Gå til innhold
Fiskersiden

Sjøaure, igjen!


Myklebust
 Share

Recommended Posts

Eg vakna tidleg i dag. Den gode gamle Nokiaen peip for full hals. Ein vaken og opplagt Håvard var i andre enden av røret. Han var ivrig etter å få svinge stonga litt, så eg gjekk med på å drage han med ned i fjøra ein tur.

Me kom til Sætre i 11-tida. Sola skein frå den skyfrie himmelen, medan fjorden låg spegelblank og blikkstille. Det var lite fisk å sjå langs med land. Håvard tala derimot om at han såg vakaktivitet langt ute på fjorden. Sidan morgontåka framleis låg som eit teppe over auga mine, klarte ikkje eg å bekrefte om han preika sant.

Utstyret var no klar for bruk. Eg bestemte meg for å prøve kjapp innsveiving i overflata med ein Herring Jig. Håvard bestemte seg for å prøve ein blå Morild. Me byrja å dryle bly. Det gjekk ikkje lenge før Håvard ville ha meg til å tru at han hadde fast fisk. Han snakka faktisk sant. Stonga bøygde seg godt idet han sveiva mot land. Plutseleg flata stonga seg ut att. Fisken hadde kome seg av.

Eg heldt fram med mitt, men eg merka ikkje noko form for resistans på den andre sida. Håvard derimot, jau, det gjekk ikkje lenge før han hadde fisk igjen. Denne skulle visst vere stor. Ein stor og blenkande fisk velta seg i overflata. Det var ikkje noko problem å sjå at det var av rette sorten. Fisken gjorde nok eit hopp før Håvard senka stonga og let fisken få gå litt utover. Eller den gjekk ikkje, eg vil heller seie at den ruste ut.

Etter eit par minutt, byrja fisken å bli trøytt av å kjempe mot hovdebygdingen. Håvard sveiva fisken raskt mot land. Eg stod klar med håven, men akkurat då eg skulle til å håve den, byrja den å ruse ut igjen. Dette var berre ein kort tripp. Etter 20 meter gav fisken seg og Håvard kunne sveive den inn mot land att. Eg håva den og plutseleg låg det ei stor og pen sjøaure på land. Eg gratulerte Håvard og skunda for å kome i gong med fiskinga igjen.

Eg kunne ikkje vere verre på det enn Håvard, tenkte eg. Han hadde allereie fått ei stor sjøaure og mista ei litt mindre, medan eg min stakar ikkje hadde vore i kontakt med botnen eingong. Kanskje var det eit slukbytte som måtte til? Slukboksa blei gjennomgått og ein Salamander sølv 16g blei hekta på svivelen.

Endeleg eit napp! Fisken tok heilt oppe i overflata, men svinna hen like fort som den kom. *****! Det blei ei stille periode etter fisken til Håvard. Me fann ut at me skulle ta oss ei pause og sjå etter eventuelt liv i vatnet. Eg klarte ikkje å vente lenge, eg måtte byrje med fisket igjen.

Etterkvart kom det meir fisk inn til land. Mykje fisk vaka 50-60 meter frå land, men ingen av dei var særleg interesserte i sølvet eg hadde å tilby. Me var i grunnen bestemte for å gi oss på fiskinga, men eg måtte ha eit kast til. Ein siste sjanse til å klare å rette opp stoltheita mi. Eg såg meg ut eit vak og sende sluken av garde. Tre sekund etter sluken hadde brote overflata, beit fisken. Den tok svakt, så eg rekna med at det var av den mindre typen. Det gjekk ikkje lenge før dette blei avkrefta.

Med eitt byrja fisken å gå. Den gjekk, og, og gjekk, og gjekk. Dette er monsterfisk, tenkte eg. Etter nærare 5 minutt med adrenalinpumpa på fullt, kunne eg endeleg puste letta ut. Håvard var håvar og fekk fisken trygt på land. Eg tok livet av fisken og kom meg heim. For ein slutt på turen, for ein start på året!

Då eg kom heim viste det seg at fisken min var på 61cm og 2370g. Ny pers, igjen! Håvard sin var «berre» på 1,3 kg og 51cm. Ny pers for honom òg. Fantastisk tur. Blir ny tur i morgon. Skal leggje inn bilete når eg har fått lada opp kameraet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aiai, nydelig. Bra fisker det er snakk om her.

Legg også merke til hvor godt nynorsk er egnet til å beskrive fiskeopplevelser - dersom man behersker det, riktignok. Dette var en ren nytelse å lese, men..."honom"?

Husker en annen kar som skrev en del for blader på nynorsk. Svein Sæther(?). Er han opperativ enda?

Dersom ikke, bør AOF hanke ham inn og sørge for å få inn noen velskrevne artikler. Evt. har tydligvis trådstarter her noe å tilføre norsk sportsfiskelitteratur - både faglig og språklig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Husker en annen kar som skrev en del for blader på nynorsk. Svein Sæther(?). Er han opperativ enda?

Tipper du sikter til denne personen:

http://www.bokklubben.no/SamboWeb/sok.do?r...er&innsnevre=ja

Og som du ser, ganske så operativ, ja.

Og ja, nynorsk er et veldig lyrisk språk spesielt når skribenten har et godt ordforråd.

Endret av geirm
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Evt. har tydligvis trådstarter her noe å tilføre norsk sportsfiskelitteratur - både faglig og språklig.

Trur ikkje eg har så mykje å tilføre norsk sportsfiskelitteratur, korkje skriftleg eller fagleg. :lol:

Det er forresten 1. april i dag, for dei som ikkje skjøna det. :):o:P:P

Hyggeleg at dykk synast godt om språket mitt, iallfall. Takk for meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er en annen fordel med nynorsk, man kan si hva man vil og ingen tviler et sekund på at det er sannheten som trår fram.

Selv har jeg slått inn brannalarmer og ropt til nesten alle gamle damer at de mistet noe på bakken - i det hele tatt storkost meg. Høydepunktet var da jeg så min noe oppstressa nabo med ALLTID dårlig tid løpe inn i butikken. Da løp jeg hjem, fant fram et langt tau og bandt fast tauet i bilen hans og festet det til et tre. Han hoppet i bilen og gav som vanlig full gass. Jeg hadde lagt inn godt med tau, så det ble litt av en bråstopp, skal jeg si dere.

GOD 1.APRIL!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Selv har jeg slått inn brannalarmer og ropt til nesten alle gamle damer at de mistet noe på bakken - i det hele tatt storkost meg. Høydepunktet var da jeg så min noe oppstressa nabo med ALLTID dårlig tid løpe inn i butikken. Da løp jeg hjem, fant fram et langt tau og bandt fast tauet i bilen hans og festet det til et tre. Han hoppet i bilen og gav som vanlig full gass. Jeg hadde lagt inn godt med tau, så det ble litt av en bråstopp, skal jeg si dere.

Jeg er glad du ikke er naboen min....... <_<:D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.