Gå til innhold
Fiskersiden

Fisketurar på Eastern Cape, Sør Afrika


otte
 Share

Recommended Posts

Hadde meg ein tur til Sør Afrika i forrige veke og fekk sett av litt tid til fiske.

Reiste ned til Port Elizabeth på Eastern Cape og vart henta på flyplassen av ein kamerat som kjørte rett til næraste "Tackle shop" :) Der vart det handla inn diverse utstyr, blant anna ei kraftig surf stang med tilhøyrande Daiwa "SLOSH" i str. 50 fylt opp med 0.50mm Sufix.

9925_139072197907_676907907_2494295_7111230_n.jpg

Det vart eit par dagar med fiske på strendene i området, fokuserte mest på forskjellige "matfisk" i ulike familiar som liknar vår havabbor med ganske enkle paternoster-tackle. Det gjekk i sardin og blekksprut som agn, men det vart heller dårleg resultat.. Kun sporadiske napp. Vi såg enkelte andre som fiska, men ingen som fekk noko. Prata med eit par av dei på fredagen som kunne fortelle at dei hadde hatt på fisk i munningen av Kariega River, men dei var så voldsomt plaga med at haien tok fisken deira... Jasså!! Joda, det var eindel hai der i 1.5-2 meters størrelse...

Hmm.. Dette måtte jo prøvast... Fram med wire-fortommane og dei største sardinene! Rigga dei på "sliders" som vart sendt nedover hovudsnøret etter å ha fått festa spilesøkket i sanden der ute.

9925_139072207907_676907907_2494297_3674359_n.jpg

I kveldinga var det noko som drog ut på stanga mi, ganske forsiktig.. Løfta stanga og gjorde klar for tilslag... Yess! Fast fisk og to djupe bukk i stanga... Så var det vekke! Sveiva opp ei skamforen sardin og prøvde med skjelvande hender å lage til eit nytt, fornuftig tackle.. Tok ikkje lang tid før det var fisk bortpå igjen, og samme prosedyre berre meir bestemt tilslag denne gong! Joda, den satt bra og den skulle ikkje få slakk! Rygga og sveiva haien rett opp, nesten litt for enkelt..

9925_142344262907_676907907_2525270_6598405_n.jpg

155 cm sand tiger shark, vekt i følge lengde/vekt-tabell for ein med normal kondisjon er 29 kg

9925_142344267907_676907907_2525271_8176953_n.jpg

Kameraten fekk ein i samme storleik litt seinare på kvelden, denne gong med ein Beastmaster Surf 425 BX-G eg hadde med. Der måtte det brukast litt meir tid.

9925_142352022907_676907907_2525318_6090517_n.jpg

Litt anna tannsett enn våre haiar...

Siste kvelden måtte vi tilbake til denne elvemunninga sjølv om det vart eit forferdeleg vær; regn, vind, mørkt og kaldt!?! Etter litt smånapping i mørket så kroka eg omsider ein hai igjen, og dette var noko anna enn småtteriet vi tulla med nokre kveldar før.. No fekk utstyret kjørt seg! Haien gjorde omtrent som den ville det første kvarteret, men til slutt fekk eg top-shot'en nokre tørn inn på snella og kunne sette skikkeleg press! Det var bekmørkt, vi hadde sjølvsagt ikkje lykt med oss, så det vart litt famling i vannkanten med lys frå mobiltelefon.. Drittkamera hadde vi også, så det vart elendige bilder av dyret, men eg slenger eit par med her

9925_142364032907_676907907_2525441_1398925_n.jpg

192 cm og omtrent 70 kg

9925_142364052907_676907907_2525443_3556045_n.jpg

mobilbilde...

Det vart ein mindre hai på kameraten min litt seinare og vi var godt fornøgd og våte til skinnet :)

Haiane vart sjølvsagt sett ut att, og kun ein av dei måtte ta med seg kroken ut.. Lite fristande å rote inne i kjeften for å få den ut, hehe. Dei vart litt sløve etter fotografering og måling på land, og kommentaren til kameraten min må nevnast: "Du må gjere slik du gjer med laksen, att og fram i vatnet, så kviknar den til.." ...og der stod eg til knes i vatnet i mørket med ein hai på 70 kg med ein relativt solid tanngard. Kjente den begynte å røre på seg og slapp den ganske raskt!

Fin tur som gjerne blir gjentatt :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:) Ja, Otte, det var nok meir kamp i den siste haien enn aurane i Mortjødna i yngre dager. :) Det er godt å sjå at du får litt farge på leggene dine, det er lenge til dei varme solstrålene her heima. Eg trur at sjølv mine herda montørnever hadde fått banesår i dei tanngardane desse skapningane har.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sikkert heftig det der, grattis med hai, regner med dere hadde en fin fisketur med innslag av adrenalin ja :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen og takk for gratulasjonar!

Ser at eg faktisk gløymde å nemne at den største haien fall for ein litt spesiell agn-combo: Sardin og ein blodig, sørafrikansk biff!! Det er heilt rett som KIS seier at desse haiane ofte blir brukt som illustrasjon, dei er også vanlege å sjå i store akvarier rundt omkring i verda. Ein skikkeleg tegneseire-hai!

Når det gjeld motstanden i desse, så var egentlig det relativt skuffande i forhold til størrelsen. Auren i Mortjødna er mykje sterkare, Even :( hadde haien vore like sprek så hadde eg vel stått der endå... og forresten Even, leggane er framleis like tynne å bleike som dei skal vere på ein Bjellandsgut! Eg nevnte jo at me hadde dårleg kamera :)

Det er som Helge nemner mange tilbod om guida turar etter hai i det sørlege Afrika, men me ville sjølvsagt finne ut av ting sjølv i typisk, norsk stil :( Kan jo ikkje vere så vanskeleg å kaste tunge søkker med monsterstang og multisnelle utan trening sant.. Lage tackle og finne fram til fisk.. Det er jo det som er kjernen i heile fiskegleda (sjølv om det heilt sikkert går ut over fangstratene). Kolleger av meg har prøvd haifiske på stranda i Namibia med guide. Der kom det ikkje på tale å få kaste sjølv eingong! Kjedelig.. Må jo få lov å lage nokre kråkereir vel :)

Ein ting som imponerte meg der nede var nivået på regulering av fritidsfisket. Alle måtte ha lisens for å fiske, det var også eigne lisensar for plukking av ulike agn osv. Dette gjaldt både turistar og innfødde. Dei har også minstemål og bag limit på ein haug med artar, samt at dei har folk frå lokal havforsking som dreg rundt og intervjuar og tar prøvar av fangst. På den måten får dei ei god oversikt over kva som vert teke ut av dei ulike bestandane i fritidsfisket. Eg jobbar jo med dette sjølv her til lands, men me har hittil hatt eit hovudfokus på det kommersielle fisket naturleg nok. Fritidsfisket her til lands, i alle sine ulike former (lokalt sportsfiske, turistfiske, fritidsfiske osv) har vi veldig lite peiling på...

Paradoksalt nok er me representert i det sørlege Afrika gjennom bistandsprogram innan havforsking, men me har nok mykje å lære sjølv også!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.