Gå til innhold
Fiskersiden

Helgatur til Sæbø 4. til 6. juni


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Helgaturen til Sæbø som vart planlagt i DENNE tråden, er no overstått! Vi hadde ikkje heilt været med oss, og det saboterte nok litt for planane ang. djupfiske i Hjørundfjorden, men fiska har vi gjort, på eit eller anna vis, frå morgen til kveld. :)

FREDAG 04.06.10:

ØKT 1: Bryggemeite, Sagafjord Hotell

Vi ankom Sæbø i halv elleve tida, og etter ein kort visitt i hytta, bar det avstad for fyrste tur, til bryggene på Sagafjord Hotell. Innsiget av båtar som skulle på Hjørundfjorddagane hadde ikkje starta endå, og vi fekk ha bryggene for oss skjølve denne dagen. Vinden hadde vel 3-4 gongar den vindstyrka som var meldt, og den sikta oss midt i trynet, men heldigvis var vi ikkje totalt avhengige av lange kast, då det var relativt god djupne rett under bryggene. Vi egna opp surfstengrene og kasta så langt som råd i motvinden, før eg satte på eit lite flyndretackle med reke og sleppte rett ned frå brygga. Etter 5 minutt nappar det, og opp kjem turens fyrste fisk, og i fylgje min eigen statistikk, min fisk nummer 100 i år.

Babylange tatt på ca. 20 meters djup. :)

DSCN2314.jpg

Ikkje verdas største fisk, men ganske uventa bryggeart, og ein fin start.

Bryggene, med Sæbø "sentrum" i bakgrunnen.

DSCN2321.jpg

Etter ei stund merkar vi at bryggene er ein flytande opp-ned tareskog, med mykje liv i. Mikrostengrene vert henta fram, og Asgeir slår til med ny art, grøngylt, som var dei som dominerte i antal.

82 gram og 19cm, ein pers han kom til å slå seinare på turen med ein fisk på 89 gram og 18cm.

DSCN2323.jpg

Nestemann som sikra seg grøngylt på artslista var Ørjan.

91 gram og 17cm

DSCN2331.jpg

Kalland kastar seg ikkje på grøngyltfisket med det same, og fiskar heller sandflyndre.

DSCN2334.jpg

Men ny art er jo ny art, og han er relativt lett å overtale.

Her i heftig kamp med grøngylt.

DSCN2336.jpg

90 gram og 17,5cm.

DSCN2339.jpg

Rett som det er får eg ei sandflyndre òg, det fjollete gliset til tross.

DSCN2346.jpg

Kalland dreg opp endå ei.

DSCN2348.jpg

Eg mikromeitar vidare, og legg merke til at ein av smågyltene er litt blåare enn resten, og tenkjer med ein gong gressgylt. Det eg burde ha gjort, var å la ein av dei andre fiske den, sidan eg har den på lista frå før... Men eg måtte berre fiske den littegrann for å være heeeilt sikker.

Og gressgylt var det. Reine akvariefisken.

DSCN2354.jpg

Det som viste seg var at dette var den einaste gressgylta som var å oppdrive, så dei andre, som mangla arten, fekk aldri sjansen... :blush: Lumpent gjort av meg, men pytt pytt...

Kalland får turens største sandflyndre, 590 gram. Eg er endå ikkje sikker på kva det blikket der betyr.

DSCN2358.jpg

Ørjan på gyltejakt...

DSCN2361.jpg

Asgeir og Kalland fekk i tillegg til avbilda fisk, nokre lyrar og ein pale, samt at vi alle fekk over 20 grøngylt tilsammen. Vi kjende etterkvart at magane romla, og turen gjekk tilbake til hytta for pils og pølse.

Ørjan, pils og potetsalat.

DSCN2377.jpg

ØKT 2: Kaimeite, gamle fergeleie

Etter at magen er full tar vi turen til det gamle fergeleiet for meir kystmeite.

Den gamle fergerampa var eit fint "utkastspunkt".

DSCN2383.jpg

DSCN2386.jpg

Asgeir slår til med ein ok knurr.

DSCN2389.jpg

Han får også ei sandflyndre som ser ut som om noko har glefsa ein bit av på eit yngre stadie...

DSCN2396.jpg

Hjørundfjorden er storslått, med mykje bratte fjell og spektakulært landskap.

DSCN2402.jpg

Her er kaia vi fiska frå, med det nye fergeleie i bakgrunnen.

DSCN2403.jpg

Kalland i mikrohumør.

DSCN2407.jpg

Kalland får ein ganske sprek lyr på mikrostonga her, men denne vart desverre ikkje teke bilete av.

Asgeir trår til med ein berggylt.

DSCN2409.jpg

Kalland slår sin ferske pers på grøngylt, med ein fisk på 110 gram og 19,3cm. :)

DSCN2411.jpg

Vi fiskar ein del grøngylt og bergnebb før eg avsluttar med ein knurr. No er det tilbake for å ete litt til, før vi skal satse på havål til kvelden...

ØKT 3: Havålforsøk, Hustadneset

Her hadde vi høyrt rykter om havål både frå forumet og frå lokalbefolkninga. Eigaren av campingplassen fortalde forresten litt frå då han va liten, og dei fiska havål med ståsnøre. Store beist, og tilsynelatande mykje av dei. Den største han hadde sett var tatt av ein gammal linefiskar og skulle være over 4 meter... :wacko:

Rigga opp og klar.

DSCN2417.jpg

Eg og eit fjell.

DSCN2422.jpg

DSCN2426.jpg

Det vart ingen havål, men det vart 10 smålyr, 10 småsei, og Asgeir persar på tangkutling. Men vi er klar over at havålfiske ikkje akkurat er bankers på fyrste forsøk, og kvelden var i alle fall fin. etter fire timar gir vi oss, og set kursen tilbake til hytta. Kven veit, kanskje kjem vi tilbake i haust og prøvar på nytt?

LAURDAG 05.06.10:

Denne dagen hadde vi satt av til havfiske, og vi sto opp tidleg for å nytte dagen best mogleg. Det vart derimot ein del kluss, klabb og babb før båten vi skulle leige vart forflytta frå campingplassen til småbåthavna, og vi nytta ventetida til mikromeite...

ØKT 1: Bryggemeite 1, småbåthavn

Dette minte eigentleg meir og meir om ei mikromeitehelg, men mikromeite kan jo være ganske artig det òg. :) På ein drøye en og en halv time rakk Asgeir å få ny art, svartkutling på 19,68 gram og 12,2cm. Vi andre får òg svartkutling, samt grøngylt og småtorsk. Kalland får ein svartkutling som er soleklar pers, men idet eg skal vege den på brygga, hoppar den i vatnet igjen...

Eg får ei fin berggylt på mikrostanga. Artig fight, trur dette er den største fisken hittil på den.

DSC00993.jpg

Båten kjem omsider, og vi forlet havna...

ØKT 2: Fjordforsøk 1, djupet

Vi set kursen direkte mot ein bratt kant i fjorden, ned mot 400 meter+, i håp om lange, brosme, og kanskje noko anna nytt og spennande?

DSCN2470.jpg

Fjorden, som opprinneleg var speilblank, byrjar såvidt å få krusningar, og etter kort tid piskar det opp til vindstyrke: ufiskbart. Vi bomma litt på kanten, og fekk snøra ned til botnen på det som sikkert var over 400 meter, og har forsovidt nokre napp, men ingenting blir med opp. Vi driv fortare og fortare innover mot Sæbø, og grunnare farvatn, der vi fiskar botnen nokre gongar. Vi går inn igjen til havna utan fisk, for å søke etter føde og samle viljestyrke til eit nytt forsøk. Mens Kalland og Ørjan handlar mat, mikromeitar eg og Asgeir litt til.

ØKT 3: Bryggemeite 2, småbåthavn

Kort fortalt, Asgeir får litt grøngylter, og eg får tvillingen til den forrige berggylta, også den på mikrostonga. :)

DSC00994.jpg

ØKT 4: Fjordforsøk 2, Sæbøvika

Vi fann ut at med vindretninga som var, så ville det på andre sida av fjorden, og litt inn i Norangsfjorden, være meir eller mindre vindstille bak Lekneset. Problemet var at etterkvart som vi tøffa i sneglefart ut på fjorden, vart bølgjene større og større. Vi bestemte oss for å snu når vi nådde det punktet at sjansane for å gå ned med mann og mus var større enn å kome heilskinna over på andre sida. Litt bitre måtte vi innfinne oss med å drifte inne i Sæbøvika, der det er mykje grunnare, og for det meste mudder/leireflatt... Skjølv om bølgjene var mindre her, dreiv vi relativt fort tvers over heile vika. Det skulle alikavel vise seg at vi fekk litt fisk, skjølv om dei største sannsynlegvis heldt seg djupare.

Turens fyrste båtfanga fisk, Kalland med ein hvitting.

DSCN2474.jpg

Ørjan med ei grei lange. han fekk ei til i same størrelsen. Det same gjorde eg og Asgeir.

DSCN2479.jpg

No når fisketuren nærma seg slutten, hadde eg endå ikkje fått nokon ny art, men den som ventar på noko godt...

NY ART PÅ MEG! :thumbsup:

DSCN2480.jpg

Lysing på 1,98kg og 68cm, og art nr. 45 i boks!

DSCN2485.jpg

Vi gav oss ca. kl. 19 og fortøyde båten med håp om at det kanskje skulle stilne av med vinden til kvelden, slik at vi fekk ein ny sjanse på djupet, men slik gjekk det ikkje. I staden vart det nokre pils, steikt lysing, hvittingsushi og ein liter Baileys for å avslutte med litt "fest". No hadde tross alt alle fått ny art, og berre det er jo artig, skjølv om dei store uteblei.

Kalland steiker lysing. Nam...

DSCN2494.jpg

SØNDAG 06.06.10:

Søndagen var det opprydning og heimreise, men vi hadde ein liten plan om å stoppe å mikromeite ein plass på heimveien, og eg fekk eit innfall og svinga ned under Dragsundbrua. Her var det litt av kvart. Sær tangstikling som vimsa rundt utan å ense agnet, tangsprell som forsvann under steinane, tangkutlingar som ikkje ville bite, stingsildstimar og masse bergnebb. Ørjan får sin fyrste bergnebb, og sin andre nye art for turen, mens eg, Kalland og Asgeir persar på same art! Eg med 46,3 gram, Asgeir med 52 gram og kalland med 48 gram. Ørjan sin vart desverre ikkje veigd, men trur ikkje det er siste gongen han får sjansen. Kalland får ein svartkutling han noterer som pers med 21 gram og 12,9cm, men truleg var den eg mista på sjø på Sæbø større...

Kalland får òg mikro SØ, av alle ting...

DSC00996.jpg

Og heeeilt på tampen får eg ein SOLEKLAR pers på trepigga stingsild, med svimlande 7,56 gram og 10,4 cm! Fattige 0,44 gram ifrå specimen kravet!

DSC00998.jpg

OPPSUMMERING:

Alt i alt må eg sei dette var ei strålande helg, med mykje godt selskap, og skjølv om storfisken uteblei, og det nærmast endte som ei mikro/gyltehelg, fekk alle mann minst éin ny art, og opptil fleire pers. :thumbsup:

Til slutt litt tal:

Eg:

37 fisk

12 artar

2 nye pers

1 ny art

Asgeir:

37 fisk

10 artar

2 nye pers

2 nye artar

Kalland:

42 fisk

8 artar

2 nye pers

1 ny art

Ørjan:

11 fisk

5 artar

2 nye artar

TOTALT:

127 fisk

16 artar

Takk for turen! Håpar på fleire longturar i framtida! :)

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kult med lysing! Når det gjelder havålfisket deres er nok fire timer i minste laget (for å si det mildt). Første turen vi hadde dit to mann i 1989 etter congeren var vi der i ni dager og fikk to. En tredagerstur med to mann ble vi uten fisk, og på en firedagers tur med fire mann fikk vi en. Totalt 40 stangdøgn ga tre havål. Halvhjertede sporadiske forsøk KAN selvsagt gi fisk, men jeg ville nok satt av noen dager på sensommeren/tidlighøsten og kjørt ganske kompromissløst. Plassen dere satt på har i hvertfall levert conger før.

Endret av cb
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kult med lysing! Når det gjelder havålfisket deres er nok fire timer i minste laget (for å si det mildt). Første turen vi hadde dit to mann i 1989 etter congeren var vi der i ni dager og fikk to. En tredagerstur med to mann ble vi uten fisk, og på en firedagers tur med fire mann fikk vi en. Totalt 40 stangdøgn ga tre havål. Halvhjertede sporadiske forsøk KAN selvsagt gi fisk, men jeg ville nok satt av noen dager på sensommeren/tidlighøsten og kjørt ganske kompromissløst. Plassen dere satt på har i hvertfall levert conger før.

Joda, vi var vel klar over at det var ein "longshot", så vi er ikkje så utruleg skuffa. Dette var vel meir ei generalprøve i korleis det kunne gjerast. Berre det å forske seg fram til plass og metoder, samt å i det heile tatt få ut agnet uten kluss var ein seier for min eigen del. :thumbsup: Men vi prioriterte vel å stå opp tidleg for å kome oss tidleg ut i båt neste dag. Det er tross alt berre ein times køyretid til Sæbø no som Eiksundsambandet er ferdig, så vi har vel "råd" til å sløse vekk litt sjangsar etter havålen her i og med at vi garantert kjem tilbake fleire gongar, rikare på erfaringar og kunnskap for kvar gong (får vi håpe). Og i tillegg vil vi nok ha dobla antalet stenger innen den tid. :) Eg for min eigen del skal ta med blysøkke med ein design som klorar seg beire fast i botnen, 200 grams søkka vart jo slengt 100 meter bortetter botnen med straumen her... :thumbsup:

Kor langt ut kasta dykk forresten? Og vart det nokon bifangst? Hadde vore kult med litt gamle havålbilder med, om det er å oppdrive, sann for å bygge opp motet til neste satsing, om ikkje anna... :blush:

Og ja, det er kult med lysing. :wacko: Dei fleste her omkring meiner fisken er stygg, men eg har alltid likt den. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bra at kameraet vart funne til slutt. Rapport utan bilete er som å høyre fotballkamp på radio. Ei litt meir heilhjerta satsing etter havål er eg med på. Eg har også trua på nokre plassar meir lokalt.

Har nokre lokale plassar i tankane eg også, men vanskeleg å parkere der... :lolu:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kalland får turens største sandflyndre, 590 gram. Eg er endå ikkje sikker på kva det blikket der betyr.

DSCN2358.jpg

Det vert av og til slike "forførende" blikk når Sindre knipsar bilde av meg.... :)

:P

Men men, takkar for ein artig helg på sæbø B), og havål må det verte på alle mann, før torva gror over oss...

Endret av Runde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

... og havål må det verte på alle mann, før torva gror over oss...

heilt sikkert like mykje havål på Mjølstadneset og Brandal, men det er ingen som fiskar etter den. Visst vi loggar inn 200-300 kroktima i løpet av hausten, burde i allefall ein av oss få has på j*velen!

Endret av Arachnida
Lenke til kommentar
Del på andre sider

heilt sikkert like mykje havål på Mjølstadneset og Brandal, men det er ingen som fiskar etter den. Visst vi loggar inn 200-300 kroktima i løpet av hausten, burde i allefall ein av oss få has på j*velen!

I fjor då eg jobba med torskeoppdrett på brandal hadde vi titt og ofte rømmning av fisk, og då var det avstad og drage fisketeinene som låg plasert rundt omkring ved merene, prøve og fange opp mest mulig rømt fisk. Eg opplevde 2 gongar og drage teine med ål i. Den fyrste gongen var det ein liten ål, ca 4-5 kg, den andre gongen var det 2 solide ålar, og som nektet og komme ut, vi motte hekte teina på kranen på båten og "riste" dei lause. Desse ålane var store og godt over 10 kg(vill eg tru). Var ein travel dag på jobb med mykje teinedraging og overflytting av rømt fisk, men arti var det, spesilet med desse 2 store vi fekk, ein kolega av meg leita fram hagla og sto klar til og skyte beista(på kødd)då vi skulle fjerne dei frå teina, vi flira godt :rolleyes:

Eg har stor tru på brandal når det gjeld havålsatsing, og til meite frå land er der ein del gode plassar ein kan benytte seg av, einaste minus er vell att ein kan verte plaga av den rømte og stygge fjøstorsken som vimsar rundt der. Oppdrettsannlegge er konkurs, og dei har slitt med sjukdom(slik som omtrent alle oppdrett gjer), er ikkje sikker på om dei har slaktet ut all fisk endo, men eg var med i fjor haust på ein brønnbåt og hentet ut ein del tonn med torsk, då var det kun ein ansatt igjen på lokalliteten ved brandal, undre full drift var vi 5 mann plasert der.

Hadde vi hatt dugandes båt hadde nattfiske med båt, vore utruleg arti ved brandal, skal og vere mykje stor lysing der, og mykje anna snacks :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg for min eigen del skal ta med blysøkke med ein design som klorar seg beire fast i botnen, 200 grams søkka vart jo slengt 100 meter bortetter botnen med straumen her... :thumbsup:

Kor langt ut kasta dykk forresten? Og vart det nokon bifangst? Hadde vore kult med litt gamle havålbilder med, om det er å oppdrive, sann for å bygge opp motet til neste satsing, om ikkje anna... :shifty:

Viggo tok bilder fra den første turen. Snipen tok bilde av den siste havålen, og det bildet var jo på trykk i AoF for endel år siden. Men i gamle FJ og blekka som gikk inn etter etpar år, Den Norske Sportsfiskeren, var det en artikkel om havål i Hjørundfjorden på slutten av 80-tallet. Største tatt på stang der jeg vet om var på 27, men det snakkes om linefisket havål i Storfjorden på rundt 70. 4 meter lang havål kan du avfeie som overdrivelse med en gang. Verdens største var 3,3 meter.

Bruk gripesøkker på 200-250 gram og digre blodige agn! Vi kastet ikke så langt ut, men fikk ålene på mellom 9 og 14 meters dyp. Ellers satte vi ut fluposer fra båten som vi kastet mellom. Funket fint det. Med stein i enden, ballong i posen og spylevæskekanner med en cracklight inni kanna hadde vi full kontroll. Ingen bifangster utover en og annen taskekrabbe, men med sunken paternoster slapp vi også de.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 meter lang havål kan du avfeie som overdrivelse med en gang. Verdens største var 3,3 meter.

Ja, det virka heilt monstrøst eigentleg, men ville ikkje kverrulere med mannen, han verka litt små-hyper der han sto og fortalde. Kan jo være det var 4 meter filét han meinte.. :whistle:

Bruk gripesøkker på 200-250 gram og digre blodige agn! Vi kastet ikke så langt ut, men fikk ålene på mellom 9 og 14 meters dyp.

Kjekt å vite at vi fiska på rett plass i allefall. Må handle nokre større gripesøkker. Eg kjaure fast og sleit vekk 2 søkker når vi prøvde oss. Var ein enorm kraft i straumen der. Hadde bruddline på søkka, og dette fungerte som det skulle, i og med at fortom, krok og evt. fangst fortsatt ville ha vorte berga.

Ellers satte vi ut fluposer fra båten som vi kastet mellom. Funket fint det. Med stein i enden, ballong i posen og spylevæskekanner med en cracklight inni kanna hadde vi full kontroll.

Dette høyrest jo rett å slett genialt ut! :) Men spørst kor det vert med båt om vi prøvar oss på dagsturar seinare, litt dumt å leige ein båt berre for å droppe nokre fluposar? Eller kanskje ikkje? :D No skulle eg ønske vi endå hadde katapulten vår...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

litt dumt å leige ein båt berre for å droppe nokre fluposar?

Enda dummere å ikke leie båt og ikke kunne slippe ned fluposer. Med mange nok stangtimer pr havål tror jeg det siste dere trenger er å ikke maksimere sjansene. Dessuten er båten grei å ha på dagtid for å kartlegge plassene via ekkolodd (ta med portabelt), fiske fersk agnfisk etc. Uten båt stiller du/dere med et stort handicap, mark my words. Og sist vi leide båt der var summen latterlig lav pr dag. Drekk heller en sixpack mindre pr dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fersk agnfisk er vel slett ikkje dumt, men portabelt ekkolodd er det verre med... men det er vel kanskje ei invistering. En sixpack mindre per dag ville vel sette meg ned på eit daglig inntak av ca. minus 5 øl, utan at det er noka krise.

Men om det er noke lunde vindstille kan ein vel fiske frå oppankra båt? Stor flupose på ankeret og havfiskestenger med glidebom og frikobla spole? Vil tru det er enklare å få evt. ål rett opp i ein båt, enn gjennom tareskogen og på land.

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.