Gå til innhold
Fiskersiden

2 vatn, 2 dager, 4 arter!


nina
 Share

Recommended Posts

Mine fire siste arter har alle vore store opplevelser å få på kroken og i eit par av tilfella har størrelsen på opplevelsen vore heilt uavhengig av størrelsen på fisken!

Den kanskje mest spennende opplevelsen har vore dupptrolling etter abbor. Både måten å fiske på og sjølve fisken hadde på forhånd fått mykje godord av læremeister Audun, eg er i ettertid heilt enig!

I steikende solskinn byrjar vi dagen med å fiske agn. Frå brygga kaster vi ned ein liten maggot og titals av små mort kaster seg over. Avhengig av bra sikt, da morten er såpass liten at utslaget på stanga er minimal, håver vi inn mye fin mort, som senere skal bli gode agn i jakta på abboren!

Snart er vi ute på vatnet i båten og stengene rigges. Audun ror, mens eg sitt bak i båten og har fått ansvar for stengene. Vi peker på ulike plasser i vatnet, han fortell om ulike erfaringer frå dei ulike plassene og vi blir enige om ein plass vi har tru på. Audun sitt valg er basert på erfaring, mitt på rein intuisjon. Etter eit par runder rundt det vesle vatnet fer vi napp, godplassen viser styrke! I det duppen forsvinn har eg lært at fyrste bud er å slå over bøyla og slippe ut snøret så abboren ikkje kjenner motstand. Den er visst eit følsomt vesen, og sjøl om eg vanligvis foretrekker å kutte ut tørrpraten og gå rett på sak, er eg i høgste grad villig til å la abboren få litt tid på seg før vi utveksler navn og håndtrykk. Etter at abboren har fått nokre meters forsprang, vipper eg tilbake bøyla og sveiver meg inn til kontakt med fisken og gir den eit lite mothugg - den sitter på! Snart er det lettere kaos i båten. Etter ein spanande kamp kjem fisken inn til båten, vannliljebeltet er heldigvis urørt og Audun tek den i håven.

Det er ein imponerende fisk! Kraftig kropp, vakkert mønster, ei flott ryggfinne og for ei raudfarge på brystfinnene! Skjella har ein konsistens eg ikkje har kjent på noko anna fisk, glatt og mjuk i ein retning, men i motsatt retning ru og motstrittande. Vekta viser 1280 gram, vi smiler forrnøgde, fisken får atter entre det frie abborliv og nytt agn settes på!

270820081849BTmG2D6v4Y3fT9ZXVw.JPG

Eit vakkert syn i håven!

270820082052YR1L5e6lXhf2P1Rd3g.jpg

Stolt over fyrste abborfangsten!

Etter nokre fleire runder rundt vatnet går ein ny abbor i fella, nok ein vakker fisk, denne gongen viser vekta 1010 gram. Etter denne fisken blir det stille. Lenge. Men i det dagen går mot slutten og sola takker for seg blir det ny aktivitet i vatnet. Eit tungt napp inne ved vannliljebeltet vitner om at det er middagstid i abborland. Dessverre vinn fisken denne gongen og vi må berre håpe på at vi får ein ny sjanse. Litt etter hugger ein ny fisk, slepper taket og viser seg ikkje meir. Akkurat i det vi er som mest sugne runder klokka maksimum og vi må innsjå at tida vår er oppbrukt. Det er leit å måtte sammen utstyret mens abboren under oss er på jakt etter kveldsmaten.

270820082008XNEnohyLBys3AnwdvH.jpg

Vi har komme langt ut i august og turen vi lenge har snakka om står for tur. Min vesle Honda Civic er fullasta med stenger, telt, mat og optimisme! Planen er å hale i land fisken eg har lese om at er ein ekstremt sterk og sky skapning, nemleg karpa. Vi finn oss ein passande teltplass der vi sett opp utstyret. Tre stenger agna med boilies og pva- strømper fyllt med frolic hundemat og knuste boilies blir kasta ut på plasser som ser lovende ut. Alarmene blir testa og eg blir drilla i prosedyren: "Når du hører alarmen så kom deg ut av soveposen, opp i støvlene, ut av teltet og grip stanga!" Eg skjønner fort at klær og skånsom oppvåkning med kyss på kinnet og "god morgen" berre er å gløyme.

Før vi kryp inn i soveposen prøver vi oss med dupp og mark. Duppen er utstyrt med knekklys, da mørket er like rundt hjørnet. Eg gjer eit tappert forsøk på å bli venn med marken, som i lang tid har vore ein skapning eg har frykta. Lykkes med å degge litt med eit par, før eg let Audun få æra av å træ dei på kroken.

Eg starter med eit par korte, upresise kast før eg blir varm i trøya. Det går ikkje lang tid før duppen bukker under. Djupt konsentrert gjer eg fisken mothugg og kjenner fort at fisken ikkje er med. Eg sveiver inn og konstaterer at nokon har forsynt seg av marken og at markrestane er fulle av slim. "Liten suter!" slår Audun fast med skuffelse i stemmen. Eg bestiller ny mark og kaster ut på ny, ivrig etter å få ein liten suter, min fyrste suter! Etter mange smånapp som resulterer kun i mindre og mindre mark i boksen får eg den endeleg inn på land. Audun hadde rett, ein liten suter, men likevel ein fin fisk! Når eg stryk på den er den like glatt som silkekjolen eg kjøpte av skredderen i Beijing tidlegere i år. I vente på større karper får den gå, eg takker for besøket!

270820082054YFm9paO7vARyGXXGXr.jpg

Liten, men velkommen suter!

Akkurat i det vi tar av oss støvlene i teltet og er klare for senga ringer det i ein nappalarm. Eg ser bort på Audun for å bekrefte at det verkele er napp, før vi finn att støvlene og spring ut! Med respekt for resultatet let eg Audun kroke den, men eg sveiver inn. Dette er virkeleg ein sterk fisk! Sjølv om denne fisken viser seg å vere "berre" 2,45 kilo byr den verkeleg på motstand. Den bli beundra med respekt, dette er ein type fisk eg aldri har sett før, verken når det gjeld styrke eller utsjående. Den enorme munnen med lang bart og dei vakre skjella.

Etter å ha opplevd spenninga med den fyrste fangsten, søv eg med stillongs og hodelykt resten av natta. Audun fer berre lov å sjå på og observere frå nå av. Vi fer mange turer ut av teltet iløpet av natta og eit godt stykke utover neste dag. Høgdepunktet var ein sterking på 2,6 kg, nattas største fangst. Noko av det eg vil hukse lengst er likevel nattas definitivt sterkeste fisk, ein sværing som eg ikkje klarte å styre unna liljebeltet, men som kjørrde seg bom fast! Sjølv om eg syns dei vi fekk inn til land var sterke, var denne her noko for seg sjølv. Det er vel verdas mest brukte fiskerskrøne, den om storfisken som vart mista, men likevel: denne var STOR!!

270820081826EEJvDgb9TdsrvmbbKe.jpg

Nattas fyrste fangst, vakker karpe på 2,45 kg.

270820081858FCVtSfsIPshDwCf5qL.jpg

Turens største, 2,6 kilo!

270820081820jgBdZTrOosFhkpJWeN.jpg

Herleg syn!

Bonusen kom seinare på dagen. Vi skulle prøve å ta karpa med loff flytande på overflata, da karpene var oppe i solskinnet og jakta langs overflata. Karpene var derimot sky og totalt uinnteresert i den ferske, gode loffen vi hadde å tilby. Vi bytta til mark, men det viste seg å ikkje vera det spor meir innteresant. Men den som derimot syntes at marken var eit godt bytte var den bittevelse solabboren som heldt til heilt inne ved land. Sjølv om solabboren er ein uønska fisk var den ein liten sjarmør som fanga mi oppmerksemd i lang tid. Etter ein kjapp økt hadde eg ein fin fangst på åtte små solabbor som fekk væra med på ein kjapp fotosession.

2708200818366Lp98CofBueNPnDB4I.jpg

Liten sjarmør!

270820081813GSoAeKC1XHiQ3aLTo1.jpg

Dagens mest effektive fangst!

Godt forrnøgd med nye, fine fiskeopplevelser er eg klar for å gå i gang med nye arter. Fisking viser seg til stadighet å væra både full av utfordringer, samt på eit nivå som eg med litt prøving og feiling fint kan klare. Lærerikt er det og å kunne skrive om det i etterkant, ein fin måte å få inn ny lærdom på.

So long, takk førr nå!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.