Gå til innhold
Fiskersiden

Førstereisgut til Bontelabo


orsand
 Share

Recommended Posts

Sjølv om eg berre bur ca 15 km frå Bontelabo har det tatt år for å få til den første fisketuren hit.

Avtalte med ein kompis (Roger) at tirsdags ettermiddag/kveld skulle brukast til årets første kystmeitetur.

Starta fisketuren på Salhuskaien. Tok ikkje lang tid før det nappa forsiktig hjå Roger, men tilslaget kom for raskt og fisken var vekk. Nytt run sekundar seinare. Nok ein gong vart det bom på tilslaget. Som kjent er alle gode ting tre og på tredje forsøk blei det fast fisk. Etter mykje sveiving kom denne fangst opp:

17159_442028285178_802740178_108263.jpg

Bromse type vanleg (2,2 kg).

Etter dette vart det heilt daudt forutan nokre smånapp av krabbe/småfisk. Helste på ein gammal kjenning som dukkar opp på kvar fisketur på Salhuskaien.

17159_442028315178_802740178_108263.jpg

Var visst ikkje heilt fornøgd med å bli blitza i trynet.

Etter eit par timar i Salhus sette me kursen mot Bontelabo. Her var håpet å stifta bekjentskap med pigghå og havmus. Eg mangla begge artane, mens Roger mangla havmus.

Agna opp med reke og makrell på 5/0 sirkelkrok med sjølvlysande blekksprut og lempa uti. Var ingen andre som fiska på Bontelabo den kvelden, men me hadde "selskap" av ein jevn straum av lastebilar som dumpa snø. Tida gjekk utan antyding til liv i enden av snøret. Etter eit par timar begynte me og sysla med tanken på å gi oss. I tillegg til lite fisk vart det kaldare og kaldare å stå på kaikanten. Eg bestemte meg for å gjera eit siste forsøk og hekta på ferskt agn og "lada opp" blekkspruten.

blekksprutopplading.jpg

Agnet for til botn men utan teikn til liv denne gongen heller. Mens me stod og konkluderte med at eg kom til å blanka på årets første tur gav snella frå seg nokre meter snøre. Var ikkje sein med å ta stonga, venta eit par sekund før eit roleg tilslag blei gitt. Fisken var på. Det første som slo meg var at dette måtte vera nok ei lita lange eller brosme. Kunne i alle fall ikkje vera pigghå for motstanden var alt for dårleg. Ved hjelp av lommelykta til Roger såg med ein lys buk komma til syne. Dette var i alle fall ingen lange eller bromse. Visst f..., det var jo havmus. Og den såg dryg ut. Etter litt kaving i stien fekk me musa i håven. Etter ein rask avkroking i snøen fekk me fisken opp i ein pose for veging. Stolt ikkje på den første vekta, så vekt nummer to blei henta fram. Jo vekta stemt.

17159_442028385178_802740178_108263.jpg

P1030267.jpg

Veldig fornøgd fiskar med specimen-havmus på 2,13 kg.

Spørs om det blir fleire turar til Bontelabo no...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvordan gikk det med den etter møtet med snøen?

musa er visstnok en hardfør skapning. Den tåler oppholdet på land om mulig bedre enn pigghåen.

Pigghåen tar seg noen runder i haisommer modus om den er i grenseland,men vulmaene stryker rett til bunns for å hvile seg etter strabasene.

Men så store vinger kan fiskene fort få frostskader ytterst på brystfinnene.

Bruskfiskene er en meget hardfør fiskeart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Glemte å kommentere bildene i farta.

Artig bilde når dere lader opp blekkspruten. :)

Bruker selv maglite,da led ikke har samme effekten,selvom du fikk ett grisevakkert eksemplar som jeg bare kan drømme om.

Var innom Campelen i høst å sugde til meg noen tips.

Hvis du først skal "pimpe" tacklet,så vil jeg anbefale deg en tur dit.

Her ser du hvordan oransje og grønne myke perler lyser etter oppladning.

I de fleste butikker med respekt for seg selv,så finner du glow beads,men er du ute etter noe som holder mere enn 5minutter så er Lopez sine produkter om mulig enda bedre.

De som lyser skarpest er faktisk de rosa kulene.

97634_s.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar for alle gratulasjonar og tips.

Gratulerer med diger mus :)

Hvordan gikk det med den etter møtet med snøen?

Trur det gjekk fint med musa. Svømte roleg nedover i djupet når den blei slept ut.

Var innom Campelen i høst å sugde til meg noen tips.

Hvis du først skal "pimpe" tacklet,så vil jeg anbefale deg en tur dit.

Følgde rådet ditt og tok turen innom Campelen og fekk nokre tips i dag.

Flott havmus! Den katten på Salhus har eg også helsa på :) . Et de fisken derifrå?

Ja, har ete fisk herifrå tidlegare. Veit det kjem ut kloakk frå husa i Salhus, men sidan dei fleste fiskane blir tatt på ca 50 meter eller djupare, trur eg fisken er heilt ok som matfisk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.