Gå til innhold
Fiskersiden

Skatefangst Rogaland


Karl Inge S
 Share

Recommended Posts

  • 1 month later...
  • Svar 82
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Tja, den er i alle fall framleis på frysen her på Vitenskapsmuseet. Den skal i formalin ein dag me får tid, og vevsprøven er klargjort for ein tur i sekvenseringsmaskina (ei maskin som les av rekkefølgen på DNA-et). Eg skal seie frå når eg veit meir. Ein biletserie frå formalinprosessen skal det vel også bli tid til.

Danielsen: Finn du ut det eg lurte på? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Glimrande! Takk skal du ha ;) .

:) Kva tid vert det teke DNA-prøve, dette vert spanande å få svar på? Kanskje me må få CSI til å utføra testen, dei finn alt og løyser alle mysterier på 40 minutt, med reklamepause. :)

Endret av Even A
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 year later...

Javisst! I tillegg til å bidra med glimrande data til masteroppgåva mi (in prep.), er den med i denne publiserte artikkelen:

Griffiths, A. M., Sims, D. W., Cotterell, S., Nagar, A. E., Ellis, J. R., Lynghammar, A., McHugh, M., Neat, F. C., Pade, N., Pereira, B. S., Rapp, T., Wearmouth, V. J. & Genner, M. J. (2010). Molecular markers reveal spatially segregated cryptic species in a critically endangered fish, the common skate (Dipturus batis). Proceedings of the Royal Society B 277: 1497 – 1503

Kort fortalt frå denne artikkelen er det slik at det me trudde var ein art (storskate) i realiteten er to til dels svært ulike artar. Den "nordlige" og "sørlige" varianten blir henholdsvis opp til ca 16 og >100 kg. Individet som blei tatt i trål utanfor Karmøy tilhøyrte den "nordlige" varianten. Storskate er jo i utgangspunktet klassifisert som "kritisk truga" i raudlister, og det blir jo ikkje betre av at det i tillegg er to forskjellige artar.

Dei nye namna er ikkje klare enno, men mykje tydar på at Dipturus batis vert bytta ut med hhv Dipturus intermedia ("nordleg) og Dipturus flossada (sørlig).

Artikkelen under fortel meir om oppsplittinga av storskate, i tillegg til å dokumentere at til dels store mengder svartskate vert landa i Frankrike! Svartskatene vert sjølvsagt landa som "storskate" eller "spisskate". Dermed er nedgangen av storskate-artane enda større fordi svartskatefangstane har maskert nedgangen. Vel verd å bruke litt tid på denne artikkelen! Det er vel få som har tilgang til den, men eg kan sende på epost dersom det er ønskelig (send PM). Artikkelen inneheld bilete og er lesarvennlig :) .

Iglésias, S. P., Toulhoat, L. & Sellos, D. Y. (2010). Taxonomic confusion and market mislabelling of threatened skates: important consequences for their conservation status. Aquatic conservation: Marine and Freshwater Ecosystems 20(3): 319-333.

Ein annan festlig ting er at dette individet er det eineste godt dokumenterte funnet i Noreg etter krigen. Mon tru om begge artane fins i Noreg?

Såvidt eg veit er storskata framleis i frysen på Vitenskapsmuseet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share


×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.