesten vindstille, sol og nokre få plussgrader. Planen var å prøve å finne vintertorsken, men den glimra med sitt fravær. Prøvde først på og rundt Pupanje. Såg nokre små flekkar på ekoloddet, men det som var avbilda var ikkje særlig bitevillig. Fekk nokre pale/småsei og ein liten lyr. På vegen til neste fiskeplass fikk eg nokre mikrosei og ein lyr med eit ferskt bitemerke i buken. Blodet rann fortsatt då eg fikk den i båten. Såg ut som det var ein kjeft med spisse/skarpe tenner som hadde glefst etter den. Diameter på såret var vel ca 10-12 cm.

Vel framme i Kråkedjupet, leita eg meg fram til ein plass som leverte bra med fin lange og diverse anna fisk i fjor haust. Botnen er fin for mange slags fisk, eit parti med steinbotn omringa av blandingsbotn. Prøvde først med ein makrellfilet på pilken. Ca to strakser etter at agnet traff botnen beit det på. Det kjendes ut som brukbar fisk, men den slapp 20 meter under båten. La då vekk pilken og leita fram bommen og eit slep med diverse Lopezsnacks og ein Owner halvsirkel. Egna med ein småseifilet og med det samme agnet traff botnen, rykte det til. Opp kom ei fin lange på ca 5,5 kg, som no er ferdig lettsalta (nammmm). Etterpå vart det ei sykkelpumpe+, men så kom dagens go'fisk.

Satt å dilla litt med mobilen og lot agnet ligge stille på botnen i 15-30 sekund. I det eg stramma opp, kjende eg litt smånapping. Satte eit lite tilslag og sveiva opp. Kjende at der var meir på kroken enn agnet, men det var slappe greier. Eg kika ned i sjøen for å sjå kva det var. I det eg ser at det er noko flatt, tenker eg for meg sjølv :"Ikkje småkveite, ikkje småkveite etc etc". Ønsket vart oppfyllt: GLASSVAR!!! Ny art på årets første fisketur! Ikkje gale det nei!! 53 cm og ca 1,3 kg. Bølger gjorde nøyaktig veging umulig.

114363_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/46208/114363.jpg

114364_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/46208/114364.jpg

Når eg hadde fått roa meg, tok eg meg eit driv til over samme plassen. Det ga ei sykkelpumpe+ til. Magen hadde så smått sagt i frå om matmangel, så det fekk være med eit driv til. Kjørte litt lenger ut på sandbotnen denne gongen. Egna på 1,5 makrellfilet og slepte den langs botnen. Kjende av og til nokre små napp ,men ingenting som ville site fast. Tok i bruk eit siste triks, nemleg å vaske båten før eg har pakka vekk fiskeutstyret. Med stanga i eine handa og svampen i den andre, kjende eg stangtuppen bøye seg litt. Forsiktig tilslag og der var det jammen noko på! Ny glassvar!! Denne var 55 cm, men noko slankare: ca 1,1 kg. Leste ein plass at glassvaren ga motstand som ei remse med dasspapir. Det stemmer bra.

114365_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/46208/114365.jpg

114366_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/46208/114366.jpg

114367_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/46208/114367.jpg

Det vart ikkje dei store mengdene med fisk i dag, men potensielt årets tur allereide på første forsøk!!

Siste bildet viser Flåvær fyr i solskinnet.

Tre små lyr, tre små sei og to sykkelpumper blir til ca 80 nydelige fiskeboller! SLAFS!!

Endret av Arachnida
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 months later...

Jaja, då var kystmeitesesongen i gang. Den no innegjerda terminalen, ser ut som porten står åpen døgnet rundt, leverte igjen. Var der 2-3 timar i går kveld utan anna enn dei vanlig småtorskane og årets første sypike. Men i kveld skulle det bli meir futt. Dei vanlige små, 0-1 kg, torskane dukka opp i fleng i kveld også, men dei skulle få selskap av fleire morsomme artar.

Det opna med ein sildestim som patruljerte langsmed kaia. Eg fekk to stk, den eine ny pers, medan Mattias fikk 10-12 stk. Den nye persen vart 135 gram og. Fleire av desse gjekk med til agn utover kvelden, i lag med frosen makrell, småsei og reker.

116893_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47288/116893.jpg

Sild var det einaste som laga liv og røre dei første 2-3 timane. Først etter kl 20 vakna andre fiskar til liv. Frå då gjekk det slag i slag. Først nokre småtorsk, så ei sandflyndre som eg mista i overflata. Denne gjorde at eg leita fram hoven, noko som eg sjeldan gjer fordi eg føler det jinxar heile fisket. Men ikkje i kveld, heldigvis.

Berre nokre få minutt etter at hoven vart leita fram, byrja det sakte dra ut litt snøre på den store stanga. Kunne det være? Løfta stanga og sveiva til. Kunne det være? I andre enden hang noko tungt og kjent. Det VAR skate! Etter god hoving av Mattias, var årets første piggskate på land. Yes!! Sesongen er i gang! 87 cm og 5150 gram er ein fin start.

116894_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47288/116894.jpg

116895_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47288/116895.jpg

Nokre få minutt etter vart det bruk for hoven igjen. Kjende nokre små rykk på den lille Devilfish-stanga og gjorde tilslag. Der satt det en hissig fisk som hadde tatt reka lagt ut etter flatfisk. Og flatfisk var det. Ny hovinnsats av Mattias ga årets første sandflyndre. 635 gram og kveldens andre pers vart loggført.

116896_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47288/116896.jpg

Neste halvtimen gikk med til avkroking av småtorsk etter småtorsk, før noko som var litt meir hissig hadde tatt skateagnet mitt. Etter ein kort kamp kom ei lita hyse opp av havet. Faktisk første hysa eg har fått frå land.

116897_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47288/116897.jpg

Småtorsk x 3, før Mattias også fikk ei sandflyndre. Sjølv om den sikkert ikkje var meir enn max 100 gram, rann det melke i strie strømmar. Tidlig debut hos sandflyndrene altså...

Svoltne og kalde pakka vi saman, men på siste stanga Mattias skulle sveive opp, kom det enda ein art. Ein liten, men veldig sint knurr hadde kosa seg med ein sildebit.

Alt i alt ein flott kveld på terminalen. Håper dei ikkje finn på å lukke porten, har godfølelsen for at piggskatene blir mange og store i år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du skal få arve Terminalen og fiskeutstyret når eg drikk meg ihjel, Asgeir.

Eg får ikkje fisk lenger.

Gratulerer med pangstart!

No måkje du deppe! Tenke vi skal få kurert fiskesjuka di med nokre hissige 5 kg+ lyr

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det blåste ein kald nordavind, men ikkje for gale til at kvelden kunne tilbringast på terminalen. Bevæpna med reker og makrell vart 4 agn kasta uti. Det gjekk ikkje lenge før småtorsken byrja bli plagsom. Eg og Mattias fikk, og satt ut igjen, mellom 10 og 15 stk. Dei varierte frå mikro til rundt 2 kg. Ei reke ga også ei lita sandflyndre, før det heile dabba av.

116938_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47308/116938.jpg

116939_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47308/116939.jpg

Etter kvart var makrellen ferdig tina, men med surgifix haldt agna fortsatt samman. Nest siste blaute 1/4 makrellen vart pent surra til en light circle 2/0 og pælma ut i samme området som piggskata tok i går. Det gikk vel ein halv time før eg såg tuppen av Supernatural'en svakt bøye seg. Tok opp stanga og sveiva til. Der var det skikkelig motstand! Nokre seige rykk etterfølgt av eit artig utras bekrefta piggskate. Prikkfri hoving av Mattias, og årets andre piggskate var sikra. Mi nr 10 totalt, eit jubileum som feirast med øl i skrivande stund. Jubileumskata var ei flott dame med tjukk mage. Vekta stoppa på 6900 gram og lengda var 94 cm.

116940_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47308/116940.jpg

Fantastisk kjekt når terminalen leverer gang etter gang. Satsar på at neste tur ikkje må ventast lenge på! Skål!!:D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 months later...

Jammen lenge sidan eg har gjort noko her! På tide med ei lita oppdatering då. Sommaren har vore kald, våt og forblåst, men dei siste 2-3 vekene har gitt fleire fisketurar. Har stort sett fylt stampen med diverse, utan noko nytt eller stort. Men det bedra seg 15. juli og i dag!

15. juli tok eg med meg nokre frosne makrell til djupet ved Gjøskjera og Sandsøya for å fiske brosme. Fiske gikk føre seg i bakken ned frå Sandsøya, då vinden ga meg ei flott drivretning på skrå ned bakken. Alle fiskane vart tekne på mellom 170-210 meters, på glidande tackle med Owner 10/0 og lopezstæsj. Fikk 8 brosme og ei lange, etter at den obligatoriske hågjelen var unnagjort. Eine brosma var lita, men resten var fine matfiskar på 3,5 - 5,5 kg. Den største var heile 7,5 kg og ny pers :P Langa var fin storleik til lettsalting, ca 4 kg.

brosme76cm7500gr.jpg

Hadde meg ein tur etter meir brosme i går, men då var det trasig vindretning. Fikk likevel 4 stk på 3 - 4,5 kg, samt ei "lettsalta" lange på ca 5 kg.

I dag gjekk turen til Runde og Geitmaren med pilk og jigg. Håpet var fin sei, men den vil ikkje samle seg heilt enda. Fikk ein fin på jigg, og to mindre på pilk. Dei to minste vart til ein snadder middag. Brukte første 2 timane til pilking her og der, men fikk berre dei to småseiane, to stk 2 - 3 kg torsk, to hyse og ein lyr. Etter dette pakka eg vekk pilken og leita fram 230 gr jiggen. Har virkelig fått sansen for jiggfiske i det siste. Ekoloddet viste fisk på 40 m djup mellom Geitmaren og Hjorteflua. Med ein gong jiggen traff botn, satt der ein vilter fisk på. Ei lita brosme.

Neste nedslepp stoppa eg 6-7 meter over botn. Etter eit minutts tid såg eg ein prikk på ekoloddet som kom stigande opp frå botn. Dunk! Dunk! Tilslag! Fast fisk! Utras! Jippi! Etter ein liten stillingskrig, så kom ein diger fisk til syne. Dæven for et haud!! Det var den største torsken eg har fått. Lengda var 122 cm. Veging vart litt vanskelig i dønningane, men vekta bikka mellom 20,3 og 19,0. Derfor har EG bestemt at den fisken veg 19500 gr! heheh ;)

Etter denne opplevelsen gikk resten av fisketuren mest i leiting etter fisk både her og der. Fikk ei lita brosme til og den fine seien på jiggen.

torsk122cm19500gr.jpg

2011072712422474.jpg

20110727124240343.jpg

Torsken virka å være i fin kondisjon trass i ein god del lus på hovudet. I magen hadde den ei brosme på storleik med den som eg fikk rett før torsken. Knall tur!!

Endret av Arachnida
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nytta det fine været og kosa meg i nokre timar på Terminalen. På sild som agn vart det berre 2 små torsk som fikk symje vidare. På sluk fikk eg ein taggmakrell og to sild, begge artar ga meg ny pers. Taggmakrellen var 375 gr, medan silda var 285 gr. Fikk og ny pers på knurr på mandag, men då ute i båt ved Geitmaren(Arisan-forliset). Den stoppa vekta på 480 gr, 230 gr større enn pilken den beit på hehehe :D

knurr48cm480gr.jpg

taggmakrell34cm375gr.jpg

sild32cm285gr.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.