Gå til innhold
Fiskersiden

Isfisketur på Andestadvatnet


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

I går var endeleg dagen her. Mitt flunka nye isfiskeutstyr skulle testast. På røye! Destinasjonen var Andestadvatnet i Sykkylven. Eg plukka opp Kalland på rutebilstasjonen, og vi rakk akkurat ferga. Vi hadde ikkje gløymt noke, og vi fann vatnet, og egna parkeringsplass på fyrste forsøk. Bra start!

Kalland lista seg ut for å teste isen...

112700_s.jpg

Den var tjukk nok. Omkring ein meter.

112704_s.jpg

Nisteboksa til Kalland. Kokte strandreker, stingsild og krabbekjøt.

112701_s.jpg

Vi fann oss til rette, borra nokre hol, egna med reker og fora holet med litt krabbe, rekeskal og div. rafs, og etter få minutt får Kalland fisk! Etter eige utsagn er det så lenge sidan han har fiska at han nesten fekk infarkt, men det gjekk bra. smile.gif

Ikkje rette sorten, men fisk etter 5 minutt må vel love bra? smile.gif

112702_s.jpg

Vel... Det lovde ikkje bra.

112703_s.jpg

Etter 5 timar med fisking på alle tenkelige djupner mellom 1 og 20 meter, både nær land og "midtfjords", gjekk vi over på motsatt side av vatnet og gjorde eit siste forsøk. Vi fora ganske groteskt på nokre få kvadratmeter, og fraus/fiska i ein ekstra time utan napp.

112705_s.jpg

112706_s.jpg

Enden av visa var at røya vann denne omgongen, men sann mine ord, ein vakker dag (eller stygg), skal eg få has på den!

112707_s.jpg

Statistikken viser at eg aldri får ny ferskvassfisk på fyrste forsøket, men gjerne på andre?

Tips til evt. andre vatn i nærområde med høg røyetettheit tas imot med takk! smile.gif

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Domt at det ikkje passa seg for meg..for eg har aldri blanka på isen..heller aldri fiska på isen :|

Idag for stong,snelle og rodpod på havet..stang og snelle flaut og eg fikk fiska den opp igjen..podden for under brygga der den ligg enda..

Såg ut som en fin tur og det vart en fin rapport..eg er med neste gang :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Domt at det ikkje passa seg for meg..for eg har aldri blanka på isen..heller aldri fiska på isen :D

Idag for stong,snelle og rodpod på havet..stang og snelle flaut og eg fikk fiska den opp igjen..podden for under brygga der den ligg enda..

Såg ut som en fin tur og det vart en fin rapport..eg er med neste gang :)

Huff. Har aldri mista ei fiskestong på havet før, men eg har ein kompis som slapp på sjå videokameraet mitt på 170 meters djup, så eg kjenner til den "uggne" magekjensla. :)

Du veit ikkje om eit nærliggande vatn med kun røye som er så overbefolka at røya et kva som helst vel? :|

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei røye vatn e det dårlig med..

Trudde det var i langevågen, men ser ikke slik ut: http://www.sula.kommune.no/Filnedlasting.aspx?MId1=135&MId2=146&FilId=219&back=1

Brusdalsvatnet skal vel ha om ej ikkje teke feil..men kun fått ørret..

Snipsøyrvatnet skal vel ha røye, men det e stort og dei står vel ikkje i kø for å bite på..

Skal prøve å komme meg på møte med NJFF ålesund på tirsdag, dei veit sikkert..

Men med ditte være so bør en halde seg inne ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jutevatnet på ørskogfjellet. Lite stykke å gå fra vegen, men vannet har vertfall veldig bra med fisk. Mye smått men mye røye.

Takk for tipset og velkomen til forumet! :rolleyes:

Du veit vel ikkje om det er grusomt mykje snø på Ørskogfjellet for tida vel?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei e ikke sikker, men du må nok på med skia. En god meter må man vel regne med+ bortimot d samme med is. Men det e jo du vandt me så d burde nå ikke vær nokke problem:)

1 meter med is går sikkert bra, men verre med ski.. :rolleyes:

Eg var ein av få nordmenn født utan ski på beina, men me fiskestang i handa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.